Utveksling av kunnskap mellom sjukepleiarar og legar i Norge og India har bidrege til betre ernæring, betre hygiene og meir foreldreinvolvering ved to intensivavdelingar for nyfødde i New Delhi.

Dette førte til at dødelegheita for nyfødde ved dei to avdelingane gjekk ned med nesten 50 prosent i løpet av tre år.
India er eitt av landa i verda der flest nyfødde har låg fødselsvekt. Det skuldast at mange born vert fødde for tidleg, gjerne i kombinasjon med at mødrene ikkje får i seg nok og rett næring medan dei er gravide.

– Vi er eit mellominntektsland. Talet på babyar som treng behandling og omsorg er større hjå oss enn i mange andre land. Samtidig har vi for dårleg infrastruktur, utstyr og personell.

Det fortel prosjektleiar og avdelingsleiar på nyfødd-intensiven ved Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran’s Hospital, Sushma Nangia.

Mellom ein fjerdedel og halvparten av dødsfalla blant nyfødde skjer første leveveka. For sjuke spedbarn kan god hygiene, morsmjølk og hud-til-hud-kontakt med mor og far vere skilnaden mellom liv og død.

Dr Sushma Nangia

Langt samarbeid

Sidan 2012 har Avdeling for global helse ved Oslo Universitetssykehus (OUS) hatt samarbeidsprosjekt med offentlege sjukehus i India. Utvekslinga er finansiert av Norec (Norsk senter for utvekslingssamarbeid).

Hovudmålsetjinga for prosjektet er å betre behandlinga for sjuke og prematurt nyfødde i New Delhi, samt gi norsk helsepersonell erfaring i diagnosar og behandling på område som går ut over dei utfordringane dei møter i Norge. I tillegg er eit klart mål for prosjektet å auke den multikulturelle forståinga innan behandling av nyfødde.

Sjukepleiarar frå Ullevål er på utveksling ved eit indisk sjukehus i 12 månadar, medan sjukepleiarar frå India er på utveksling i Norge i eit halvt år.

Har endra måten ein jobbar på

Shalini Rawat er sjukepleiar ved Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran’s Hospital, og var på utveksling ved Oslo universitetssykehus Ullevål frå oktober 2019 til mars 2020. Ho fortel at utvekslinga har ført til store endringar ved arbeidsplassen hennar i Delhi.

– Før utvekslinga gjorde vi ting annleis. Gjennom utvekslinga har vi lært så mykje nytt. Vi har endra mykje på måten vi gjer ting på, seier Rawat.

Saman med sjukepleiarkollegaene er det spesielt ein ting dei har teke med seg frå opphaldet i Norge.

– Haldninga vår er endra! Norske sjukepleiarar går alltid «all in» når dei gjer noko, uansett kor stor eller lita oppgåva er. Dei er svært dedikerte. Det har vi teke med oss, og no gjer vi alle oppgåver med same dedikasjon, seier Rawat.

Fordelane ved morsmjølk er store

I 2017 vart det etablert mjølkebank og ammesenter ved Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran’s Hospital i New Delhi, noko som har medverka til å redusere dødelegheit blant spedbarn.

Ein mjølkebank er eit tilbod til mødrer som av ulike grunnar ikkje har nok mjølk sjølve til å gi barnet den beste starten på livet. Verdas helseorganisasjon (WHO) tilrår morsmjølk frå barnet er fødd og fram til det er seks månadar.

Samarbeidsprosjektet har ført til at talet på born som får morsmjølk eller utpumpa mjølk har auka frå 50 prosent til nær 100 prosent ved sjukehusavdelingane i India som har vore involverte i prosjektet.

– Bruken av morsmjølk på nyføddavdelingane i Delhi har meir enn dobla seg, samanlikna med før mjølkebanken vart etablert, fortel Ingvild Andresen, som er fagsjukepleiar ved avdelinga for global helse ved OUS.

På same tid har bruken av morsmjølkerstatning i Delhi vorte halvert to gonger.

– Dette er fordi mødrene får rettleiing i korleis dei skal etablere amming, samt at det vert gitt donormjølk i staden for morsmjølkerstatning til dei minste borna før mødrene har etablert eigen mjølkeproduksjon, seier Andresen.

I tillegg har sjukepleiarane vorte meir fokuserte på å fremje amming på avdelingane for nyfødde.

 

Før utvekslinga gjorde vi ting annleis. Gjennom utvekslinga har vi lært så mykje nytt. Vi har endra mykje på måten vi gjer ting på.

Shalini Rawat Sjukepleiar ved Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran’s Hospital
Shalini Rawat

Kontinuerleg arbeid

Prosjektkoordinator og lege Sushma Nangia peikar på at dei gode resultata som prosjektet kan syne til, kjem av ein kombinasjon av mange små faktorar.

– Ein kan ikkje peike på berre ein faktor som har ført til at barnedødelegheita har gått ned. Utvekslinga har gjort sjukepleiarane meir dedikerte. I kombinasjon med mjølkebank, kangaroo mother care og endra rutinar mellom anna når det gjeld hygiene, så har det gitt resultat som er flotte for våre nyfødde. Men det er ei totalpakke som er jobba fram over tid, og jobben er ikkje ferdig. Vi må halde fram, seier Nangia.

Indiske sjukepleiarar vart meir dedikerte

Norske sjukepleiarar fekk friska opp det kliniske blikket

– Ein kan fort tenkje at vi som kjem frå Norge ikkje har noko å lære frå helsearbeid i India. Men det er feil, seier Ingvild Andresen.

I dag jobbar ho som fagutviklingssjukepleiar ved global avdeling ved Oslo Universitetssykehus Ullevål, men ho har tidlegare vore på utveksling som sjukepleiar i New Delhi.

Ho fortel om eit år fullt av inntrykk og læring.

– I Norge er vi omgitt av masse utstyr som vi er vane til å bruke for å sjå korleis pasienten har det. I India fekk eg friska opp det «kliniske blikket» mitt. Det å observere eit barn, utan tilgang til utstyret vi har i Norge, gjorde meg meir medviten på jobben min, seier Andresen.

Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran’s Hospital

Fekk fleire aha-opplevingar

Ho var på utveksling ved Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran’s Hospital i New Delhi som tilsett ved Oslo Universitetssykehus Ullevål i samarbeidsprosjektet som vert finansiert av Norec.

Sjølv om dei norske deltakarane var godt kjende med ein mjølkebank og korleis denne fungerer, fekk dei seg nokre aha-opplevingar då dei bidrog med å etablere mjølkebank og ammesenter ved samarbeidssjukehuset i New Delhi.

– Vi ville nytte plastflasker til å mate borna med, slik vi er vane til i Noreg. Men då fekk vi sterk motbør, fortel Andresen.

Ved sjukehuset dei var på var det nemleg ikkje lov å nytte plastflasker, rett og slett fordi ein ikkje klarar å reingjere flaskene godt nok.

– Vi lærte at vi må bruke små stålflasker. Eit tydeleg eksempel på at vi bidreg med vår kunnskap, og dei med sin. Og så brukar vi det vi kan til å få eit godt resultat, saman, seier Andresen.

Fleire av dei norske sjukepleiarane som var på utveksling, fekk også auka kompetansen sin til både å skrive prosedyrar og manualar.

– Det er kunnskap som vi har teke med oss heim att, og som vi har nytte av. Gjennom utvekslinga har vi lært vår eigen kultur betre å kjenne. Vi kom til India og tenkte vi skulle endre noko, men i staden var det vi som vart endra. Slikt er sunt, seier Andresen.

Det er kunnskap som vi har teke med oss heim att, og som vi har nytte av. Gjennom utvekslinga har vi lært vår eigen kultur betre å kjenne. Vi kom til India og tenkte vi skulle endre noko, men i staden var det vi som vart endra. Slikt er sunt.

Ingvild Andresen

La om samarbeidet då covid råka

Då covid-pandemien råka verda, fekk dette også konsekvensar for utvekslingsprosjekta mellom sjukehusa i India og Oslo universitetssykehus Ullevål. Avdeling for global helse brukte våren 2020 på å endre prosjektbeskrivelsar og leggje om arbeidsforma.

– Vi har etablert eit digitalt samarbeidsprosjekt for å halde oppe resultata etter tre år med samarbeid, fortel Kristin Schjølberg.

Ein gong i månaden møtest fokusgruppene til både digital undervisning og seminar. På denne måten har dei klart å få den gjensidige kompetanseutviklinga til å halde fram, trass i at det ikkje har latt seg gjere å møtast fysisk. I tillegg synte gruppene seg å vere viktig også på eit menneskeleg plan då India stod midt i covid-pandemien.

– For sjukepleiarane i Delhi vart dette ein plass der dei kunne debriefe, dei kunne snakke om dei krevjande opplevingane dei bar på. I den perioden fungerte nok fokusgruppene vel så mykje som støttegrupper og ein trygg plass der sjukepleiarane kunne debriefe det dei stod midt oppe i, seier Schjølberg.