DataDrivenFinance har gitt over 10 000 fattige menneske i Kenya helse- og livsforsikring for ein dollar i året. No ser dei på nye marknadar.

– Fattige menneske har endå større behov for å forsikre seg enn dei som er rike. Det er kort veg til avgrunnen når ein alt er langt nede, seier Jan Martin Hunderi.

Han er grunnleggjar av morselskapet DataDrivenFinance Norge og dotterselskapet DataDrivenFinance Kenya, og dagleg leiar i begge selskap.

DataDrivenFinance satsa for nokre år sidan i Kenya for å finne ein måte å tilby forsikring til dei som vanlegvis ikkje ville ha råd til slikt, det som kallast mikroforsikring.

Kort veg til ruin

Er du fattig, skal det lite til før du mistar det vesle du har klart å byggje opp. Dersom ein vert ramma av sjukdom er vegen kort til at ein må selje det ein eig for å overleve, og det kan bety økonomisk ruin for ein heil familie.

DataDrivenFinance valde Kenya som pilotland fordi over 90 prosent av den vaksne befolkninga der har ein mobiltelefon. 60 prosent av kenyanarar brukar mobile cash, eit system som gjer det mogleg å ta imot pengar og betale med mobiltelefon. Samtidig har berre tre prosent av befolkninga forsikring.

– Utfordringa var å lage eit system som var lønsamt, fortel Hunderi.

Når eit forsikringskrav kjem inn, må selskapet undersøke om kunden har krav på utbetaling, eller ikkje. Å hente inn denne type informasjon kan vere ein dyr prosess. Utfordringa til DataDrivenFinance vart å lage eit system der kostnadane i undersøkingsfasen mellom skadekrav og utbetaling vart reduserte.

– Fattige menneske i Kenya overlever ikkje som einskildindivid, men som del av grupper der personane kjenner kvarandre godt. Dei veit om kven som har vore på sjukehus, eller på legebesøk, fortel Hunderi.

Med dette som bakteppe, laga DataDrivenFinance eit system der ein kan få livsforsikring for ein amerikansk dollar i året.

Dersom ein kunde vert ramma av sjukdom (og høge utgifter til behandling), melder han inn krav til forsikringsselskapet via mobiltelefonen. Når DataDrivenFinance får meldinga, vil systemet automatisk plukke ut fem personar som er registrert i kundens nære sosiale nettverk. Desse vert så bedne om å stadfeste at kravet frå kunden stemmer. Alt vert gjort på mobiltelefon.

Kom over Norec tilfeldig

I prosessen med pilotprosjektet, vart Hunderi og kollegaene tilfeldig merksame på utvekslingsmoglegheita gjennom Norec.

– Vi skjønte raskt verdien av ei slik utveksling, og starta prosessen. Vi såg på korleis vi kunne rekruttere ressurspersonell til DataDrivenFinance gjennom Norec-programmet. Norec er den viktigaste partnaren i utvekslingsarbeidet vårt, seier Hunderi.

Med midlar frå Norec kunne DataDrivenFinance Norge og DataDrivenFinance Kenya utveksle unge og kunnskapsrike personar for å vidareutvikle begge selskap.

– Vi såg på korleis vi kunne rekruttere folk med spesielle kunnskapar. Norec-modellen har tillate oss å rekruttere utdanna personell mykje raskare enn vi elles kunne gjort det, seier Hunderi.

Selskapet oppdaga også at mange unge og utdanna, gode kandidatar ønskte å dra på utveksling.

– Det gjorde at vi klarte å tiltrekkje seg fantastiske talent. Norec er ein nøkkel til utviklinga DataDrivenFinance har hatt. Å ha tilgang til verkeleg dyktige og utdanna kandidatar har ført til at vi har kunne utvikla teknologien vår mykje raskare, fortel Hunderi.

Per i dag ønskjer DataDrivenFinance å halde fram med utveksling mellom selskapa, samt utvide utvekslinga.

– No har vi utveksling mellom nord og sør, og sør og nord. Men vi ønskjer å utvide med fleire land i sør, og vil be Norec om å få i gang ei utveksling i sør, seier Hunderi.

Eit kontinent med moglegheiter

Hunderi peikar på at det er eit stort potensial for norske bedrifter i Kenya.

– Kenya ser etter utanlandske investorar og selskap som er villige til å satse. For vår del handla det om sette oss inn i marknaden og sjå etter faktorar som passa vår misjon og moglegheita vår for å lukkast. Det fann vi, seier Hunderi.

Han legg til at det er både spennande, men utfordrande å drive selskap i Afrika.

– Det er klart at det er utfordringar knytt til å drive forretning i ein framand kultur. Vi må lære målgruppa opp i forsikring som konsept, og vi må lære om tillit mellom kundane og oss. I tillegg er det ulik arbeidskultur i Norge og Kenya, og ulike måtar å kommunisere på. Men vi lærer, seier Hunderi.

Opnar opp for ein heilt ny forsikringsmarknad

Mary uroar seg ikkje lenger for framtida

For Mary Endoshi Ruvisi var livsforsikring noko ho aldri hadde trudd ho kunne få råd til. Heilt til ho fekk høyre om DataDrivenFinance.

– Å kunne få helse- og livsforsikring for ein dollar i året har endra mykje for meg, seier Mary Endoshi Ruvisi, som bur i fattige kår i Kibra i Nairobi i Kenya.

Som mor er frykta alltid der for kva som vil skje med borna hennar dersom ho skulle bli sjuk. Å til dømes bli lagt inn på sjukehus er for mange fattige menneske ein økonomisk ruin. Alternativt har dei ikkje råd til helsehjelp i det heile.

For Ruvisi har ei bør vorte teken av skuldrene hennar etter at ho fekk råd til å kjøpe forsikring.

– Eg treng ikkje lenger gå rundt og vere redd for kva som vil skje med borna mine dersom eg vert sjuk. Eg veit at skulle noko skje meg, vil forsikringa hjelpe meg med å betale både for behandlinga eg treng, og for at barna mine skal ha noko å leve av, seier Ruvisi.

Ho er dermed ei av 10 000 fattige menneske i Kenya som har fått råd til helse- og livsforsikring gjennom mikroforsikring hos DataDrivenFinance. Det norskeigde selskapet har gjennom dotterselskapet DataDrivenFinance Kenya jobba målretta i Kenya for å finne ei forsikringsordning som kunne fungere.

DataDrivenFinance

Minskar risiko

Grace Wambui er prosjektleiar i DataDrivenFinance Kenya, og understrekar kor viktig mikroforsikring er i heimlandet hennar.

– Det er viktig for Kenya, og det er viktig for DataDrivenFinance fordi mange menneske her ikkje har forsikring. Det gjer at dei ikkje kan minske risikoen eller ta grep dersom hushaldninga vert utsett for ei krise. Vi har ein misjon om å nå den fattige delen av befolkninga som ikkje har råd til tradisjonell forsikring, seier Wambui.

Ho kan ikkje få understreka nok kor viktig utvekslinga gjennom Norec har vore for utviklinga av selskapet i Kenya.

– Då vi var ferdige med pilotfasen, trengde vi ressursar for å utvikle plattforma vår. Gjennom deltakarane som er utveksla gjennom Norec har vi verkeleg fått hjelp til å byggje oss opp og utvikle oss til der vi er i dag, seier Wambui.

Ho peikar på at DataDrivenFinance som organisasjon har fått mykje kunnskap gjennom å kunne utveksle tilsette mellom morselskapet i Norge og dotterselskapet i Kenya.

– Vi har lært utruleg mykje om kulturelle forskjellar og fagkunnskapar. Eg håpar mange fleire får erfare det same, seier Wambui.

Skulle ho ønskje seg noko annleis, ville det vere at utvekslinga gjekk over endå lengre tid enn dei 10 månadane dei har i dag.

– Vi ser at det å utveksle fagkunnskapar, tankar og erfaringar om både kultur og arbeid, tek tid. Eitt år er kanskje i kortaste laget fordi deltakarane vert utsette for store inntrykk. For at dei skal få lære endå betre og ta inn over seg alt dei opplever, treng dei lengre tid, seier Wambui.