Hopp til hovudinnhald

Oversikt: Tilskot til arbeidsutveksling frå Norec

Vi har no opna for nye søkarar

Søknadsfrist: 1. september 2025 (for prosjekt med oppstart i august 2026).

Norec gir tilskot til arbeidsutveksling mellom samarbeidspartnarar i Norge, og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Målet er å fremje berekraftig utvikling gjennom arbeidsutveksling, og ordninga gir unge fagpersonar høve til å få internasjonal erfaring.

Før du søkjer må du setje deg inn i den nyaste utlysinga (sjå lenke under).

Sjå opptak av informasjonsmøte om korleis du kan søke på tilskotet (OBS! På engelsk)

 

Søknadsprosessen består av to samankopla faser:

Fase 1: Utvikling av prosjektidé

  • Søkarane må søke ilag i eit partnarskap.
  • Søkarane må sende ei kort skildring av prosjektidéen sin til Norec.
  • Dersom den blir godkjent, får partnarskapet finansiering til å møtast fysisk og vidareutvikle idéen.
  • Norec gir rettleiing og opplæring i korleis ein kan jobbe godt med ein internasjonal partnar og planleggje eit vellykka utvekslingsprosjekt

Fase 2: Gjennomføring av prosjektet

  • Når fase 1 er gjennomført kan partnarskapet søke om arbeidsutveksling.
  • Dersom søknaden blir godkjent vil partnarane få finansiering til å gjennomføre eit utvekslingsprosjekt.
  • Norec gir rettleiing og opplæring i korleis ein kan jobbe godt med ein internasjonal partnar og gjennomføre eit vellykka utvekslingsprosjekt.

Sjekk om du kvalifiserer for dette tilskotet

Dei absolutte krava frå Norec må vere oppfylte for å kunne få støtte til arbeidsutveksling.

Ta testen her

Tidslinje 2025 – 2026

  • 1. september 2025: Søknadsfrist fase 1
  • Februar 2026*: Søknadsfrist fase 2
  • April 2026*: Søknad om fase 2 vil anten bli godkjent eller avslått
  • August 2026*: Oppstart av utveksling (ved godkjenning)

Timeline 2026 – 2027

  • February/March 2026: Apply for Phase 1
  • August 2026: Apply for Phase 2
  • October 2026: Approval or refusal of project application
  • Januar 2027: If approved, start work exchange

*Vi kjem med fleire detaljar og oppdatert informasjon om søknadsfristar når det nærmar seg.