Knapt ein stol var ledig då Norec og gode partnarar inviterte til frukostmøte om mangfald som styrke. No inviterer dei til nytt seminar.

Frukostmøtet var eit oppspark til halvdagsseminaret «Korleis handtere kulturelle forskjellar på arbeidsplassen» 26. april. Der kan du lære meir om tematikken frå frukostmøtet. Følg linken for meir informasjon og påmelding. 

– Mangfald betyr mykje for heile samfunnet. Vi må utnytte kapasiteten og ressursane som finst i enkeltmenneske. Vi tenker for mykje i gamle tradisjonar, og det er så lett å sette seg fast i mønster, seier varaordførar i Sunnfjord kommune, Anne Lilleaasen.

Ho var ein av dei rundt 60 deltakarane då Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec), United World College (UWC), IT-forum Vest og Framtidsfylket inviterte til frukostmøte og seminar om temaet «Korleis bruke mangfald som styrke».

– Det var veldig lærerikt å høyre om korleis det ulike som snakka, jobba aktivt med rekruttering for å sikre mangfald. Vi treng ressursar som kan meir om korleis ein rekrutterer mangfaldig. Der har vi jo både Norec og UWC å dra vekslar på, seier Lilleaasen.

NYTTIG: Kommunaldirektør for skule i Sunnfjord, Åge Stafsnes, tok med seg mykje matnyttig frå frukostmøtet.
GODT OPPMØTE: Rundt 60 personar frå forskjellige bedrifter i og rundt Førde hadde funn vegen til frukostmøtet som var i regi av Norec, UWC, IT Forum Vest og Framtidsfylket.
FRUKOSTMØTE: F.v. seksjonsleiar for kunnskap og læring i Norec, Øystein Garfors og Hjørdis Vik frå Innovasjon Norge.

Tek med ny kunnskap tilbake til arbeidsplassen

– For min del var det mest nyttige å høyre om fokuset ein må ha for å skape mangfald, og styrken det gir. Ein er nøydd til å ha ulike perspektiv for å skape noko i lag. Det tek eg med meg tilbake i jobben min, seier Åge Stafsnes, kommunalsjef for skule i Sunnfjord kommune.

Han meiner dei har ein jobb å gjere når det gjeld mangfald hos tilsette i kommunen.

– Sunnfjord kommune er ein stor organisasjon med 2000 tilsette innan mange ulike tenester. I sektoren min, skule og barnehage, møter vi eit stort mangfald hos elevane, men ikkje fullt så mykje hos tilsette. Det må vi jobbe med å få til, seier Stafsnes.

Ville syne ei breidde

Gjennom eit variert program med breitt spekter fekk tilhøyrarane bli med inn i forskjellige perspektiv på mangfald.

United World College i Fjaler er ein internatskule som ligg i Flekke med 200 elevar frå over 90 ulike nasjonar, og 67 tilsette frå 25 nasjonar.

– Vi jobbar mykje med å avklare forventningar og snakke om misforståingar. Det er viktig å skape arenaer og møteplassar der ein har rom for å ta opp det som er utfordringar og krevjande, seier Leonora Laukeland Kleiven

Daniel Toa-Kwapong har vore lærar ved UWC i 27 år, og delte av si erfaring om kor flotte idear og prosjekt som kan oppstå dersom ein samarbeider på tvers og brukar mangfald som ein styrke.

Spennande seminar i vente

Frukostseminaret var det første i ei rekke av tre arrangement, i regi av Norec og UWC, som har mangfald i arbeidslivet som tema.

– 26. april inviterer vi til seminar om interkulturell kommunikasjon med ein av Noregs fremste føredragshaldarar, Pellegrino Riccardi. Han er ekspert på relasjon, samhandling og kommunikasjon, og skal komme med konkrete tips til korleis du kan jobbe med mangfald, seier Garfors.

Her kan du melde deg på seminaret. 

1.juni arrangerer Norec og UWC seminar om mangfald som ressurs. Loveleen Brenna, ei av Noregs fremste ekspertar på mangfaldsleiing, kjem til å gi gode råd om korleis du som leiar kan jobbe målretta for å lukkast med å bruke mangfald som ressurs i eiga verksemd.

Må ha ein medviten tanke

Seksjonsleiar i Norec, Øystein Garfors, gav eit riss på korleis Norec jobbar med mangfald når dei kursar deltakarar og partnarar.

Programdirektør i Norec, Margunn Indrebø Alshaikh peika på at å rekruttere inn mangfald i ein organisasjon handlar om å ha ein medviten tanke bak det du gjer, både før, under og etter tilsettinga.

– Vi må tenke kritisk om oss sjølve på alle nivå, frå stillingsannonsen, intervjua, intervjuspørsmåla og kva krav vi stiller, seier avdelingsdirektør i Norec, Margunn Indrebø Alshaikh.

Ho er oppteken av at når tilsettinga er gjort, så er det framleis ein viktig jobb som skal gjerast.

– Måten ein tek i mot og inkluderer nye tilsette på, er viktig. Ein kan i mange tilfelle ikkje vente at folk er operative frå første dag. For mange er det mykje anna som skal på plass, spesielt utanfor arbeidsplassen. I tillegg skal ein sette seg inn i kulturen som er på kontoret, seier Alshaikh.

Som ny er det mange uskrivne reglar ein må lære seg, og slikt tek tid.

– Då er det viktig å ha nokon som losar ein gjennom det, og let personen få tid til å bli kjend med systemet. Det krev takhøgde og at ein er raus, seier Alshaikh.

SNAKKA OM MANGFALD: F.v. Daniel Toa-Kwapong frå UWC, Hilde G. Corneliussen frå Vestlandsforsking, Elisabet Kjerstad Bøe frå Tibber, Leonora Laukeland Kleiven frå UWC, Margun Indrebø Alshaikh frå Norec, Øystein Garfors frå Norec og Tone-Merete Lillesvanstu frå Norec.
OM UWC OG MANGFALD: Daniel Toa-Kwapong har vore lærar ved UWC i Flekke i 27 år. Programdirektør Margunn Indrebø Alshaikh i Norec var sjølv UWC-elev som 17-åring i Wales, og kan lett relatere til erfaringane til Toa-Kwapong.
ETTERLYSING: Anne Mette Hjelle i IT Forum Vest etterlyser fleire kvinnelege rollemodellar i teknologibransjen.
ANSVAR: - Alle har eit ansvar for å få fleire jenter og kvinner inn i teknologibransjen. Det er også eit viktig mangfald, seier seniorforskar og forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Hilde G. Corneliussen.
POSITIVT: I Tibber har dei vore medvitne på at dei ønskjer eit mangfald av alle slag blant dei tilsette. Her country manager i Tibber, Elisabet Kjerstad Bøe.
MØTELEIAR: Seniorrådgivar for kommunikasjon i Norec, Tone-Merete Lillesvangstu.

Kor er jentene?

Under seminaret vart det også sett søkelys på den store mangelen på kjønnsmangfald i IT- og teknologisektoren. Anne Mette Hjelle frå IT Forum Vest fortalde kor viktig det er med kvinnelege rollemodellar i IT-bransjen, og lena seg på forsking frå seniorforskar ved Vestlandsforsking, Hilde G. Corneliussen.

– IT-bransjen har lite mangfald, og Noreg er dårlege på å få kvinner inn i teknologibransjen. Mange trur jenter ikkje er interessert i teknologi, men dette veit vi er feil, seier Corneliussen.

Ho peikar på at alle toar sine hender, om det er i barneskulen, ungdomsskulen, vidaregåande eller høgare opp i utdanningssystemet, og seier at «vi kan ikkje gjere noko».

– Men det er feil. Alle kan gjere noko. Syn fram dei kvinnelege rollemodellane og ver medvitne på det. Når bedrifta vert invitert til å snakke, så ver medviten på kven som snakkar, seier Corneliussen.

Tibber har satsa på mangfald frå første dag

Det heildigitale straumselskapet Tibber har vakse med rekordfart sidan starten i 2016, og tel i dag 380 tilsette frå 44 nasjonar og med kontor i fem land. For Tibber har det vore heilt naturleg å satse på mangfald frå første dag, fortalde country manager i Tibber, Elisabet Kjerstad Bøe.

– Vi er opptekne av at mangfald er mykje forskjellig, og jobbar heilt medvite med det når vi tilset folk. Vi jobbar mykje med jobbannonsar og ser på språk og korleis vi ordlegg oss for å tiltrekke oss eit mangfald, seier Bøe.

I tillegg gjennomgår alle som er ansvarlege for rekruttering i Tibber ei eiga trening som lærer dei å unngå einskilde fallgruver.

– Det er viktig at den som skal tilsette ikkje går inn i ei rolle der ein helst tilset nokon som liknar seg sjølv, seier Bøe.