Norec skapar leiarar
28. november 2024– Om Afrika skal nå sitt fulle potensial, treng vi gode leiarar, seier Arnold Tsunga. Han meiner Norec-tilskotet bidreg til at unge menneske får utvikla leiarpotensialet sitt.
Han har sjølv sett korleis ei arbeidsutveksling rustar unge til å bli leiarar i samfunnet.
– Eg kjende ein ung jurist som reiste på arbeidsutveksling i 2005. Han var i ferd med å utvikle seg som ein leiartype allereie før utvekslinga. Då han kom attende til Zimbabwe var han enno meir samfunnsengasjert. Han heiter Jacob Mafume, og no er han ordførar i hovudstaden Harare, forklarar Arnold Tsunga engasjert.
Vil betre rettssikkerheita i Afrika
Vi møter Tsunga på kontorfellesskapet Freedom House, like ved populære Rosebank Mall i Johannesburg, Sør-Afrika. Samtalane i gangane slår fast at her jobbar det folk som meiner alvor. Kontoret husar organisasjonar som kjempar for menneskerettar, likestilling, rettssikkerheit og ytringsfridom – både på bakken og på overordna nivå.
Ein av desse er African Judges and Jurist Forum, eit afrikansk nettverk av juristar. Dei organiserer treffpunkt for å bygge kompetanse og utvikling hos afrikanske juristar. Ved å setje standarar, støtte reformar i lovverk og rettssystem, ønsker dei at demokratisering skal gi konkrete fordelar til folk i Afrika.
Tsunga er leiar, og han har i årevis jobba for eit korrupsjonsfritt og fungerande rettsapparat i Sør- og Aust-Afrika.
Saman med jurist-kollegaer i Zimbabwe, Kenya og Uganda driv han eit Norec-støtta prosjekt, mellom anna for å utvikle unge juristar til å sjå heilskapleg på rettssikkerheita i Afrika.
Valdelege demonstrasjonar i Kenya
På kontoret møter vi også juristen David Mburu (31) frå Kenya. Med skulderveske, blazer og mobilen i handa, står han på farten ut døra. Han skal delta i ein panelsamtale under «Anti-Repression week», arrangert av fleire ulike sørafrikanske organisasjonar.
Der skal han dele erfaringane sine frå å vere aktivist i Kenya. Mburu er ein erfaren aktivist, som i årevis har jobba for mellom anna retten til å kunne demonstrere.
I juni i år vart fleire unge demonstrantar skotne og drepne medan dei protesterte mot eit lovforslag om å auke skattane i Kenya. Opposisjonsleiarar og religiøse leiarar fordømde dei valdelege reaksjonane. Det enda med at politisjefen i Kenya gjekk av.
– Om eg ikkje hadde vore her i Sør-Afrika, hadde eg stått i gatene saman med venene mine. Eg veit det er farleg, men saka er for viktig til å la vere, fortel han.
Vart kasta ut av huset sitt som barn
Lidenskapen til å kjempe for kva som er rett kjem frå erfaringane han fekk då han vaks opp i eit slumområde i Nairobi.
– Eg budde i eit greitt hus saman med foreldra og dei fem søskena mine, men livet var veldig hardt. Då eg var 14 år blei vi kasta på gata. Vi fekk ikkje tid til å pakke. Huset vårt vart jamna med jorda for å gjere plass til andre husprosjekt, som vi ikkje hadde råd til. Vi måtte bu på gata.
– Det tende gnisten min. Overalt kor eg såg, vart det gjort stor urett mot vanlege menneske. Eg bestemte meg for å kjempe, fortel han.
Vil vere ein leiar som skapar endring
Mburu er ein ambisiøs fyr. Han ser for seg at han i framtida skal vere ein leiar som skapar endring og betring i samfunnet.
Han meiner utviklinga hans som leiar har skote fart på grunn av Norec-utvekslinga.
– Før eg reiste på utveksling var fokuset mitt veldig snevert. No ser eg heile Afrika under eitt. Vi må samle oss og løyse utfordringane i lag, seier Mburu.