Då Silvia Gélvez frå Colombia var på utveksling i Norge, lærte ho gatemekling. Det vart starten på eit prosjekt for å lære unge i eit krigsherja Colombia konfliktløysing.

– På året mitt i Norge fekk eg vere med på utruleg mykje. Spesielt gatemekling gjorde sterkt inntrykk på meg. Då eg kom tilbake til Colombia, hadde eg trua på at dette kunne vi gjere også her, seier Gélvez.

32-åringen var på utveksling i Norge gjennom Røde Kors og Norec i 2014–2015. Kontrastane mellom Bogota, der ho bur, og Akershus der ho var på utveksling, var store. Gjennom utvekslinga vart ho introdusert til Røde Kors sitt prosjekt om gatemekling.

– Her lærer du om dine eigne og andre sine reaksjonar, kjensler og behov i konflikt. Vi jobba i små grupper med unge folk der vi lærte mange måtar å rydde opp i konfliktar på, og finne måtar å unngå konflikt på, fortel Gélvez.

Colombia Røde Kors

Ville bruke kunnskapen

Tilbake i Colombia bestemte ho seg for å nytte den nye kunnskapen gjennom rolla si som frivillig i Røde Kors.

– Eg byrja først å jobbe med unge menneske som var i fengsel. I små grupper lærte vi dei om konfliktløysing, noko som var givande, fortel Gélvez.

2016, året etter at ho kom att frå utveksling i Norge, skulle bli eit historisk år for Colombia. I over 50 år hadde landet vore prega av den væpna konflikten mellom den colombianske regjeringa og FARC-geriljaen. Fleire hundre tusen menneske vart drepne som følgje av konflikten, og meir enn sju millionar menneske vart drivne på flukt.

Etter mange år med forhandlingar for å få på plass ein fredsprosess mellom regjeringa i Colombia og FARC-geriljaen, munna arbeidet ut i ei fredsavtale i november 2016.

Colombia Røde Kors har som einaste aktør i landet hatt tillit hjå alle partar og tilgang til alle delar av landet. For å lukkast med forsoning er det viktig å få tidlegare FARC-medlemmer tilbake til samfunnet. Gelvéz vart spurt, gjennom engasjementet sitt i Røde Kors, om ho det var noko ho kunne bidra med av kunnskapen sin.

– Hovudprosjektet til Røde Kors i Colombia er å styrke samfunna for fred. Ut frå det har vi ei linje om forsoning, og i det har vi ein del som handlar om ikkje-valdeleg kommunikasjon. Det er på den biten eg har bidrege, og her har vi henta inspirasjon frå gatemeklingsprosjektet eg vart introdusert for i Norge, fortel Gélvez.

Får innblikk i kvarandre sine historier

Programmet består av fire nivå og vert gjennomført som samlingar (workshops) tre til fire gonger i året. Først må deltakarane forstå kva konflikt er, at det er ein del av dagleglivet; dei må lære å sjå på konflikt på ein nøytral måte. Vidare må deltakarane dele eigne erfaringar knytte til konflikt.

– Det andre nivået tykkjer eg er veldig vakkert, for i gruppene har både vi tidlegare soldatar, menneske som har vorte offer for krig,  i tillegg til dei frivillige frå Røde Kors. Alle er der som likemenn med sine erfaringar. Når dei høyrer historiene til kvarandre, så lærer dei å sjå det frå fleire sider. Dei forstår at alle på ein måte er eit offer for konflikten, at det er ein vond sirkel. Og skal ein bryte den vonde sirkelen, må ein tilgi, seier Gélvez.

På nivå tre lærer deltakarane å bruke verktøy for å dempe konflikt. Dei lærer korleis dei skal kommunisere betre, korleis dei kan uttrykkje følelsar, korleis dei kan handtere forskjellige handlingar der det er ei konflikt – alt for å deskalere ei konflikt.

– På nivå fire lærer dei korleis dei kan mekle. Målsetjinga for programmet er å lære dei å kunne mekle i sine respektive samfunn, seier Gélvez.

Ho fortel at det er rørande å sjå korleis deltakarane kjem til ei forståing av korleis andre har det, og slik endrar innstilling og kjem til ein konklusjon om at ein saman kan byggje eit samfunn som fungerer.

– Freden er enno skjør i Colombia. Men vi må jobbe for å gjere det betre. Eg trur dette på sikt fører til store endringar fordi vi jobbar der ute, der folk var påverka av konflikten. Akkurat no har vi ti slike grupper rundt omkring i landet der vi jobbar med dette, fortel Gélvez.

Har lært å sjå moglegheiter

Ho er klar på at utan Norec-utvekslinga og erfaringane ho hausta i Norge hadde ikkje hennar bidrag til programmet vore mogleg.

– Eg kunne aldri ha gjort det utan utveksling. Eg hadde verken hatt kunnskapane som skulle til eller sjølvtilliten til å gjere det, seier Gélvez.

Utvekslinga har også ført til at ho fekk større tru på seg sjølv, på fleire plan.

– Då eg først kom til Norge tenkte eg at eg ikkje hadde noko å tilby av kunnskap. Men året på utveksling lærte meg at eg eig mi eiga erfaring og eg kan mykje som eg kan dele. Eg lærte flat struktur, og at det ikkje er farleg å seie kva ein meiner, sjølv om ikkje alle er samde. Året i Norge lærde meg også at ein i endå større grad må sjå moglegheiter, seier Gélvez.

Ho vart med som frivillig i Røde Kors for 11 år sidan fordi ho hadde eit ønskje om å lære førstehjelp. Dei 11 åra har gitt ho uendeleg mykje meir kunnskap, og engasjementet for Røde Kors er framleis stort.

– Alle burde ha noko slikt i livet sitt, ein organisasjon med respekt og nøytralitet og anti-vald som prinsipp. Det er meiningsfylt. Uansett kva du gjer, så bidreg du til endring. Å bli med i Røde Kors er ein av dei beste avgjerdene eg har teke, seier Gélvez.

32-åringen sit i dag i vervet som visepresident for den globale ungdomskommisjonen i Røde Kors.

Gatemekling i Norge vart spiren til konfliktløysing i etterkrigs-Colombia

20 år med utveksling har utvikla Røde Kors som organisasjon

Røde Kors har i 20 år hatt utveksling mellom medlemsorganisasjonar i store delar i verda. Ungdomsdelegatprogrammet har gitt unge ei unik opplæring.

– Det å investere i å utvikle og lære opp frivillige er kjempeviktig for ein organisasjon for å få kompetente og lojale menneske som vil bruke det dei har lært til å utvikle organisasjonen vidare, seier Elfi Thrane Bemelmans (27).

I 2018 og 2019 var ho Røde Kors ungdomsdelegat i Laikipia fylke i Kenya.

Ungdomsdelegatprogrammet til Røde Kors er gjensidig internasjonal utveksling av unge vaksne med brei frivillig erfaring og minst eitt år som frivillig i Norges Røde Kors.

Unge frivillige frå Røde Kors i Norge jobbar ni månadar i ein Røde Kors nasjonalforeining, samtidig som ungdomsdelegatar frå denne nasjonalforeininga deler sine erfaringar i like lang periode i Norge. Norec har vore med og støtta utvekslinga i 20 år.

Røde Kors

Skal bli betre rusta til å møte utfordringar

Målet med programmet er å gi ungdom kunnskap og erfaringar som gjer dei betre rusta til å møte dei humanitære utfordringane som finst der dei bur.

Gjennom 20 år med utveksling har mange forskjellige land vore med i programmet. Colombia, Nepal og Kenya er landa som har hatt lengst samarbeid med Norge.

– Det er to aspekt ved utvekslinga. Det eine er eit traineeprogram der vi gir deltakarane kunnskap, læring og erfaring om korleis ein jobbar i humanitære organisasjonar. Det gir dei kunnskap som dei treng når dei skal jobbe for oss seinare, fortel programkoordinator Juma Ochieng i Røde Kors.

I tillegg gir utvekslinga institusjonsutvikling for unge.

– Det handlar om å styrke ungdomskapasiteten i Røde Kors og auke deltakinga deira i organisasjonen. Det handlar om kunnskap, system, struktur og å gi folk medbestemmelse, seier Ochieng.

Eit attraktivt tilbod

Då Elfi Thrane Bemelmans drog ut som ungdomsdelegat i 2018, var dette noko ho hadde hatt lyst til lenge. Rett og slett fordi ho hadde vore frivillig i Røde Kors sidan 2011 og kjent til utvekslinga som ungdomsdelegat heilt frå starten.

– Då eg var frivillig i Arendal Røde Kors hadde vi ungdomsdelegatar frå Nepal. Dei heldt kurs for oss og støtta oss i lokalrådsleiarjobben, og det var utruleg spennande å høyre korleis dei jobba. Det var fascinerande at nokon gjorde det same som oss, berre på ein annan stad i verda, seier Bemelmans.

Difor var ho klar på at ho ville søkje å få reise på utveksling som delegat mellom bachelor og masterutdanning.

– Målet vårt er å styrke ungdomskapasiteten i Røde Kors og auke deltakinga i organisasjonen. Samtidig skal vi ha ei utveksling av Røde Kors-erfaring på tvers av landa og promotere ein kultur av ikkje-vald, noko vi har eit sterkt program for i Røde Kors, seier Bemelmans.

I Kenya var ho med på å etablere fire aktivitetsgrupper der dei lærte korleis dei skulle planleggje aktivitet, rapportere aktivitet og ikkje minst kommunisere om eit arrangement slik at det fungerte i Kenya.

– Vi følgde opp at det fungerte, og til slutt hadde vi fire grupper som arrangerte aktivitetar. På slutten av opphaldet hadde gruppene valt eigne ungdomsråd og vi hadde ei meir aktiv deltaking. Vi såg ei oppblomstring av frivilligheit og at fleire tok på seg aktive roller, fortel Bemelmans.

Kunnskapen går begge vegar

Ho peikar på at utveksling som ungdomsdelegat er ein god måte å styrke Røde Kors på.

– Eg har sjølv sett som frivillig kor viktige ungdomsdelegatar er. Dei er ein motivasjonsfaktor. På lengre sikt håpar vi at dei endringane og aktivitetane vi har jobba med som ungdomsdelegatar, blir ved. At dei er berekraftige og vert tekne med vidare. Ungdomsdelegatar skal ikkje berre ha styrka noko i eit nytt land, men også ha teke med seg noko frå eit Røde Kors til sitt eige, seier Bemelmans.

Opphaldet i Kenya gav ho mykje kunnskap som ho har nytte av i dag.

– Eg lærte prosjektimplementering og kva verktøy ein treng til det. Det har vore veldig nyttig for den jobben eg har no, seier Bemelmans, som i dag jobbar i dansk flyktninghjelp i ei støtteordning for prosjekt i Somalia og Afghanistan.

Sjølv om ho ikkje jobbar i Røde Kors, er ho framleis frivillig, og det har ho tenkt å halde fram med.

– Eg har planar om å bli i Røde Kors resten av livet. Det finst alltid ei ny utfordring som passar uansett livssituasjon ein er i, seier ho.

Elfi Thrane Bemelmans Frivillig i Røde Kors

Får ei auka forståing

Prosjektkoordinator Juma Ochieng fortel at Røde Kors har evaluert kva utveksling har hatt å bety for dei som organisasjon. Han vil spesielt trekkje fram tre aspekt.

– Veldig mange av delegatane har halde fram med å jobbe for Røde Kors. Dei blir lengre i organisasjonen og vi har fått tilbake menge av dei vi har putta ressursar inn i. Når dei kjem tilbake, veks dei med organisasjonen, seier Ochieng.

Vidare har erfaringane frå utveksling ført til endring av haldningar, spesielt i distrikta.

– Ein får ei forståing for at ein kan lære frå andre land. Ved å vere på utveksling fekk folk erfare at uansett kor ein kjem frå, sit ein på mykje kunnskap. Ein får sjå korleis integrasjon fungerer i praksis, understrekar Ochieng.

Vidare har ein kunne implementere kunnskap frå eit Røde Kors til eit anna.

– Til dømes, korleis jobbe med flyktningar og få til integrering, korleis jobbe med ungdom og integrere metode og organisering frå til dømes Nepal. Elles korleis lære unge om helse og sex. Det siste har vore utfordrande i Norge. Mange av dei afrikanske og asiatiske partnarane våre har jobba mykje med dette, noko vi har fått implementert i Norge. Det har til dømes betydd mykje når det kjem til å informere om trygg sex og kampen mot klamydia, seier Ochieng.

Han er klar på at utveksling har betydd enormt for Røde Kors.

– Å dra på utveksling har gitt oss ein sjanse til å vekse i både organisasjon og bevegelse, seier Ochieng.