Kenya er ramma av den verste tørka på 40 år, og utvekslingsdeltakarane i PELUM Kenya jobbar i midten av krisa.

I media kan ein sjå skremmande bilde og videoar frå Afrikas Horn.

Det er det fjerde året alle regnsesongane har feila i Kenya og på Afrikas Horn.

Catherine Karanja er 58 år gammal. Den vesle landsbyen, der ho har levd mesteparten av sitt liv, er no kapsla inn i tørt, raudt afrikansk støv.

Til vanleg står den raude jorda i sterk kontrast til den irgrøne vegetasjonen. Slik er det ikkje i år.

– Mange legg seg svoltne. Dyra våre døyr, elva er grøn av forureining og det har ikkje regna på åtte månader.

Det fortel Karanja til Norec.

Uansett kva ho prøvde, ville ikkje det spire. Dyra overlevde ikkje mangelen på vatn. Jorda på garden var tørr og utan næring.

 

 

Tørka har slått ut jordbrukssamfunn på tvers av heile regionen. Det har ført til auka matprisar, inflasjon og lav etterspurnad etter arbeidskraft i landbruket. Det har forverra sitausjonen til mange familiar, og tatt frå dei inntekstbrunnlaget. I tillegg er underernæring blitt eit stadig større problem.

Heile 21 av 47 fylker er råka av tørka, og fleire millionar lir av det presidenten kallar ein nasjonal unntakstilstand.

Dyr og menneske døyr.

Dei som lev i landlege, avsidesliggande område slit mest.

Landbruk blir omtalt som ryggrada til landets økonomi, og heile 40 prosent lev direkte av det. No kjennast det for mange bønder ut som ryggrada snart knekk.

I 2022, midt i tørketida og den åttande sesongen utan nedbør, møter ho Anthony Mungai. Mungai, som ho kallar ‘teacher’ er agroøkolog og Norec-deltakar.

Han er utdanna på Sustainable Agriculture Community Development Programme i Kenya, og agroøkolog, ein ekspert på berekraftig landbruk.

– Det vi gjer no er viktig. Vi må jobbe raskt, og vi må ikkje slutte. Alle må jobbe saman for å få kunnskapen vi sit med ut i landbrukssamfunna.

Han er engasjert då han snakkar om jordbruket, og erfaringane frå det knappe halvåret han har vore deltakar i utvekslingsprosjektet mellom PELUM Kenya og FACHIG i Zimbabwe.

Prosjektet heiter Promoting Sustainable Agriculture and Marketing through Youth (PSAMY). Det handlar om å engasjere unge i landbruket og bli opplært i korleis å bruke marknadsføring bevisst, samstundes som ein vernar om jorda, hjelper småskalabønder og får bønder til å ta i bruk berekraftige metodar. Men då regnet aldri kom vart prosjektet med eitt viktigare.

No hastar det.

Kunnskapen Andrew og dei andre deltakarane sit på kan redde liv.

Med digital opplæring frå utvekslingspartnar i Zimbabwe, FACHIG, har utvekslingsdeltakane i Kenya samla grupper av bønder for å lære dei korleis dei skal jobber med berekraftig jordbruk og marknadsføre produkta sine.

Dei har lært metodar som brukar mindre av det dyrebare vatnet – og som er betre for både kropp og jord.

Ein av tinga Cathrine har tatt i bruk er kaninurin. Den bruker ho som eit naturleg gjødsel. Kaninene treng lite vatn, er enkle å stelle og urinen nyttar ho for at resten av plantane skal spire og gro.

— Det har vore ei stor hjelp alt Anthony har lært oss. Eg visste ingenting om korleis ein kunne nytte urin i resten av prokuksjonen, men Anthony har lært oss alt fra A til Å i prosessen, seier Cathrine og legg til.

— No skal Anthony hjelpe oss med tilgang til marknaden og korleis vi skal gjere oss meir synlege. Vi er svært takksame for all den hjelpa Anthony og PELUM Kenya har gitt oss, forklarer Cathrine.