Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Frå bonderettar i Colombia til våronna på Eidsvoll

2020 vart plutseleg veldig annleis enn det utvekslingsdeltakarane i Solidaritetsbrigadene såg føre seg i april. Etter seks veker i Colombia, førte koronapandemien Maren Vedvik Dammen (22), Oda Stey (24) og Joanna Svärd (27) frå landsbygda i Colombia til landsbygda i Norge.

– Planen var heilt klart ikkje å vere med på å ta i mot 42 lam under våronna på Eidsvoll! seier Maren lattermildt.

 

Dei tre brigadistane hadde akkurat begynt på utvekslingsopphaldet sitt då koronautbrotet globalt var eit faktum, og UD oppdaterte sine reiseråd og meldinga kom: Dei måtte reise heim, eit halvt år for tidleg.

 

– Det var mykje kjensler i sving! Det var ikkje reint få tårer då vi fekk beskjeden. Ingen ville reise heim. Vi var alle innstilt på å lære meir, oppleve meir og bidra meir, og så plutseleg var det slutt, fortel Maren.

 

 

Våronndugnad
Men i staden for å avlyse då utvekslinga måtte avbrytast, fullførte LAG i samråd med Norec eit alternativt opplegg med nettundervisning og gardsopphald via Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS). For Oda, Joanna og Maren gjekk turen vidare til Sander Nordstuen Gård på Eidsvoll. Medan koronapandemien førte til stengde grenser, medieoppslag om smittetal og sosial distansering, fekk norske bønder ei ekstra krise: dei hadde ikkje nok arbeidskraft til våronna.

 

– Då vi ikkje kunne nytte utvekslinga til å lære om situasjonen til småbrukarar i Colombia, var vi alle med på å hjelpe norske bønder i dugnaden under våronna så godt vi kunne, legg Oda til.

 

 

– Mange interessante samtalar kring middagsbordet

I ein normal situasjon pleier LAG å arrangere gardsopphald via Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) om hausten for deltakarane som kjem til Norge. Prosjektleiar for utvekslinga, Elise Øksnes Fjordbakk, peikar på at solidaritet med norske bønder er viktig for utvekslingsprosjektet etter mange år med besøk frå partnarorganisasjonane.

 

– I tillegg påpeikar ofte dei norske brigadistane som kjem attende frå utveksling at dei kunne ønske dei var betre kjent med den norske jordbruksmodellen og situasjonen til småbrukarar her før avreise. Koronapandemien gjorde det med eitt mogleg for dei norske brigadistane å lære meir om norske småbrukarar, forklarer Fjordbakk.

 

Det var bøndene Tone Bech and Magne Stenersen som tok i mot Oda, Maren og Joanna på økologiske Sander Nordstuens Gård.

 

– Vanlegvis brukar vi få frivillige frå World Wide Opportunities on Organic Farms under våronna, noko som ikkje var mogleg i år på grunn av stengde grenser. Då eg sit i styret til NBS fekk vi moglegheita å ta inn brigadistar, noko vi sjølvsagt sa ja til, forklarer Magne.

 

 

– Korleis har det gått?

 

– Det har fungert veldig godt! Dei kom rett til lamminga. Alle tre er veldig engasjert i miljø og det som skjer rundt oss. Dei spør mykje og er veldig nysgjerrige. Det har ført til nokre veldig interessante samtalar rundt middagsbordet, ler Tone, før Magne legg til:

 

– Eg trur opphaldet her er noko brigadistane kan dra nytte av vidare, det å kunne dyrke mat ved hjelp av kunnskap om frø. Det er noko dei kan ta med seg vidare uansett kor dei endar opp i verda.

 

Småbrukarar i Latin-Amerika
Før brigadistane måtte avbryte utvekslinga si, var dei allereie komne godt i gang med arbeidet. I løpet av dei seks vekene besøkte dei universitet, observerte demonstrasjonar, deltok på møter og i informasjonsarbeid, budde hos lokale bønder, lærte om rettssystemet i Colombia og dei sosiale rørslene som kjempar for gruvearbeidarar og småbrukarar i landet. Det er mellom anna dette dei norske deltakarane i prosjektet fokuserer på: solidaritet i praksis gjennom konkrete arbeidsoppgåver hos samarbeidspartnarane, og ved å ta del i dagleglivet hos vertsfamiliar på grasrota i Latin-Amerika.

 

 

– Solidaritetsbrigadane sitt slagord er «solidaritet i praksis». Solidaritet baserer seg på at vi alle har ei felles interesse av å skape ei endring i verda. Vi har alle fått ei påminning om kor viktig solidaritet er under koronakrisa, og kor viktig norsk landbruk er. Både med tanke på sjølvforsyning, matsikkerheit og berekraft, seier Oda.

 

– Då har det vore spesielt kjekt å vere her på Sander Nordstuen gard, der dei har økologisk drift og er opptekne av berekraftig jordbruk, seier Oda.

 

 

Inspirerande sosial organisering
Dei sosiale rørslene i Colombia sette spor i brigadistane: den harde kampen for rettar til jorda og kor viktig den er.

 

– Vi vart betre kjent med grasrotrørsla sitt politiske arbeid for småbøndene sine rettar. I Colombia slost småbøndene for rett til jorda, og den er kjelde til krig og konflikt. Jorda er ein knapp naturressurs som småbrukarane må kjempe for. Dei sosiale nettverka dei har bygd opp, som Via Campesina som våre partnarorganisasjonar er ein del av, er viktige for å ta vare på rettane til bøndene. Det er ein stor inspirasjon når det kjem til sosial organisering av sivilsamfunn, solidaritet og kollektivistisk tankegang, avsluttar Joanna Svärd.

 


FAKTA OM LATINAMERIKAGRUPPENE

  • Solidaritetsbrigadane er ei triangulær Norec-utveksling mellom LAG i Norge, CNA i Colombia, MST i Brasil, og CUC og Conavigua i Guatemala
  • Latin-Amerikagruppene i Norge
  • CNA – Coordinador Nacional Agrario – Det nasjonale bondenettverket i Colombia
  • MST – Movimento dos Trabalhadores Rurais Sem Terra – Dei jordlauses bevegelse
  • CUC – Comité de Unidad Campesina – Komiteen for bønders fellesskap
  • Conavigua – Coordinadora Nacional de Viudas de Guatemala – Det nasjonale nettverket for enker i Guatemala
  • Utvekslingspartnarane i prosjektet er alle organisert i det internasjonale småbondenettverket Vía Campesina. I Norge er Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) den einaste medlemsorganisasjonen i nettverket.
  • Kvart år reiser 36 deltakarar på utveksling, 12 sør-sør, 4 sør-nord og 20 nord-sør.
  • Sidan 2016 byrja utvekslinga òg å støtte sør-sør-utveksling mellom CNA, MST, CUC og Conavigua.
  • Til felles har dei at dei opererer i land der det er brei folkeleg organisering for å endre samfunnsforholda til det betre for fleirtalet av befolkninga.
  • Brigadeprosjektet har som mål å styrke organisasjonskapasiteten til LAG og samarbeidsorganisasjonane gjennom nettverksbygging, utvikling av organisasjonsstrukturar og kompetanseheving hos deltakarane.
  • Solidariske relasjonar byggast gjennom utveksling av kunnskap
  • Dei norske deltakarane fokuserer på solidaritet i praksis gjennom konkrete arbeidsoppgåver hos samarbeidspartnarane, og ved å ta del i dagleglivet hos vertsfamiliar på grasrota i Latin-Amerika.
  • Utvekslingsdeltakarar har gjort alt frå dugnadsarbeid til husbygging, latrinebygging og vassforsyningsprosjekt eller bygd ressurssparande vedomnar.
  • Andre har vore valobservatørar, bidratt til kommunikasjonsprosjekt, eller innhenta informasjon om konsekvensar av norske investeringar i Latin-Amerika.
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon