Frå 2023 innfører Norec nye fristar for søknader om tilskot.

– Vi ønsker å gje søkarar meir forutsigbarhet og betre tid til å førebu utvekslingane. Difor erstattar vi løpande sakshandsaming med faste søknadsfristar, seier avdelingsdirektør for tilskot, Margunn Indrebø Alshaikh.

For søknader om forundersøking kan ein forvente svar innan fire veker. For søknader om samarbeidsavtale vil ein få svar i god tid før oppstart.

– Målet med dei nye søknadsfristane, er at søkarane skal få svar tidlegare og difor få betre tid til å planlegge utvekslingane sine. Vi skal fortsette å ha tett dialog med søkarane i søknadsprosessen, og dei vil framleis få god rådgjeving frå Norec, seier Alshaikh.

Søk om tilskot her


Søknadsfristar:

Forundersøking: søknadsfrist 15. februar og 15. august

Samarbeidsprosjekt med planlagt oppstart januar 2024, må søke innan 1. juni 2023.

Samarbeidsprosjekt med oppstart august 2024, må søke innan 1. februar 2024.

 

* Partnarskap som har godkjent forundersøking per 31.12.22, kan forholde seg til allereie oppgitt frist.