Partnarskap er eit mykje brukt omgrep i bistand- og utviklingssektoren. Konseptet er eit moteord som blir brukt uavhengig av faktiske forhold, hevder ny rapport.

Eit av hovudfunna i rapporten, som er forfatta av seniorforskar Jon Harald Sande Lie ved NUPI, er at omgrepet brukast hyppig om dei fleste forhold i bistand- og utviklingssektoren, uavhengig av korleis samarbeida faktisk er organisert i praksis. Partnarskap er eit moteord utan særleg innhald.

På den eine sida vil det å sette merkelappen «partnarskap» på eit samarbeid kunne bidra til å ta fokus vekk frå eventuelle skeive maktforhold som er til stades. Samstundes vil omgrepet, slik det er definert og nytta i dag, kunne samle mange ulike aktørar som verken er likesinna eller nødvendigvis einige om innhaldet.

Norec gir omgrepet meining – delvis

Jon Harald Sande Lie (Nupi)

Rapporten hevdar at Norec til ein viss grad har klart å fylle omgrepet partnarskap med meining. I rettleiingsdokument for søkarar legg Norec vekt på kvalitetar som eigarskap, gjensidigheit og samarbeid. Likevel er det ikkje spesifisert kva eigarskap betyr i praksis, eller korleis ein skal operasjonalisere gjensidigheit eller bygge tillit.

– For Norec vil det vere lurt å bruke tid på å bygge ein generell forståing for verdiane som ligg til grunn for partnarskapa: Tillit, likeverd og gjensidigheit. Det vil gjere det lettare å forstå for partnarane.

– Kva kan norsk utvikling og bistand og andre som jobbar med partnarskap ta med seg av lærdom frå denne rapporten?

– Norsk bistand, Norad inkludert, er veldig opptatt av å definere kategoriar. Men skal det vere reell nedanifrå og opp-tilnærming, må ein vere open for mangfaldet det kan gi framfor å køyre alle gjennom same mal med ferdige kategoriar for kva partnarskap skal vere og bety, seier Lie.

– Eg trur det vil vere betre å fokusere på ein partnarskapskultur enn eit spesifikt partnarskapsomgrep. Det er ikkje ein boks ein kan krysse av. Når ein definerer noko kan det sjølvsagt vere klargjerande for mange, men mange kan også falle utanfor, seier Sande Lie.

Andre funn i rapporten

Undersøkinga viser at dei fleste Norec partnarar sluttar opp om prinsippa som ligg til grunn for partnarskapsomgrepet og har ei felles forståing av omgrepet. På den andre sida viser dei praktiske eksempla som kom fram i intervjua at dei i liten grad er bevisste på eventuelle skeive maktforhold som eksisterer i utvekslingspartnarskapa.

Norec brukar partnarskapsomgrepet flittig i rettleiingsdokument for søkarar, og legg vekt på kvalitetar som eigarskap, gjensidigheit og samarbeid. Samtidig er det ikkje spesifisert kva eigarskap betyr i praksis, korleis ein skal operasjonalisere gjensidigheit eller bygge tillit.

Rapporten skildrar rolla til koordinerande partnar innanfor partnarskapet som «opphøgd» samanlikna med dei andre partnarane. Norec bør difor ha eit særskilt fokus på korleis koordinerande partnar forstår og praktiserer partnarskapsomgrepet.

Førestillinga om at deltakarar frå nord reiser på utveksling for å lære vekk, medan deltakarar frå sør reiser på utveksling for å lære, var sterk innanfor partnarskapa mellom frivillige organisasjonar. Denne førestillinga var ikkje til stades i partnarskapa innanfor privat sektor og sektorar med høgt kunnskaps og kompetansenivå. Her var ein meir opptatt av det positive bidraget frå kulturutvekslinga.

Frå 80-talet til i dag

I rapporten gir han ei historisk oversikt over korleis ordet partnarskap vart norma innanfor bistand- og utvikling.

– På tidleg 80-tal ville ikkje-statlege organisasjonar vekk frå den ovanfrå og ned-tankegangen som prega bransjen når ein pengesterk aktør frå nord kom for å hjelpe i sør. Dei meinte at dei som bur og jobbar lokalt visste best kvar skoen trykka. Det var eit moralsk ønske om meir nedanfrå og opp, forklarar Sande Lie.

Denne tankegangen påverka vidare det multilaterale nivået, og nokre av dei første som implementerte partnerskapsbegrepet var Verdensbanken.

– Der var det tanken om effektivisering som appellerte mest. Dei meinte at ved å la lokale som kjenner utfordringane best ha ansvaret for å gjere jobben, ville dei få meir «development per dollar».

Derifrå fann tankegangen vegen inn i DAC/OECD-rammeverket, og utover 2000-talet begynte ein å operere med partnarskap. No er det utvilsamt norma i utviklingssamanheng.

– Vi kan ikkje sjå for oss å ikkje jobbe i partnarskap i dag, seier Sande Lie.

Vil legge betre til rette

Bakgrunnen for rapporten er at Norec ønska ein større forståing for eventuelle utfordringar partnarskapa har i sine samarbeid, slik at Norec betre kan legge til rette for gode partnarskapsrelasjonar og berekraftsmål 17.

– Vi veit at eit godt samarbeid er ein føresetnad for å få til ei vellukka utveksling. Det er vanskeleg å få til gode relasjonar. Mange er bevisste på historiske og skeive maktforhold, men vi lurte på korleis det er for dei som jobbar med dette dagleg, forklarar direktør Jan Olav Baarøy.

Etter lanseringa 7. april vil Norec ta ei runde internt på om funna vil føre til endringar i korleis Norec kommuniserer om partnarskap til sine tilskotsmottakarar.

– Kan rapporten brukast i kursa vi held for nye partnarskap og deltakarar? Gir rapporten oss idear om korleis vi kan rettleie betre? Dette er ting vi skal sjå nærmare på etter lanseringa, seier Baarøy.