For aller første gong inviterte Norec til utreisekurs i Førde. Og det blir garantert ikkje siste.

– Det er heilt supert at utreisekurset er lagt hit. Vi får sjå kor Norec held til, og vi får møte programrådgivarane. Det er viktig, seier Vuyani Mukandi.

Han er deltakar gjennom organisasjonen Field Band Foundation. Det komande året skal han vere på utveksling i Norges Musikkorps Forbund i Bergen. Saman med 21 deltakarar frå Sør-Afrika, Tanzania og Noreg var han på utreisekurs i Førde i september.

Alle deltakarar som reiser på ei utveksling gjennom Norec må gjennomføre eit utreisekurs som gjer dei rusta til å bu og jobbe i ein annan kulturell kontekst. Her får dei innblikk i utvekslingsmodellen til Norec, plikter og ansvar, etikk og kulturell forståing, for å nemne noko.

Viktig lærdom

Mukandi peikar på at opphaldet i Førde har hatt ein ekstra dimensjon fordi deltakarane har vore med på forskjellige aktivitetar på kveldstid.

– Sjølve utreisekurset gir oss viktig lærdom som vi treng når vi reiser på utveksling. I tillegg har vi fått oppleve og vere med på mykje utanom kursa, seier Mukandi.

Mette Dahl Hanssen (24) frå Porsgrunn skal på utveksling for Norges Musikkorps Forbund, og skal vere i Field Band Foundation i Johannesburg i Sør-Afrika det neste året. Ho deler Mukandi sitt syn på Førde som kursstad.

– Det er topp å ha utreisekurset her i Førde. Eg trur det er viktig for oss som skal reise på utveksling å få eit forhold til Norec og vite meir om Norec si rolle i prosjektet. Spesielt viktig er det at vi får møte programrådgivaren som vi skal ha kontakt med, seier Hanssen.

Ho rosar kurshaldarane til Norec, og kjenner seg godt rusta til året som ligg framfor ho.

– Det har vore spesielt nyttig å lære om kulturforskjellar og kva som ligg i det, seier Hanssen.

 

Gir større fleksibilitet

Å legge haustens utreisekurs til Førde er gjort heilt bevisst frå Norec si side.

– Vi prøver å plassere kursa slik at det fører til minst mogleg reise for deltakarane. Og når vi skal ha kurs i Noreg, så kan vi like godt ha kurset her i Førde, framfor å ha det til dømes på Gardermoen eller i Bergen, seier Øystein Garfors, som er seksjonsleiar for kurs i Norec.

Å legge kurset til byen der Norec har kontor, gir større fleksibilitet og tilgang til kurs-ressursar.

– Vi kan nytte oss av fleire av personane i Norec, bruke endå meir av kompetansen vi sit på, i tillegg til at deltakarane får sjå kor vi held til og møte alle som jobbar her, seier Garfors.

Vil halde fleire kurs i Førde

Han peikar på at det også gir moglegheit til å fylle opp fritida til deltakarane med spennande opplevingar.

– Vi får vise dei indrefileten av Vestlandet når det kjem til natur, samtidig som vi kan få synt fram mykje anna Førde og omland har å tilby, seier Garfors.

Dei 22 deltakarane besøkte mellom anna Fjærland der dei fekk teste padling på Fjærlandsfjorden. Dei vitja også Bremuseet der for å lære om klimaendringar. I løpet av kursveka var dei også på besøk på Høgskulen på Vestlandet.

– Når det kjem til innhald, blir kursa endå betre når vi har dei her i Førde, så det vil vi halde fram med når det er mogleg, seier Garfors.