Eit tjuetals representantar frå næringslivet i Sunnfjord har fått eit nærare innblikk i kva Norec kan tilby bedrifter.

– Eg trur noko av utfordringa for næringslivet i Sogn og Fjordane er at ein ser for mykje innover enn utover. Ein likar det trygge og det kjende, framfor å sjå moglegheiter andre stadar. Eg trur fleire har godt av å få andre impulsar, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Han var ein av eit tjuetals personar som tok turen til lokala til Peak Sunnfjord for å få med seg inspirasjonsmøtet i regi av Norec.

Dei tre Norec-partnarane DataDrivenFinance, Spire og Zabai fortalde om sine partnarskap og samarbeid med Norec og kva utveksling har betydd for utviklinga av deira bedrifter og organisasjon. For mange vart det ein augeopnar.

–Det var veldig inspirerande å høyre kva gründerane hadde bidrege med personleg, men også kva dei kommersielt bidreg med i andre regionar anna enn her i kjende, trygge Norge, seier Sæterbakken.

Ein må sjå menneska bak

Men kva skal til for at næringslivet i Sunnfjord skal sjå nytte i tilboda Norec har?

– Då trengst det møteplassar som dette. Du må kunne utveksle kunnskap og erfaringar, og få sjå at andre bedrifter har lukkast i utlandet. Og for å gjere det, må du sjå menneska bak, ikkje berre få tilsendt ein e-post med informasjon. Det viktige er å spreie kunnskapen om Norec og kva de faktisk kan bidra med, seier Sæterbakken.

Anne Mette Hjelle var på arrangementet som representant for IT-Forum Vest, og var klar på at Norec heilt klart er relevant for bedrifter i Sunnfjord.

– Absolutt! Her slit vi med rekruttering og mangfald, og dette er jo ei gåvepakke i så måte. Det som er viktig, er å trygge bedriftene på at det er gjennomførbart og relevant for dei, seier Hjelle.

– Ei glede å få dele erfaringar

DataDrivenFinance er eit norskbasert selskap som har partnarskap med dotterselskapet DataDrivenFinance Kenya og tilbyr mikroforsikring til ein dollar året.

CEO Jan Martin Hunderi og arbeidande styreleiar Henni Aasen var svært glade for at dei kunne nytte høvet til å dele av si erfaring frå samarbeidet med Norec.

– Det er givande å få lov til å presentere kva vi driv med for eit næringsliv som kanskje ikkje kjenner oss frå før. Eg håpar tilhøyrarane forstår kor viktig Norec er, og kor viktig Norec har vore for utviklinga av DataDrivenFinance, seier Aasen.

Organisasjonen Spire er ein miljø- og utviklingsorganisasjon for unge menneske som jobbar for ei berekraftig og rettferdig verd, og er i eit partnarskap med Network for Youth Development i Malawi.

– Det er alltid kjekt å få snakke om det vi driv med, og samtidig frå spreidd ei forståing nedanfrå og opp, seier Spire-representant Sigrid Høeg.

Må få auga opp for Norec

Det norskbaserte selskapet Zabai lagar databaserte opplæringsløysingar for ungdom i utviklingsland, og har per i dag prosjekt i Myanmar og Bangladesh.

Dagleg leiar Steinar Viktil sette stor pris på å få kommunisere ut til næringslivet i Sunnfjord.

– Det gir mykje å få møte næringslivet på denne måten. Ein får dele av eigen kunnskap, samtidig som det er kjekt å høyre om andre sine prosjekt, seier Viktil.

Han meiner mange fleire, spesielt i næringslivet, må få auga opp for kva Norec driv med.

– Det Norec tilbyr er ei vilt god ordning. Det er ei ordning med fleksibilitet, noko som igjen fører til auka effektivitet og moglegheiter, seier Viktil.

 

Direktør i Norec, Jan Olav Baarøy

Første partnarsamling i Førde nokon gong

Inspirasjonsmøtet vart arrangert i etterkant av ei to dagar lang partnarsamling i Førde der representantar frå 13 partnarskap var samla til fagleg innhald og sosialisering.

– Dette er den første partnarsamlinga Norec har i Førde, og det er fantastisk å få lov til å samle så mange av partnarane våre her, seier direktør i Norec, Jan Olav Baarøy.

At så mange frå næringslivet i Sunnfjord tok seg tid til å delta på inspirasjonsmøtet i etterkant av partnarsamlinga, sette Baarøy stor pris på.

– Dette er ein viktig arena for oss, og tilbakemeldingane frå næringslivet er svært gode. Dette vil vi gjere meir av i framtida, seier Baarøy.