Som trainee får du ein mjuk overgang frå studieliv til arbeidsliv. Samtidig får du tillit og rom til å vekse. For Ane Norman Kjørslevik (28) kunne det ikkje passa betre.

– Å vere trainee er ein lur måte å få dyppa tåa i arbeidslivet på. Du får trygg og god oppfølging på jobb. I tillegg er du del av eit nettverk av traineear sosialt, der du kan dele erfaringar med andre. Det er heilt supert, seier Kjørslevik.

Førdianaren tok til som trainee på kursseksjonen i Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) i Førde i august 2022. Og det var ikkje heilt tilfeldig.

– Eg hadde følgt med på ledige stillingar hjå Norec ei god stund. Eg var målretta på at eg ville inn i Norec, då det passa godt både til interessene mine og utdanningsbakgrunnen min, seier Kjørslevik.

Søk på vår ledige traineestilling her. Søknadsfrist 26.03. 

Var eit lett val å flytte heim

Av utdanning har ho mellom anna bachelor i utviklingsstudiet og ein master i arbeids- og organisasjonspsykologi frå Universitetet i Bergen. Då traineeplassen i Norec var i boks sommaren 2022, var det lett å flytte heim til Førde.

– Eg hadde neppe flytta heim så kjapt, hadde det ikkje vore for Norec. Det er utruleg flott at ein kan finne spennande arbeidsplassar som ligg utanfor dei store byane i Noreg. I Sogn og Fjordane finst det mange, noko lista av traineestillingar er eit tydeleg bilete på, seier Kjørslevik.

Traineeordninga er i regi av Framtidsfylket. Søkarane må ha bachelor- eller masterutdanning og maks tre år med arbeidserfaring. Som trainee jobbar du i ei bedrift i Vestland som er relevant for fagfeltet ditt.

Målet er å skaffe seg brei arbeidserfaring, nye nettverk og bli betre kjend med det rikhaldige næringslivet i Vestland. Dessutan er det ei unik moglegheit til å utvikle deg både personleg og fagleg.

Har fått prøve seg på mykje

For Kjørslevik har første halvår som trainee i Norec bydd på eit vell av erfaringar.

– Jobben min i Norec er å drive med logistikkarbeid for kursa vi held, i tillegg til å halde kurs for deltakarar. Eg har vore med på å halde digitale kurs og produsere e-læringsmateriell. I tillegg har eg fått planlegge kurs i utlandet. Eg har halde kurs i Nairobi, og skal i slutten av februar til Kathmandu for å halde kurs der, fortel Kjørslevik.

Ho trekker fram at ho har fått tillit på arbeidsplassen frå første dag, og slett ikkje følt seg som ein trainee.

– Eg har fått ansvar som ein heilt vanleg tilsett, og eg har vorte teken på alvor. Eg har vakse veldig på dei utfordringane eg har fått, seier Kjørslevik.

Den aller viktigaste forskjellen på ein trainee og ein vanleg tilsett er at ein som trainee vert følgt tett opp av arbeidsplassen.

– Eg har i praksis hatt oppfølging kvar veke med seksjonsleiaren min. Der pratar vi om korleis det går, kva vi skal gjere framover, diskuterer eventuelle utfordringar og held tråden i utviklingsplanen.

  • Norec

    • er eit forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet
    • gir tilskot til internasjonale samarbeid som jobbar for å nå berekraftsmåla til FN
    • har meir enn 220 organisasjonar, institusjonar og bedrifter i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg i nettverket vårt
    • har om lag 40 tilsette og ligg i Førde i Vestland fylke