– Regjeringa ønsker at halvparten av norske studentar skal ta deler av studiet sitt i utlandet. For at vi skal nå desse måla, må vi gje dei ei betre oppleving og tettare oppfølging, seier avdelingsdirektør Hilde Haaland-Kramer i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse frå talarstolen.

Denne veka kunne Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) endeleg invitere til vårt første fellesseminar om utveksling av studentar og tilsette.

I salen sat 40 tilsette frå ulike institutt, fakultet og utvekslingsprogram frå norske høgskular og universitet som jobbar med utveksling. Med innlegg og gode bidrag frå sektoren, var seminaret prega av erfaringsdeling av gode praksis og utfordringar både for institusjonar og individnivå.

 

 

  • Mobilitetsmeldinga

    • Meld. St. 7 (2020–2021) «En verden av muligheter — Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning»
    • Måla med denne stortingsmeldinga er å bidra til ei kulturendring i universitets- og høgskulesektoren slik at internasjonal mobilitet blir ein integrert del av alle studieprogram.
    • Meldinga stadfestar regjeringen sitt mål om at halvparten av dei som oppnår ein grad i norsk høgare utdanning, skal ha hatt eit studieopphald i utlandet.

 

– Det er ekstra kjekt for oss i Norec å kunne halde dette seminaret saman med HK-dir. Som det nasjonale kompetansesenteret for utvekslingssamarbeid, har vi 60 års erfaring med å sende folk på utveksling, og 20 år med gjensidig utveksling og likeverdige partnarskap, seier leiar for kurs og læring i Norec, Øystein Garfors, og poengterer:

– Saman med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse stiller vi med nøkkelkunnskap om utveksling og mobilitet innan høgare utdanning, og vi trur dette er starten på eit godt samarbeid og eit sterkare fagmiljø.

– Slik kan vi nå måla i mobilitetsmeldinga

I den endrande internasjonale og geopolitiske konteksten, er internasjonalt samarbeid både meir utfordrande, men desto viktigare. Avdelingsdirektør Hilde Elin Haaland-Kramer i HK-dir stadfesta at å auke kvaliteten på utvekslinga er viktig:

– Mobilitetsmeldinga legg opp til 50 % studentmobilitet. For å nå desse høge måla, må vi sikre ei betre oppleving og gi tettare oppfølging. Her kan kompetansesenteret Norec dele av si lange erfaring, seier ho og får støtte frå Garfors.

Agnete Viborg frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse presenterte funn frå ein rapport om fagleg samhandling mellom norske og internasjonale studentar, som peika på dei utfordringane spesielt innreisande studentar møter på. Dette opna opp for gode diskusjonar rundt teamet.

– Vi må sikre at dei som kjem til Norge, og dei som reiser ut, har ei positiv oppleving. Vi må jobbe med å betre strukturane rundt dei på utveksling og fange dei opp. Her må vi få med den interkulturelle kompetansen, og ikkje berre den praktiske, seier han og viser til arbeidet gjort av deltakande institusjonane.

Internasjonal koordinator Iulia Beluta frå Høgskulen i Volda fortalte om korleis dei jobbar med innreisande studentar il Volda.

Delte kunnskap på tvers

Under kurset presenterte utvalde høgare utdanningsinstitusjonar korleis dei jobbar med utveksling. Internasjonal koordinator Iulia Beluta frå Høgskulen i Volda, og Stella Kristine Angove og Alexandra Blumenstein frå NHH fortalde om korleis utdanningsinstitusjonane jobbar med utveksling og heilgradsstudentar. Eit av måla for seminaret er å styrke fagmiljøet som jobbar med utveksling.

– Ikkje berre fortel deltakarane at det var svært relevant, men dei spør etter meir kunnskap både om kva prosjektordningar som finst, og korleis ein endå betre kan legge til rette for ut- og innreisande studentar og tilsette, fortel Øystein Garfors.

Tilbakemeldingane frå deltakarane auka motivasjonen for å arrangere fleire kurs saman. Målet er å arrangere kurs også for høgare utdannings institusjonar i andre deler av landet.

– Desse kursa er ein god måte å vere tett på institusjonane og høyre kva som beveger seg der, samstundes som vi får auka kompetansen om kva studentane og dei tilsette treng, seier han.