Mentorordning, tydeleg arbeidsbeskriving og deltaking i både formelle og uformelle møter er nokre av tiltaka som gjer det lettare for mellombels tilsette å trivast, syner ein ny rapport

– I tråd med våre tilrådingar, seier seniorrådgivar Kari Lindemann i Norec.

Ei lang rekke verksemder i Norge har mellombels tilsette frå andre land. Blant dei er om lag 200 Norec-deltakarar som årleg kjem til Norge på arbeidsutveksling.

Den nye rapporten frå Oxford Research har undersøkt korleis norske verksemder tek imot utanlandske mellombels tilsette. Tidsperspektivet og færre tilgjengelege ressursar gjer at situasjonen ofte er heilt annleis enn for fast tilsette.

– Norec legg stor vekt på at arbeidsstaden må førebu seg godt før utvekslingsdeltakarane kjem. Denne rapporten syner kor viktig det er, seier Lindemann.

Tydelege krav og mentorordning dei viktigaste faktorane
Å lukkast med å inkludere mellombels tilsette stiller andre krav til verksemdene enn for fast tilsette. Rapporten syner at det er mange grep arbeidsplassen kan gjere for å lukkast med inkluderinga, men det krev ofte god planlegging.

At dei tilsette får tydelege jobbkrav og arbeidsbeskrivingar før dei startar i jobben er blant dei viktigaste tiltaka, ifølge rapporten. Det same er ei form for mentorordning. Ein mentor vil seie ein person det er lett for den mellombels tilsette å ta kontakt med for spørsmål eller støtte, både fagleg og sosialt.

Mentoren bør helst ha erfaring frå å bu i eit anna land, men det treng ikkje vere det landet den mellombels tilsette kjem frå.

– Erfaringa frå sjølv å ha vore ny og aleine i ein framand kultur er svært nyttig når ein skal hjelpe nytilsette med å finne seg til rette på arbeidsplassen, forklarer Lindemann.

Rapporten trekk fram fleire andre tiltak verksemder kan gjere for å ta imot mellombels tilsette best mogleg. Arbeidsgivar bør mellom anna:

  • behandle mellombels tilsette mest mogleg likt som fast tilsette
  • gi lik tilgang til arbeidsutstyr og forvente lik deltaking i både formelle og uformelle møter
  • avklare forventingar før arbeidsopphaldet og gi ei klar skildring av arbeidsoppgåvene som ventar
  • legge opp til tydeleg kommunikasjon kring arbeidsoppgåvene undervegs
  • gi arbeidsoppgåver som er tilpassa ferdigheitene og kunnskapa til dei mellombels tilsette, og tydeleg verdsetje deira individuelle bidrag
  • sikre god overføring av kunnskap og erfaring mellom opphalda til ulike mellombels tilsette
  • tilby tidleg språkkurs og kulturkurs om norsk samfunn og arbeidsliv
  • sikre lett tilgjengeleg bustad som er plassert slik at det gjer sosialisering lettare også utanfor jobb

Fleire av råda kan høyrast sjølvsagte ut, men Lindemann åtvarar om at det er fort gjort å ta ting for gitt:

– Rapporteringsrutinar og måtar ein gir tilbakemelding til kvarandre på varierer til dømes mykje mellom land. Difor er det lurt å vere tydeleg på slike ting allereie før den tilsette kjem til arbeidsplassen, avsluttar ho.

Du kan lese heile rapporten her. Rapporten er skriven på oppdrag frå Norec.