På tre år vart barnedødelegheita halvert ved sjukehus i India. Takka vere utveksling av kunnskap, etablering av mjølkebank og godt samarbeid.

– Eg er audmjuk og stolt over å sjå kva dette samarbeidet har resultert i. Det har gått gjetord om kva de har fått til, og eg er svært glad for at eg no har fått sjå det med eigne auga, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Ho vitja i byrjinga av november Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran’s Hospital i New Delhi, som ledd i ei markering av 60-årsjubileet til Norec.

Ein tydeleg rørt statsråd fekk med sjølvsyn sjå kor gode resultat ein kan oppnå når fleire gode krefter jobbar saman mot same mål. Sidan 2017 har avdeling for global helse ved Oslo universitetssykehus (OUS) og Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran’s Hospital utveksla sjukepleiarar og legar for å dele kompetanse og kunnskap.

Halverte dødelegheita på få år

Dei to sjukehusa Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran’s Hospital ligg nesten vegg i vegg i New Delhi i India. Sjukehusa har felles leiing og legar, medan sjukepleiarane høyrer til kvar sitt sjukehus. Med knappe 600 meters mellomrom ligg to nyføddavdelingar som har mellom 13 000 og 14 000 nyfødde fødslar i året.

Mellom ein fjerdedel og halvparten av dødsfalla blant nyfødde skjer første leveveka. For sjuke og for tidleg fødde spedbarn kan god hygiene, morsmjølk og hud-til-hud-kontakt med mor og far vere skilnaden mellom liv og død.

På få år har dødelegheita for dei nyfødde ved Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran’s Hospital blitt halvert. Mykje takka vere helsesamarbeid mellom Noreg og India og kunnskapsutveksling gjennom Norec.

– Her har vi fått til resultat saman som vi ikkje kunne klart åleine, seier prosjektleiar og avdelingsleiar på nyfødd-intensiven ved Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran’s Hospital, Sushma Nangia.

Langvarig samarbeid

I 2006 vart det inngått ein avtale mellom India og Noreg, med mål om å redusere spedbarnsdødelegheita i India, kalla The Norway-India Partnership Initiative (NIPI). Gjennom avtalen forplikta norske styresmakter seg til å assistere India med fagleg assistanse og økonomisk støtte i arbeidet med å førebyggje spedbarnsdød.

OUS tok på seg ansvaret for den helsefaglege oppfølginga, medan Norsk senter for utvekslingssamarbeid, Norec, finansierer store delar av prosjektet.

Avdeling for global helse ved Oslo universitetssykehus (OUS) har hatt eit samarbeidsprosjekt med offentlege sjukehus i India sidan 2012. OUS starta samarbeidet sitt med Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran’s Hospital i 2017.

Tidlegare deltakarar fortalde om erfaringar

Statsråd Anne Beate Tvinnereim fekk, saman med tidlegare direktør i Fredskorpset, Nita Kapoor, omvising på sjukehuset for sjølv å kunne sjå kva resultat som er skapt i løpet av høvesvis få år med kunnskapsdeling gjennom Norec og bidrag frå den norske ambassaden.

Under besøket fekk Tvinnereim møte indiske sjukepleiarar som har vore på utveksling ved Oslo universitetssjukehus.

– Det gjorde sterkt inntrykk å høyre korleis samarbeid med andre påverkar dykk, ikkje berre profesjonelt, men også personleg. Og det er fantastisk at utvekslinga av kunnskap går begge vegar. Det er unikt, seier Tvinnereim.

Sjukepleiar Shalini Rawat fortalde delegasjonen om erfaringane sine frå si utveksling ved Oslo universitetssykehus Ullevål i 2019/2020. Rawat var tydeleg på at utvekslinga har ført til store endringar ved sjukehuset i Delhi.

– Gjennom utvekslinga lærte vi mykje nytt. Og så endra vi haldninga vår. Norske sjukepleiarar er svært dedikerte. Det har vi teke med oss, seier Rawat.

For tidlegare direktør i Fredskorpset, Nita Kapoor, var det ekstra kjekt å få vise fram Lady Hardinge-prosjektet for statsråd Tvinnerheim.

– Det er ei stor glede å kunne sjå i praksis for eit superb Norec-prosjekt Lady Hardinge er. Her ser vi det beste av det beste i Norec-modellen, og ei utvikling av eit berekraftig samarbeid, seier Kapoor.

Samarbeidet har hatt katalytisk effekt

I prosessen har ein også etablert mjølkebank og ammesenter ved Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran’s Hospital, noko som har ytterlegare medverka til å minske dødelegheita blant spedbarn.

Der Norec har bidrege med midlar til utveksling av kunnskap, har den norske ambassaden i New Delhi bidrege med finansiering til mjølkebankar og intensivavdelingar for nyfødde fleire stadar i India.

KPMG, som har gjort ei ekstern evaluering av prosjektet, peikar på at det har hatt ein katalytisk effekt for etableringa av ein nasjonal mjølkebank i India. Då prosjektet starta i 2011 var det 12 mjølkebankar i India, som ikkje var koordinerte og i liten grad kommuniserte.

Har fått godkjent nytt prosjekt

Prosjektet har lagt til rette for nettverking og samarbeid, noko som har resultert i vekst og koordinering av 70 mjølkebankar i India. Prosjektet har også påverka og bidrege til innhald i dei nasjonale retningslinjene for amming.

Og eventyret held berre fram.

– Vi har akkurat fått godkjent ein ny treårig avtale med Norec. Her skal vi jobbe for å spreie kunnskapen om mjølkebank og hud-til-hud-kontakt (kenguru mother care) til andre sjukehus, fortel doktor Nangia.

Målet er å betre nyføddomsorga på lokale sjukehus ved å nytte eit mobilt ammesenter. Dette skal tilby sjukepleie, ammerådgjeving og mjølkebanktenester.

– Dette vil bidra til å auke ammefrekvensen, redusere infeksjonar og betre ernæringsstatusen til nyfødde born, seier Nangia.