97 prosent av deltakarane meiner utreisekurset til Norec gjorde dei meir opne for nye idear og betre rusta til å forstå andre kulturar, syner ei ny kursevaluering.

– Vi er særleg nøgde med at deltakarane opplever at kursa er relevante for utvekslingsopphaldet, seier seksjonsleiar for kurs Øystein Garfors.

I følge evalueringa er 93 prosent av deltakarane einige i at utreisekurset var nyttig for utvekslinga deira.

På grunn av koronapandemien har det ikkje vore mogleg for Norec å arrangere fysiske kurs i haust. Norec har mellom anna brukt hausten til å evaluere kursverksemda.

– Det er alltid grep vi kan gjere for å verte betre. No vil vi bruke evalueringa til å gjere kursa enda meir nyttige, held Garfors fram.

– Vi har ein «missing link» i kunnskapsoverføringa

Ein viktig del av Norecs utvekslingsmodell handlar om at heile organisasjonen skal lære av utvekslinga, ikkje berre personen som reiser på utveksling. Her syner evalueringa at Norec har forbetringspotensiale:

– Det ser ut til at vi har ein slags «missing link» når det gjeld å overføre kunnskap frå utvekslingsdeltakaren til heimorganisasjonen etter utvekslingsopphaldet, forklarar Garfors.

– Overføring av kunnskap skjer ikkje av seg sjølv. Heimkomstkurset spelar ei viktig rolle for å få til det vi kallar institusjonell læring. Vi må jobbe meir med korleis Norec kan bidra til at samarbeidspartnarane får tilbakeført denne kunnskapen.

Vil kutte i CO2-utslepp, men ikkje slutte å fly

Norec forventar at alle samarbeidspartnarane jobbar for å nå berekraftsmåla, men må også sjølv finne måtar å støtte utvekslingsprosjekt på ein berekraftig måte.

– Det er ikkje nok å berre be partnarane våre jobbe med berekraft, Norec må sjølvsagt også ha eit kritisk blikk på eiga drift, påpeiker Garfors.

Evalueringa er tydeleg på at dei fysiske møta på kurs er ein viktig del av kulturforståinga for deltakarane.

– Utelukkande digitale kurs i tida etter pandemien er ikkje aktuelt. Deltakarane skal uansett reise på utveksling, så vi må heller freiste å tilpasse reiserute og kursplassering best mogleg, seier Garfors.

Kursevalueringa er gjennomført av konsulentselskapet KPMG. Ein del av oppdragsbeskrivinga var å undersøke korleis Norec kan minske CO2-utsleppa knytt til kursverksemda.

– Vi har fått forslag til kor Norec kan arrangere kurs for at deltakarane skal fly minst mogleg. Men det er eit komplisert reknestykke, for faktorar som kostnad og ulike visumreglar spelar også inn i planlegginga.

Øystein Garford, seksjonsleiar for kurs, seier Norec vil kombinere fysiske kurs med digitale komponentar

Kombinerer fysiske kurs med e-læring

Ei av tilrådingane frå evalueringa er å kombinere fysiske kurs og digitale komponentar.

Koronapandemien sørga for at Norec fekk ein pangstart for digitale kurs i 2020. Desse kursa var heildigitale, men i tida vidare planlegg Garfors å heller kunne tilby fysiske kurs saman med ulike formar for e-læring.

– Sjølv om ikkje kursa skal erstattast heilt med digitale variantar kan vi gjere mykje førebuing og etterarbeid digitalt. Vi håper det kan gjere at tida deltakarane møtast fysisk vert brukt meir effektivt, seier Garfors.

– Vi er allereie godt i gang med utviklinga av e-læringsmodular, og vil legge mykje arbeid i det framover.

Tydelegare fordeling mellom partnarar og Norec

Norec står for ein del av kursopplegget utvekslingsdeltakarane må gjennom, medan samarbeidspartnarane står for resten. Det er ei fin fordeling, meiner Garfors:

– Kursa til partnarane er ein svært viktig del av førebuinga. Det er dei som er ekspertar på det faglege innhaldet i jobben.

Ei av tilbakemeldingane er at det bør vere ei tydelegare fordeling av kven som har ansvar for kva. No får av og til deltakarar dobbel gjennomgang eller dei opplever at noko informasjon fell i mellom.

– Norec kan heilt sikkert bli flinkare til å gi rettleiing og betre opplegg til partnarane. Vi kan også bli tydelegare på akkurat kva vi forventar frå kursa partnarane gjennomfører, seier Garfors.

Norec arrangerer ikkje dei same kursa for alle utvekslingsdeltakarane. I dag er det berre dei som reiser på det som vert kalla proffutveksling som får tilbod om heimkomstkurs i regi av Norec.

– Det kan vere minst like vanskeleg å komme heim frå utveksling som å reise ut. Heimkomstkursa har difor mykje å seie. Norec er anbefalt å ta eit ta eit større ansvar for innhaldet i desse.

 

Du kan lese heile evalueringa her.