Norec skal frå rekruttere norske ekspertar til FN-systemet og Verdsbanken

1 april får Norec eit nytt ansvar: å koordinere rekruttering av norskfinansierte stillingar til internasjonale organisasjonar i FN-systemet og Verdsbanken. Det dreiar seg om FN-frivillige (UNVs), juniorekspertar (JPOs) og rådgjevarar på berekraft (SDPs).

– Vi er glade for å få dette ansvaret, som fram til no har lagt hos utanriksdepartementet. Det passar godt med samfunnsoppdraget vårt – å legge til rette for utveksling av profesjonelle og frivillige mellom Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika, seier Jan Olav Baarøy, Direktør for Norec.

Han var sjølv juniorekspert for UNICEF i Uganda og New York tidleg i sin karriere.

– Det var en viktig erfaring som fekk meg inn på det sporet eg jobbar med i dag; bistand og internasjonal utvikling. Per no har vi over 45 nordmenn i FN-systemet gjennom desse ordningane. Dei arbeidar med eit breitt spekter av tema. Målet er at flest mogleg blir verande ein stund i FN-systemet, eller at de fortset å jobbe med berekraft og internasjonalt samarbeid, seier Baarøy.

Les meir om dei ulike stillingane her

Stillingane er reservert norske statsborgarar, og krev at man har høgare utdanning og noko profesjonell erfaring. I tillegg må ein ha gode språkkunnskapar i engelsk, og helst beherske eit anna av FN sitt offisielle språk. Stillingane er først og fremst for yngre profesjonelle. Rekrutteringane går føre seg ein gang per år, og neste runde vert annonsert før sommaren.

Det er dei internasjonale organisasjonane som står for tilsettinga, og ein vert tilsett hos dei på deira vilkår. Vanlegvis blir ein rekruttert for 1 til 3 år. Nokre begynner sitt opphald i FN-hovudkvarter som ligg i store byar som New York eller Genève. Andre startar på mindre kontor, gjerne i land i sør. Målet er å oppleve kva det vil si å jobbe på begge typar stadar, slik at ein forstår breidda av arbeidet til internasjonale organisasjonar.

– Å jobbe som UNV, JPO eller SDP er ein gyllen moglegheit for å både lære frå og bidra til internasjonalt samarbeid. Og den typen samarbeid er viktigare enn nokosinne i våre dagar, avsluttar Baarøy.