Kvart år reiser 600 unge deltakarar frå heile verda på utveksling gjennom Norec. For at dei skal få eit best mogleg opphald, må både deltakarar og partnarar på kurs i Norec-regi. Her kan du bli betre kjend med kursseksjonen i Norec.

Tenk deg at du skal på utveksling til eit anna land og ein annan kultur i eit heilt år! Då har du heilt sikkert mange spørsmål! Kva kjem til å møte deg? Kva bør du vite før du dreg? Korleis kan du førebu deg på kva du skal oppleve? Slapp heilt av! I Norec er du i trygge hender frå start til mål! Gjengen i kurs-seksjonen vår gir deg alt du treng å vite!

Under eit utvekslingsopphald blir deltakarane kjende med nye menneske, kulturar og får inntrykk frå forskjellige arenaer. Då er det ekstra viktig å ha ein trygg person som kan førebu dei på kva dei skal møte og rettleie dei på reisa.

Det å skape relasjonar, både til deltakarar og mellom ulike kulturar, er noko dei tilsette i kursseksjonen i Norec er ekstremt gode på.
Relasjonsbygging er i tillegg noko av det som har best påverknad på deltakarane si evne til å lære under kursa. Og gjensidig læring er det som ligg i botn av all utveksling Norec støttar økonomisk.

Hovudoppgåva til kurs-seksjonen er å halde kurs både for deltakarar som dreg på utveksling og for partnarar som skal sende og ta imot deltakarar. Kursa er obligatoriske, og kursseksjonen held normalt mellom 25 og 30 fysiske kurs i året. I tillegg har bruken av digitale kurs auka, som følge av pandemien.

Når dei 7 tilsette på kursseksjonen ikkje held kurs, går arbeidsdagen deira ut på etterarbeid frå tidlegare kurs, og planlegging av framtidige kurs. Dei skal ha kontroll på alt frå transport, kontakt med ambassadar, lokale og logistikk som må vere på plass for at kursa skal gå knirkefritt. I tillegg har dei tilsette som utgangspunkt at dei alltid skal prøve noko nytt på kvart kurs, anten det er lite eller stort.

Tilsette i kursseksjonen:

Øystein Garfors

Stilling: Seksjonsleiar Kurs
Øystein har utdanning innan internasjonal marknadsføring, pedagogikk og rettleiing. Han fekk tidleg interesse for å reise og bli kjend med andre kulturar, noko som han tok med seg inn i arbeidslivet der han arbeidde med internasjonale prosjekt i Litauen, Uganda, Malawi og India. Då Norec flytta til Førde opna det moglegheita for å kombinere engasjement for utdanning og berekraft, og samarbeid over landegrenser.

Beste råd til deltakarar som skal på utveksling til eit nytt land og ein ny kultur:
På kursa i Norec prøver vi å gjere deltakarane klare til å bu og jobbe i ein framand kultur. Vi jobbar med å gjere deltakarane medvitne på sin eigen kultur, og å evne å sjå seg sjølve utanfrå.
Alle har noko å lære frå «dei andre». På kursa våre får deltakarane ein treningsarena der ein får utfordra eigne verdiar og reflektere over eiga rolle slik at det skal bli lettare å tilpasse seg både i jobb og privat. Eit par konkrete tips er å mentalt førebu seg på å få kultursjokk, og skaffe seg ein mentor, også for det sosiale.

Grete Thingelstad

Stilling: Seniorrådgivar Kurs
Grete har jobba i Norec og tidlegare Fredskorpset sidan 2003, store delar av tida med kurs for deltakarar og partnarar. Ho har bakgrunn frå sosialantropologi, og før Fredskorpset/Norec jobba ho fleire år ved Institutt for fredsforsking (PRIO) og ved Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI).

Beste råd til deltakarar som skal på utveksling:
Føl verdiparet til Norec: Utfordr og vis respekt, ver engasjert og profesjonell. Og ikkje gløym å ha det gøy!

Patience Malunga

Stilling: Kursleiar
Patience er fødd og oppvaksen i Zimbabwe. I 2015 flytta ho til Norge og har arbeidd som kursleiar for Norec sidan august 2018.

Beste råd til deltakarar som skal på utveksling til eit nytt land og ein ny kultur:
Det å eksponere deg sjølv for ein annan kultur og samfunn er den beste forma for førstehands livserfaring. Det eksisterer ingen riktig eller gal kultur – det er berre annleis.

Grete Indrebø

Stilling: Administrasjonsrådgivar
Grete er mor til fire og har ei økonomiutdanning frå BI. Ho har tidlegare arbeidd 10 år i Norsk Folkehjelp flyktningmottak. Då det var bestemt at Norec (tidlegare Fredskorpset) skulle flyttast til Førde, søkte ho seg hit til nye moglegheiter.

Beste råd til deltakarar som skal på utveksling til eit nytt land og ein ny kultur:
Ver engasjert og interessert! Lær, lev og nyt tida.

Andreas Instebø Jamne

Stilling: Kursleiar
Andreas byrja sine studiar med ein bachelor i kriminologi i England, før han fekk nokre år arbeidserfaring i sosialt arbeid, hovudsakleg innan rus, psykiatri og einslege mindreårige flyktningar. Vidare tok han ein master i fred- og konfliktstudiar i Sverige. Sidan søkte han relevant arbeid ute i den store verda, før han enda opp i Norec der han med base mellom fjord og fjell arbeider med den store verda.

Beste råd til deltakarar som skal på utveksling til eit nytt land og ein ny kultur:
Du har allereie tatt eit modig val ved å ta utfordringa som kjem med å flytte til et anna land for å bidra i viktig arbeid. Hugs å halde fram med å vere modig i kvardagen din på utveksling. Beveg deg utanfor komfortsona di, ta imot nye utfordringar og engasjer deg i lokalsamfunnet!

Skal du på kurs i regi av Norec? I så fall ser vi deg der!