Frivilligheit og sivilsamfunnet spelar ei avgjerande rolle i arbeidet for å nå FNs berekraftsmål. Likevel vert denne innsatsen ofte ikkje anerkjend. Det ønsker Norec å gjere noko med.

Med jamne mellomrom legg alle FNs medlemsland fram ein nasjonal berekraftsrapport (Voluntary National Review). Her rapporterer dei på framgangen dei har gjort med berekraftsmåla.

– Frivilligheita og sivilsamfunnet er vanlegvis knapt synleg i desse rapportane, til trass for det viktige arbeidet dei gjer, forklarer seniorrådgivar i Norec Helge Espe.

Tysdag 2. februar held Espe eit innlegg på webinaret «Reporting the impact of volunteering to achieve the Agenda 2030». På webinaret får deltakarane lære meir om lobbyverksemd, frivilligheit og berekraftsmål, og om korleis FN-systemet kring oppfølginga av berekraftsmåla fungerer.

– Lang tradisjon i Norge for å lytte til sivilsamfunnet

Webinaret vert arrangert av gruppa Voluntary Group Alliance (VGA), som Norec støttar. VGA er ei samanslutning av ulike organisasjonar som jobbar for å synleggjere frivilligheitas arbeid for berekraftig utvikling. Gjennom å støtte VGA ønsker Norec å bidra til at frivilligheit og sivilsamfunn vert betre anerkjend som verkemiddel for å nå berekraftsmåla.

Espe har jobba med multilateralt samarbeid dei siste 12 åra, og har brei erfaring frå internasjonal utvikling. Han har også god kjennskap til FN-systemet. På webinaret vil han dele norske erfaringar, men også dele kunnskap om korleis ting går føre seg i praksis.

– Det er liten tvil om at FN er eit tungrodd system med store utfordringar. Vidare ser mange land på FN utelukkande som ein plattform for statlege aktørar og det er ikkje lett for sivilsamfunnet og frivillige organisasjonar å bli lytta til.

Espe trur norsk erfaring kan vere nyttig for mange:

– I Noreg har vi ein lang tradisjon for å inkludere sivilsamfunnet i slike saker. Det er nettopp det VGA jobbar for, og som kompetansesenter er vi i Norec glade for å kunne dele vår erfaring.

Digitale toppmøte gir håp om endring

I sommar skal rapportane leggast fram på FNs høgnivåforum for oppfølging av berekraftsmåla (HLPF). Vanlegvis skjer dette i New York, men i år som i fjor vert arrangementet digitalt på grunn av koronapandemien.

Espe håper det digitale formatet er starten på ei varig endring:

– Det er dyrt og enormt ressurskrevjande å få representantar frå frivilligheita kringom i verda til New York for å tale i FN. Forhåpentlegvis blir det lettare og ikkje minst billegare å få taletid når møta no skjer digitalt.

Samstundes peikar Espe på at det også er viktig at frivilligheita får ta del i sjølve utarbeidinga av rapportane.

– Her er det ofte svært vanskeleg for frivillige organisasjonar å få gehør hos myndigheitene, seier Espe.

– Det er først og fremst denne biten vi skal snakke om på webinaret. Det er viktig at alt arbeidet frivilligheita står bak også vert rapport om inn til FN, avsluttar han.

 

Webinaret går føre seg på Zoom, tysdag 2. februar kl. 16:00 norsk tid. Du kan registrere deg på førehand på denne sida.