Norecpartnaren WAGGGS er som ein del av den internasjonale speiderbevegelsen nominert til Nobels fredspris i 2021 av stortingsrepresentant for Venstre, Solveig Schytz.

– I ei tid der verda er preget av mange store internasjonale utfordringar, enten det er klimaendringar, krig eller pandemi, treng vi ei motvekt mot egoisme og nasjonalisme. Vi må tilby ungdom ein moglegheit til å bidra til samfunnet, både lokalt og internasjonalt, seier Solveig Schytz, som også har vore speidarsjef i Norges speidarforbund frå 2010 til 2012.

WAGGGS står for World Association of Girl guides and Girl Scouts, og er den internasjonale speidarbevegelsen for jenter. Organisasjonen samlar jenter over heile verda rundt felles verdiar på tvers av kultur og religion og beskriv seg sjølv som verdas største frivillige organisasjon for alle jenter over heile verda. Wagggs representerer ti millionar jenter fordelt over 152 land.

I Norge blir speidaren kanskje først og fremst forbundet med friluftsliv, men speidarforbunda har ulikt fokus og ulike roller ut i frå lokale forhold. Internasjonalt er speidarbevegelsen ei sterk kraft i fredsskapande arbeid. Uformell utdanning, og det å la ungdom få moglegheita til å ta ansvar og bidra i samfunnet er grunnleggande for arbeidet.

Jenter som er medlem i WAGGGS deltek via innovative og uformelle «utdanningsprogram», som styrkar unge jenter og kvinner. Programma skal gje medlemmene den tryggleiken og kompetansen som trengs for å gjere positive endringar både i deira eige liv, og i landet dei bur i.

Norec har bidratt med støtte til WAGGGS frå 2015. Sidan den gong har 211 unge kvinnelege speidarar fått internasjonal erfaring gjennom Norecstøtta utvekslingsprosjekt i Burundi, Bangladesh, Ghana, Kenya, Madagascar, Malawi, Nepal, Nigeria, Rwanda, Senegal, Tanzania, Uganda, Zambia, Zimbabwe og Sør-Afrika.