Til tross for mykje nytt er kjerneverksemda den same: Fokuset er framleis gjensidig utveksling frå Norge til land i Afrika, Asia og Latin Amerika og sør-sør utveksling mellom land i desse regionane.

«Programma skal bygge på gjensidig partnarskap», står det i Norecs nye instruks frå 10. august 2018. «Norec skal være eit kompetansesenter for utvekslingsverksemd, og aktivt støtte opp om prosjektpartnarane og utvekslingsdeltakarane med kursverksemd, rettleiing og oppfølging».

Offisielt trer ikkje den nye instruksen i kraft før i januar 2019 – når Fredskorpset juridisk bytter namn, men den ligger til grunn for arbeidet ut året.

Bistands- og Utviklingsminister Nikolai Astrup fortel om bakgrunnen for namneendringa

– Den største forskjellen mellom Norec og Fredskorpset er namnet. Norec understrekar at vi er eit norsk initiativ, at verkemiddelet er utveksling og at målet er samarbeid for ei betre verd, seier Direktør i Norec Jan Olav Baarøy.

Til tross for namneendringa og flytting frå Oslo til Førde, vil mykje av Fredskorpsets arbeid over dei siste 18 åra ligge til grunn for nye Norec.

– Men Norec skal også fokusere meir på å fremje gjensidig utveksling av tilsette i norske og utanlandske selskap, seier Baarøy.

– Der selskap allereie har samarbeid, skal vi legge til rette for at dei kan utveksle arbeidskraft for gjensidig læring hos alle partar.