Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Til partnarar som skulle starte ny runde utveksling mellom august-oktober 2020

Norec har følgt den globale utviklinga til covid-19 tett dei siste vekene. Det er no klart at verda vil vere i unntakstilstand lenger enn vi håpa på for ein månad sidan.

Av Norec

Sist oppdatert: 27.04.2020

 

Det er no reiserestriksjonar i og mellom nesten alle land, inkludert kansellerte flyavgangar og innskrenkingar i behandling av visumsøknadar. Det verkar ikkje som om reising vil bli normalisert innan tidlegast november 2020, og kanskje ikkje før i 2021. Dette påverkar utvekslingsprosjekta til Norec og partnarskapa dykkar.

 

Til partnarar som skulle starte ny runde utveksling mellom august-oktober 2020

  • Dessverre vil ingen nye utvekslingsprosjekt ta til før tidlegast november 2020.
  • Norec vil halde fram med å behandle søknadar, men vil ikkje godkjenne nye utvekslingsrundar før vi veit meir om situasjonen og det er trygt og ansvarleg å starte opp att.

 

Norec vil invitere dykk til eit nettmøte om kort tid. På desse møta vil vi forklare korleis vi vil følgje dykk opp administrativt om dei pågåande endringane. Vi vil også forklare kva vi kan gjere for å støtte partnarskapa dykkar i denne perioden når ting ikkje kan gå som normalt, og korleis de kan søke. Invitasjon og informasjon vil bli sendt ut i ein eigen e-post.

 

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon