Rundesøknad og runderapport
Rundedokument
Ein samarbeidsavtale er delt inn i rundar. Ei rundebeskriving viser mellom anna kva aktivitetar, arbeidsoppgåver og oppdrag deltakarar utfører for nå måla i prosjektet. Partnarskapet sender inn rundebeskriving og budsjett for kvar runde til Norec. Ei runde kan vare mellom 3 og 18 månadar.
Følgjande dokument inngår i søknaden:
Dokument frå alle partnarar i prosjektet:
- nyaste årsrapport
- nyaste reviderte og konsoliderte årsrekneskap
- gyldig firmadokumentasjon for revisjonsfirmaet som har revidert årsrekneskapen
Vi oppmodar koordinerande partnar om å samle inn alle naudsynte dokument på vegner av partnarskapet, og sende desse samla i ein e-post til programrådgivar.
Rapportering – runde
Partnarskapet er ansvarleg for å rapportere på resultat og økonomi undervegs i prosjektperioden.
Koordinerande partnar må rapportere aktivitetar, kostnader og resultat i prosjektet etter kvar utvekslingsrunde. På vegner av partnarskapet må dei også levere inn ein samla revisjonsrapport av Norec-midlane for kvar runde.
Slik rapporterer du:
Runderapporten skal leverast ein månad etter endt runde, medan den økonomiske rapporten skal leverast fire månader etter at runden er gjennomført.
Rettleiing
Her finn du praktisk rettleiing om planlegging, gjennomføring og rapportering av eit utvekslingsprosjekt.
Fann du det du leita etter?
Takk for tilbakemeldinga!
Takk for tilbakemeldinga!