Leprapasientar i Nepal, Bangladesh og Myanmar får raskare behandling takka vere eit Norec-støtta prosjekt der fagfolk lærer av kvarandre. 

Prasanna Mizar.

– Eg lærte korleis ein kan få mykje ut av lite. Det gav meg tekniske ferdigheiter, men også sjølvtillit, seier Prasanna Mizar, som er jobbar med proteser ved Anandaban hospital i Nepal.

Gjennom eit utvekslingsprogram fekk Mizar reise til Myanmar for å sjå korleis dei jobba med lepra der. Han kom tilbake til Nepal med eit nytt blikk på arbeidet sitt, og ei sterkare tru på kva kunnskapsdeling kan føre til.

I tillegg til at leprapasientane får raskare behandling, har utvekslinga også ført til at pasientane treng kortare sjukehusopphald og opplever meir meistring i kvardagen.

Prosjektet er drive av The Leprosy Mission (TLM), eit globalt fellesskap som har arbeidd for å utrydde lepra sidan 1874. Med støtte frå Norec får fagfolk som Mizar høve til å lære nye metodar ute, og ta dei heim igjen til pasientane.

I dag er organisasjonen aktiv i 29 land. Sjølv om lepra kan kurerast, fører sjukdomen framleis til funksjonsnedsetjing, stigma og sosial utstøyting i Sør-Asia.

Med støtte frå Norec utvekslar TLM i Nepal, Bangladesh og Myanmar tilsette mellom sjukehus og klinikkar. Legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, laboratorieteknikarar og fagfolk innan monitorering og evaluering bruker månader i nye arbeidsmiljø – og tek med seg heim idear som kan nyttast i eigne institusjonar.

– Eg kom heim med nye ferdigheiter og eit breiare perspektiv på arbeidet vårt, seier Mizar.

  • Partnarar

    • TLM Nepal, TLM International Bangladesh og TLM Myanmar

    • Alle er del av The Leprosy Mission Global Fellowship – etablert i 1874, aktiv i 29 land

  • Norec-støtte

    • Fire samarbeidsavtalar sidan 2018

    • No i runde 3 av ein femårig avtale (2023–2028)

  • Om lepra

    • Bakteriesjukdom som kan skade hud, nerver, auge og indre organ

    • Kan gi kroniske sår, funksjonsnedsettingar og amputasjonar

    • Sterkt stigmatisert i Sør-Asia, men sjukdomen kan behandlast

  • Prosjektet

    • Målet er å betre livskvaliteten til menneske med lepra og andre funksjonsnedsettingar

    • Utveksling av fagfolk: legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, laboratorieteknikarar og M&E-tilsette

    • Tidlegare deltakarar blir ofte verande i organisasjonen, noko som gir høg berekraft

     

Nærmare pasientane

I alle dei tre landa har utvekslinga ført til nye måtar å flytte tenester ut frå sjukehusa og nærare dei menneska som treng dei.

I Nepal har tilsette utvikla enkle rettleiingar som hjelper pasientar å halde fram med fysioterapi heime etter operasjon. Det reduserer talet på sjukehusbesøk og let sjukehusa bruke ressursane meir effektivt. I Bangladesh har sjukepleiarar byrja å lære pasientar å stelle sår sjølve.

– Det gir pasientane meistring og sjølvtillit, og samstundes lettar det arbeidsmengda for oss tilsette, forklarar sjukepleiar Akhi Biswas.

I Myanmar har tidlegare deltakarar sett i gang mobile klinikkar som når ut til lokalsamfunn utan tidlegare helsetenester. Rehabiliteringssenter er òg styrkte, slik at fleire får tilgang til protesar.

Fysioterapeut Zin Mar Theint, som no er på utveksling i Nepal, ser allereie føre seg forbetringar heime.
– Eg har lært nye løysingar for korleis rehabilitering kan organiserast ute i lokalsamfunna. Desse vil eg ta med heim for å styrkje tenestene våre, forklarar ho.

 

Katmandu, Nepal.

 

Akhi Biswas, Zin Mar Theint og Amrita Corraya.

Ny behandling sparer tid

Ein banebrytande metode for behandling av kroniske sår, utvikla i Nepal, er no teken i bruk i Bangladesh. Metoden, LPRF (Leukocyte Platelet Rich Fibrin), nyttar pasienten sine eigne blodceller for å få såra til å gro raskare. For menneske med lepra kan slike sår elles bruke eit halvt år eller meir på å gro.

Takka vere utvekslinga er metoden no innført ved DBLM-sjukehuset i Bangladesh. Til no har fem pasientar fått behandling – og opphaldstida deira har gått ned frå seks – åtte månader til berre nokre veker. Kortare sjukehusopphald er ein fordel både for pasientane og for sjukehusa, som får frigjort sårt tiltrengde senger og ressursar.

Ein bangladeshisk lege som deltok i utvekslinga er no i gang med å lære opp andre sjukehus i metoden, slik at resultata kan spreiast vidare.
Lege Amita Corraya seier ho sjølv har vorte tryggare gjennom utvekslinga.

– Eg har lært nye metodar og fått betre innsikt i korleis vi kan nå pasientane. Det har styrkt tryggleiken min og gjort sjukehuset vårt mindre avhengig av eksternt personale, fortel ho.

 

Varig påverknad for pasientane

Med støtte frå Norec er partnarane i The Leprosy Mission i ferd med å byggje sterkare helsetenester og skape betre moglegheiter for menneske som lever med lepra.

– No kan eg oppdage lepra på eit tidlegare stadium, og eg er betre rusta til å behandle pasientar med avanserte sår, seier sjukepleiar Akhi Biswas.

For pasientane betyr det færre sår, kortare sjukehusopphald og sterkare sjansar til å leve eit liv med verdigheit. Deltakarane i prosjektet opplever alle det same: dei ser utover sine eigne arbeidsoppgåver og oppdagar korleis små innovasjonar kan skape store endringar.