Lansering av evalueringsprogrammet 2026-2027: – Kunnskap er avgjerande i ei meir utrygg verd
20. januar 2026
I ei tid prega av aukande geopolitisk uro, krig og press på internasjonalt samarbeid, lanserer Avdeling for evaluering av norsk utviklingssamarbeid (Eval) programmet for 2026–2027.
Programmet skal bidra med kunnskap som styrker læring, ansvarleggjering og grunnlaget for avgjerder i norsk utviklingssamarbeid.
– Vi står i ein situasjon der handlingsrommet blir trongare, samstundes som konsekvensane ved feilprioriteringar blir større. Då er systematisk kunnskap om kva som faktisk fungerer, heilt avgjerande, seier evalueringsdirektør, Henrik Nordal.
Evalueringar av prioriterte innsatsområde
Programmet blir lansert 29. januar 2026 kl 13.00 i Førde, og trekkjer opp rammene for kva evalueringar og kunnskapsstudium som skal prioriterast dei komande åra. Blant temaa som skal evaluerast er norsk sivil støtte til Ukraina og Moldova gjennom Nansen-programmet, og Noregs internasjonale klima- og skoginitiativ – to område Norge har prioritert høgt, og behovet for kunnskap er stort.
NB: Arrangementet er på norsk.
I tillegg omfattar programmet evalueringar av fleire sentrale innsatsområde, mellom anna:
- Menneskerettar og sivilsamfunn i eit innsnevra demokratisk handlingsrom
- Norsk støtte til kvinner, fred og tryggleik
- Noreg og det multilaterale systemet
- Gjenoppbygging etter krig og konsolidering av fred
- Psykisk helse og psykososial støtte i humanitære og utviklingskontekstar
- Lokalt leia utvikling i norsk utviklingssamarbeid
- Noregs utviklingssamarbeid innan høgare utdanning og forsking
- Noregs portefølje for seksuell og reproduktiv helse og rettar
Meir læring og sterkare ansvarleggjering
Ifølgje Nordal er evalueringsprogrammet utvikla for å svare på konkrete kunnskapsbehov hos politiske styresmakter, forvaltning og samarbeidspartnarar – i ei verd der rammevilkåra endrar seg raskt.
– Evaluering handlar ikkje berre om å sjå bakover, men om å gi relevant innsikt for framtidige avgjerder. Målet er å bidra til meir læring, betre resultat og sterkare ansvarleggjering i norsk utviklingssamarbeid, seier han.
Lanseringa blir innleidd med ein presentasjon av hovudlinjene i programmet, etterfølgd av ein panelsamtale om rolla til evaluering i møte med dagens globale utfordringar. I panelet deltek følgande:
- Henrik Nordal, evalueringsdirektør Eval
- Elling Tjønneland, statsvitar og seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt (CMI)
- Tine Mørch Smith, ekspedisjonssjef Globalavdelinga, UD
Evalueringsprogrammet for 2026–2027 er utvikla gjennom faglege analysar og innspel frå aktørar frå forvaltning, sivilsamfunn, akademia og internasjonale partnarar. Programmet skal vere eit sentralt verktøy for kunnskapsbasert utviklingspolitikk i åra som kjem.