Malawi har 23 millionar innbyggjarar og berre seks nevrokirurgar. To av dei er Sithembile Chimaliro (33) og Leonard Chafewa (34), som har teke utdanninga si ved hjelp av Norec-midlar.

Dei er utdanna gjennom eit Norec-støtta samarbeid mellom Oslo universitetssykehus i Noreg og Queen Elizabeth Central Hospital i Malawi. Eit samarbeid som har endra tilgangen på livsviktig helsehjelp i Malawi.

– Eg har alltid drøymt om å bli kirurg og kunne lækje pasienten med hendene mine. Men eg trudde aldri eg kunne utdanne meg til nevrokirurg i Malawi, fortel Chimaliro.

Då ho og Chafewa var ferdige legar fanst det inga nevrokirurgiutdanning i Malawi. Då måtte dei reise til eit naboland.

– På det tidspunktet var eg nygift, og eg ville helst ikkje reise til eit anna land for å utdanne meg vidare, fortel Chafewa.

Vart inspirert av einaste nevrokirurgen i Malawi

Då Chafewa var ferdig med turnustenesta si, jobba han på eit distriktssjukehus. Der såg han mange pasientar døy av hovudskadar som dei ikkje kunne behandle.

– Eg såg mange liv som kunne vore redda. Men vi hadde verken utstyr eller kompetanse til å gjere noko. På legestudiet lærde vi ingenting om nevrokirurgi, seier Chafewa.

Men så møtte han nevrokirurg Patrick Kamalo ved Queen Elizabeth Central Hospital (QECH) i Blantyre. Han var på den tida den einaste nevrokirurgen i Malawi.

– Patrick viste meg kva nevrokirurgi innebar og introduserte meg til programmet, seier Chafewa.

Jobba sakte, men sikkert mot utdanning

Kamalo hadde ved hjelp av Norad-midlar utdanna seg til nevrokirurg i Sør-Afrika. Som einaste nevrokirurg for 20 millionar innbyggjarar i Malawi såg han eit skrikande behov for å opprette ei eiga nevrokirurgisk eining ved QECH.

Han kontakta difor Oslo universitetssykehus (OUS) i 2011 får å få til eit kirurgisk samarbeid. Det resulterte mellom annan i at det vart bygd ei eiga operasjonsstove for nevrokirurgi ved sjukehuset. Med Norec-midlar starta dei utveksling av helsepersonell mellom OUS og QECH.

Etter nokre år starta arbeidet med å bli etablert som ein utdanningsinstitusjon i Malawi. Målet var å byggje opp ei eiga utdanning i nevrokirurgi i Malawi, slik at legar kunne få spesialisering utan å måtte reise frå landet og familiane sine. Dette kom på plass i 2017.

Vart dei to første

I 2018 vart Chafewa og Chimaliro dei to første kandidatane i utdanningsprogrammet for å bli nevrokirurgar.

– For meg betydde det alt. Eg kunne bli verande heime, jobbe i eit kjent miljø og samtidig få rettleiing frå erfarne spesialistar i Noreg. Det gjorde utdanninga mogleg, seier Chafewa.

Norske nevrokirurgspesialistar reiste til Malawi med jamne mellomrom og underviste der. Men då pandemien råka i 2020 måtte kirurgane reise heim til Noreg. I staden vart undervisninga flytta til zoom – og den digitale løysinga vart ein suksess som ein har halde fram med, også etter pandemien. Sjølv om ein er tilbake til også fysisk undervisning.

– Vi har hatt digitale førelesingar kvar veke sidan, sjølv etter at vi er ferdige med utdanninga. Spesialistar frå OUS presenterer tema, og vi diskuterer pasienttilfelle saman. No deltek også kollegaer frå Etiopia og Uganda. Dermed nyt endå fleire fruktene frå prosjektet, seier Chafewa.

Chimaliro peikar på at det er ei stor støtte at dei alltid kan kontakte fagmiljøet i Noreg for råd, sjølv om dei er ferdig utdanna.

– Vi har nokon vi kan kontakte når vi står fast eller lurer på noko. Den kontakten hadde vi ikkje hatt utan Norec-prosjektet, seier Chimaliro.

Har blitt flytta til eit nytt sjukehus

Ho har fått endra arbeidsstad etter at ho vart ferdig nevrokirurg. Medan Chafewa framleis jobbar ved QECH, er Chimaliro flytta til Mzuzu Central Hospital, om lag ti timar køyring nord for Blantyre. Her er ho einaste nevrokirurgen, og står på mange måtar i same situasjon som Patrick Kamalo gjorde for over ti år sidan.

– Det gjer at alvorleg sjuke pasientar her i Mzuzu kan få naudsynt helsehjelp. Men vi treng å vere fleire nevrokirurgar, også her. Håpet mitt er at eg får ein nevrokirurgkollega i løpet av dei neste åra, seier Chimaliro.

Det andre ønsket hennar er ei eiga operasjonsstove på sjukehuset, slik at nevrokirurgane slepp å dele med alle dei andre kirurgane. Og gjerne eit komplett team med spesialiserte sjukepleiarar og anestesilegar.

– Kanskje kunne vi fått på plass ei utveksling også for sjukehuset her i Mzuzu?, seier Chimaliro.

– Dei lærte meg å fiske

Gjennom Norec-prosjektet har både sjukepleiarar, anestesilegar, medisinteknikarar og operasjonspersonell fått opplæring gjennom utvekslingsopphald – både på OUS og QECH. Det har ført til betre rutinar, nytt utstyr og høgare kvalitet på pasientbehandlinga.

– Det har vore eit tverrfagleg samarbeid som har styrkt heile sjukehuset, seier Chafewa.

Chafewa meiner støtta frå Norec har vore avgjerande for at prosjektet har lukkast så godt som det har gjort.

– Norec gav oss ikkje berre ein fisk – dei lærte oss å fiske. Systemet dei har vore med på å bygge opp, står no på eigne bein. Utdanninga går vidare, og fleire er på veg inn i programmet. Sjølv om støtta frå Norec forsvinn, vil prosjektet kunne halde fram. Det er berekraftig, seier Chafewa.