Interessa for eit potensielt Norec-samarbeid er stort i Latin-Amerika. No dreg ein delegasjon frå Norec til Bogota og Guatemala for å rekruttere fleire partnarar.

– Det digitale interessentmøtet vi hadde i oktober var svært populært med heile 265 påmelde. No følgjer vi opp med å reise til Latin-Amerika for å møte både potensielle partnarar og ambassadar, seier leiar for kurs i Norec, Øystein Garfors.

Norec har utvekslingssamarbeid i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Men ein skulle gjerne sett at talet på utvekslingssamarbeid var endå større i Latin-Amerika enn det er i dag.

– Per no har vi seks-sju prosjekt i Latin-Amerika, men vi bør opp mot det doble, seier Garfors.

Skal ha fysiske møte

Han er svært nøgd med at det digitale informasjonsmøtet i oktober fekk så god mottaking som det gjorde.

– Det er motiverande og kjekt når vi treffer folk som har lyst til å bli nærare kjende med kva vi driv med. Det ligg eit stort potensial i Latin-Amerika, seier Garfors.

Han får med seg programrådgivarane Ane Rosnes, Pablo Duorojeanni, Amalie Dalland Senneset og Andreas Jamne til Latin-Amerika. Her skal dei ha fysiske møte med vel 100 potensielle partnarar både i Guatemala og Bogota.