Har du tenkt på kor mykje som må fungere av reint praktiske ting for at ei bedrift eller ein etat skal fungere?

Hos Norec har vi eit knippe medarbeidarar som sørger for at drifta av Norec som arbeidsplass går saumlaust for seg.

Desse tilsette gjer ei rekkje oppgåver som berre dei kan gjere, og som må til for at dei andre seksjonane skal kunne gjere sin jobb. Vi snakkar sjølvsagt om dei tilsette i seksjonen for verksemdstyring.

– Du kan på ein enkel måte seie at vi «servar» resten av huset. Vi sit på mykje kompetanse på ei rekke fagfelt, og kvar tilsett kan sjåast på som nøkkelpersonar for bedrifta, seier seksjonsleiar Anne Lise Bekjorden.

Og du kjenner nok til oppgåvene frå di eiga bedrift. Nokon må passe på at løn vert utbetalt til rett tid, at det økonomiske går føre seg i rette former og at dei tilsette har det bra.
Nokon må passe på at arkivering vert gjort på korrekt vis, at datamaskina di får hjelp dersom ho plutseleg streikar, at vi følgjer lover og reglar og ikkje minst at partnarane våre mottek tilskotspengane sine og nyttar dei korrekt.

Dersom du tar kontakt med Norec, er det stor sjanse for at det er seksjonen for verksemdstyring som tek imot din førespurnad.
Her kan du bli enda betre kjent med nokre av dei tilsette frå seksjonen.

Tilsette i seksjonen for verksemdstyring:

Anne Lise Bekjorden

Stilling: Seksjonsleiar verksemdstyring

– Eg er utdanna revisor og lærar, og har vore busett i Førde i over 30 år. Kjerneverdiane til Norec som gjensidigheit og likeverd var viktige grunnar for at eg søkte jobb i Norec. Eg er også glad for at eg har fått moglegheita til å arbeide med noko som verkeleg er inspirerande og meiningsfullt.

Kva går jobben din ut på?
– Jobben min er delt mellom både leiaransvar og alt som går inn under økonomi. På ei avdeling med så mykje forskjellig fagkompetanse kan ein ikkje vere ekspert på alt. Så min hovudkompetanse ligg i rekneskap, lønn og internkontroll. I tillegg sørger eg for at alle våre partnarar får utbetalingane sine i tide, slik at dei har pengar til å kunne realisere sine mål.

Linn Helen Evensen

Stilling: Dokumentkontroller og arkivansvarleg

– Starten på min karriere i Norec begynte med ein gong bedrifta flytta til Førde i august 2018. Eg søkte meg hit fordi eg likar samfunnsoppdraget til Norec, og ønskjer å vere med på å (forhåpentlegvis) kunne gjere ein forskjell. Frå tidlegare har eg erfaring som sakshandsamar i Helse Førde.

Kva går jobben din ut på?
– Som statleg etat er vi underlagt arkivlova – det vil sei at alt vi gjer skal arkiverast. Som arkivansvarleg sørger eg for både drift og vedlikehald av arkivsystemet vårt. Norec ønsker å vere best i klassen innan digital arkivering. Vi var difor først ute med integrasjon mellom teams og arkivet vårt, for å sikre at arbeid frå teams også blir arkivert. I tillegg er eg ansvarleg for Norec sine styrande dokument og malar. Det vil seie at eg sørger for at alle våre rutinar, prosedyrar og policyar er «up to date».

Trine Lise Sagmo

Stilling: Controller

– Opphavleg er eg nordlending, men for 17 år sidan enda eg opp på ein gard i Sunnfjord. Eg har studert geografi og landbruksøkonomi, og avslutta studietida med ein master i samfunnsøkonomi. Arbeidslivet mitt byrja med sju år innan revisjonsarbeid, og deretter åtte år som controller knytt til kollektivtransport i fylkeskommunen. Heilt sidan flyttinga til Førde hadde eg følgt med på om Norec skulle lyse ut noko eg kunne søke på. Hausten 2020 dukka stillinga opp, og no har eg jobba her litt over eitt år.

Kva går jobben din ut på?
Som controller i Norec hjelper eg programrådgjevarane med å forstå og vurdere revisjons- og rekneskapsinformasjon som kjem i samband med søknadsvurderingar. I tillegg hjelper eg med det same når det går føre seg rapportering undervegs i prosjekta vi støttar. Dersom eit prosjekt har ubrukte tilskotsmidlar, er det eg som krev dei tilbake når prosjekta er ferdige. Saman med kollega Øivind utgjer vi Norec sitt varslingsteam. Det vil seie at vi følgjer opp dersom det kjem varsel om mistanke om kritikkverdige forhold. Utanom dette jobbar eg med budsjett og prognosar knytt til rekruttering til internasjonale organisasjonar.

Heidi Fluge

Stilling: Senior administrasjonskonsulent

– Med ei utdanning innan kunst/vev og regenerativ dyrking lurer ein kanskje på korleis eg enda opp i Norec. Gjennom arbeidslivet har eg tileigna meg lang erfaring innan administrativt arbeid. Då Norec lyste ut stillinga som administrasjonskonsulent, passa det meg difor midt i blinken.

Kva går jobben din ut på?
– Hovudsakleg arbeider eg med utbetaling av tilskot til alle partnar-prosjekta som er støtta av Norec rundt om i verda. I tillegg bidreg eg med arkivhjelp som til dømes journalføring, avslutting av saker og el-innsyn. Det er også eg som tar hand om postgang og sentralbordet til Norec. Om du ringer eller sender oss ein mail er det difor stor sannsynlegheit for at han blir sendt til meg. Som husansvarleg passar eg også på at ting blir reparert dersom noko blir øydelagt, og går til innkjøp av alt som trengst å handlast inn.

Camilla Valvik

Stilling: Seniorrådgivar HR

– Sjølv om eg har ein mastergrad i samanliknande politikk, valte eg etter fullført master å fortsette med HR-fagleg utdanning. Dei siste ti åra har eg arbeidet med HR både hos Eviny (tidlegare BKK) og Fjaler kommune. Då Norec lyste ut stillinga som seniorrådgivar innan HR, kunne eg ikkje late vere å søke. Norec sitt samfunnsoppdrag, og også moglegheita til å arbeide i eit internasjonalt miljø, var avgjerande for at eg søkte på jobben.

Kva går jobben din ut på?
– HR-jobben er variert og givande. Arbeidsoppgåvene mine handlar mykje om å yte god service på det meste innan fagområdet for lønn og personale. Eg bidreg også med rådgiving tilknytt HR-spørsmål for leiarane her hos oss. I tillegg er rekruttering ein viktig del av jobben, både til stillingar hos Norec og saman med resten av teamet som jobbar med stillingar i internasjonale organisasjonar som FN og Verdensbanken.

Pablo Dourojeanni

Stilling: Rådgivar

– Mitt yrkesliv starta tidleg på 2000-talet i heimlandet mitt, Peru. Som geograf var mesteparten av det tidlege arbeidet mitt knytt til naturvern og utvikling med grasrotorganisasjonar i Andesfjella og i Amazonasregnskogen. Dette arbeidet la grunnlaget for ei solid forståing av kva internasjonal utvikling ser ut i røynda, og det var dette som opna dørene for meg til å jobbe i Norec. Tilfeldigvis flytta både Norec og eg til Førde omtrent samtidig, så det var eit perfekt samspel.

Kva går jobben din ut på?
– I mi noverande stilling i Norec har eg ulike ansvar, noko som gjer det daglege arbeidet mitt meir utfordrande, men også svært interaktivt og interessant. Eg jobbar med teknologisk utvikling av Norec sine system, sikkerheit og beredskap for tjenesteriese, støttar Norec sine innsatsar innanfor bedriftsmiljøansvar og rapportering, og sist men ikkje minst, støttar eg HMS-arbeidet som verneombodet i organisasjonen

Thomas Viken

Stilling: IKT ansvarleg

– Av utdanning har eg ein bachelor i informasjonsteknologi. Sjølv om eg kjem i frå Vestlandet flytta eg til Oslo for å ta utdanning, og det var også der eg byrja arbeidslivet mitt. Etter 7 år ville eg tilbake til Vestlandet. Heldig som eg var fekk eg jobb i Norec under flyttinga frå Oslo til Førde, og fekk moglegheita til å prøve meg på Vestlandet etter gammalt.

Kva går jobben din ut på?
– Når det tekniske ikkje verkar, er det meg dei andre ringer til. Som IKT ansvarleg har eg ansvar for å administrere alt av IKT system, som til dømes monitor, tastatur og datamaskiner. Dette omfattar både innkjøp og vedlikehald av utstyret, oppfølging av leverandørar og innleidde konsulentar. Dessutan deltek eg i forskjellige prosjekt og anbodsprosessar der eg bidreg med min kompetanse.