Krig i Europa, dyrtid og ein nyleg pandemi: Det var tema då Norec samla internasjonalt nettverk for å utveksle kunnskap om frivillige i utviklingsarbeid i 2023.

Korleis påverkar krigen i Europa og den globale økonomiske situasjonen organisasjonar som jobbar med frivillige – og kva er løysingane? Spørsmålet danna bakteppet då Norec samla europeiske organisasjonar frå det internasjonale Forum-nettverket.

Diskusjonen var fokusert på å identifisere utfordringar og moglegheiter, og å dele kunnskap om forsking på frivillige i utviklingsarbeid.

– For Norec er det viktig å vere ein del av eit større nettverk der vi kan lære av kvarandre. Gjennom ny forsking og informasjonsutveksling kan vi få ein best mogleg effekt, seier Helge Espe, seniorrådgivar i Norec.

Han har vore Norec sitt kontaktpunkt i internasjonale nettverk i snart 15 år.

Første samling siden januar 2020

Dei deltakande organisasjonane i nettverket kjem frå Storbritannia, Irland, Østerrike, Tyskland, Sveits, Frankrike, Canada, og Portugal.

Utfordringane voluntørorganisasjonane står ovanfor i 2023 var sentrale: Krigen i Ukraina, endrande prioriteringar frå styresmaktene, og auka i levekostnader.

– Sidan sist dei europeiske partnarane var i Sveits i januar 2020, har verda gått gjennom ein pandemi, og vi har fått ein krig på vårt eige kontinent. Det har hatt store konsekvensar for politikk og økonomi. Og ikkje minst for korleis vi kan drive, seier Jan Olav Baarøy, direktør for Norec.

Meir press og nye løysingar

Alle landa peikar på at pandemien leia til at ein måtte jobbe på nye måtar – gjerne digitalt – eller at ein måtte stoppe aktivitetar for frivillige.

I tillegg leia krigen i Ukraina til meir press: budsjetta vart kutta, den politiske situasjonen vart meir polarisert, og fokuset vart flytta til arbeid med flyktningar.

– Handlingsrommet til sivilt samfunn minska. Alle diskusjonane og løysingane kring problemstillingane tek vi med oss attende til andre arenaer, avslutter leiar for Forum,  James O’Brien.