For første gong på to år kan både nye og gamle partnarar møtast ansikt til ansikt i Johannesburg i Sør-Afrika i mai.

– Vi ser veldig fram til å endeleg kunne ha partnarkurs der folk kan møtast, seier seksjonsleiar for kurs, Øystein Garfors.

Det er litt over to år sidan sist partnarar var samla fysisk i Norec-regi, også den gongen i Johannesburg. Gjennom tida med korona-restriksjonar har Norec gjennomført både deltakar- og partnarkurs digitalt, noko som har vore godt motteke. Men det er godt å kunne vende tilbake til det som er meir normalen i kurssamanheng.

Eit etterlengta tilbod

– Folk har vore svært positive til det digitale kurstilbodet vi har hatt. Men det er likevel noko anna å kunne møtast fysisk til kurs. Vi har ein del nye partnarar, samtidig som det har vore utskifting av personar som koordinerer prosjekt, så det er på høg tid med eit kurs att, seier Garfors.

Til kurset i Johannesburg 11.–13. mai er alle partnarar som har prosjekt i Afrika inviterte. Svarfristen er sett til 26. mars.

– Vi er spente på kor mange som melder seg på, men vi er førebudde på at det vert mange. Partnarane våre har vore klare på at dei har venta på eit slikt høve til å samlast, både for å få fagleg opplæring og innspel, men ikkje minst for å knyte kontaktar, seier Garfors.

Kortare kurs enn før

Tidlegare har partnarkursa vore på ei veke, men etter revideringar i Norec er den nye kursmalen på tre dagar.

– Ein del av det vi hadde på kursa før, er gjennomført som e-læringskurs. Dermed kan vi bruke meir av tida på kursa på utfordringar i prosjekta, dialog mellom partnarane og deling av erfaringar, seier Garfors.

Det vil også bli halde regional partnarsamling for eksisterande partnarar i Johannesburg, i forkant av partnarkurset.

– Det er veldig lenge sidan vi har møtt partnarane våre, og det er viktig med tett dialog for å følgje dei opp. Dei har heller ikkje møtt kvarandre, så difor ønskte vi å ha ei samling der dei får høve til dette, samt dele erfaringar om det å komme i gang att med utveksling. I tillegg ønskjer vi å informere om kva som er nytt frå Norec, seier Garfors.