Erfaringa som juniorekspert i FN ga Siril ein pangstart på ei karriere innan internasjonalt arbeid.

Siril K. Herseth starta som juniorekspert i sekretariatet for FNs avdeling for politikk i New York i 2014. Mellom anna koordinerte ho talepunkt til mellom anna FNs generalsekretær og hans undersekretær i samband med alle møter, telefonsamtaler og reiser dei hadde.

–Det var intenst, krevjande og lærerikt! Eg fekk eit unikt innsyn i storpolitikk og konfliktløysing, seier Herseth.

Etter to år i New York bar det vidare til sambandskontoret til FN hos den afrikanske union i Addis Abeba. Der hadde ho ansvar for rapporteringa på Sør-Sudan og Somalia.

–Eg deltok på mange møter, mellom anna i AU sitt sikkerheitsråd. Ein periode fekk eg vere spesialassistent for sjefen for kontoret, nokon som betydde mykje meir ansvar og eit steg opp i rang.

Då ho var ferdig som juniorekspert, vart ho tilsett hos FN i Sør-Sudan. Etter ei tid i den flytta ho heim til Norge og fekk jobb i Redd Barna.

–Den fekk eg grunna erfaringa mi frå FN-systemet, seier Herseth.

I dag tar ho doktograd på Cristian Michelsens institutt, der ho ser på Sør-Sudan og fredsmekling. Det er direkte knytt til det ho arbeidde med i FN.

–Erfaringa mi som juniorekspert har difor vore ein klar fordel for heile karrieren mi.

Er du norsk statsborgar og interessert i å jobbe i FN systemet? Vi har fleire ledige stillingar ute både som juniorekspert og UNV under ledig stilling på norec.no