Etter halvanna år med stillstand i all fysisk utveksling, er dei første fire Norec-finansierte deltakarane frå Hald internasjonale skole på veg til Kenya og utvekslingsopphald i Nairobi.

– Eg gler meg veldig! Dette blir utruleg kjekt, seier Anne Hilde Andersen.

19-åringen frå Lyngdal i Agder er ein av fire studentar ved Hald internasjonale skole som denne veka reiser til Kenya for å vere på utveksling i eit halvt år.

Hald internasjonale skole har over mange år hatt gjensidige utvekslingsprosjekt som i stor grad vert finansierte av Norec (Norsk senter for utvekslingssamarbeid). Sjølve utvekslingane går mellom eigarorganisasjonane til Hald internasjonale skole og samarbeidspartnarane deira i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

Men då covid-pandemien råka verda for fullt i mars 2020, vart det brå stogg i all reising, og dermed all utveksling. 1. oktober i år oppheva Utanriksdepartementet det globale reiserådet.

Deltakarar frå sør kom alt i august
Rektor ved Hald internasjonale skole, Agnar Aasland, legg ikkje skjul på at det er stort at skulen igjen kan sende studentar ved skulen til samarbeidspartnarar i sør.

– Desse fire er dei første deltakarane som reiser frå Noreg og til Kenya etter at koronapandemien råka oss. Men alt i august kom dei første deltakarane frå sør til Noreg. Fire deltakarar frå Kenya og seks frå Brasil og to frå Hongkong er alt godt i gang med si utveksling i Noreg, seier Aasland.

Han legg til at det ligg ei totalvurdering til grunn for at dei no startar opp att utveksling. For sjølv om det globale reiserådet er avvikla, har mange land framleis innreiserestriksjonar, relativt høge smittetal og strenge smitteverntiltak. Skal ein ut å reise, må ein sette seg nøye inn i situasjonen i landet ein vil besøke.

Ligg grundig risikoanalyse i botn
Seksjonssjef i Norec, Sille Lukowski, seier det er gjort grundige forundersøkingar før deltakarar vert sende ut på utveksling.

– Norec ønskjer sjølvsagt å legge til rette for at fysisk utveksling kan starte opp att. Men det må vere trygt for deltakarane som skal reise, seier Lukowski.

Alle Norec-partnarar som ønsker å sende ut deltakarar må gjennomføre ein grundig risikoanalyse. Dette er for å vere sikker på at det er gjort tilstrekkelege grep for å sikre tryggleik og helse for deltakarane både når det gjeld smitte-situasjonen, men også den generelle tryggleiken i områda dei skal reise til.

– Risikoanalysen ligg i botn for alt vi gjer, seier Lukowski.

Startar ved hovudkontoret
Deltakar Anne Hilde Andersen har ikkje mista nattesøvnen før avreise.

– Viss skulen og Noreg seier det er trygt å reise, så lit eg på det. Eg kjenner meg trygg på at det er eit system som fungerer dersom noko skulle skje, seier Andersen.

Deltakarane i utvekslingsprogramma til Hald internasjonale skole er med på ei utveksling mellom Norges Kristelige Student- og skoleungdomslag (NKSS) og kristne studentlagsrørsler i Kenya.

– Dei skal til Focus Kenya, ein stor, profesjonell organisasjon som driv studentarbeid ved universitet og høgskular, fortel Aasland.

Første halvdel av opphaldet skal dei vere på hovudkontoret i Nairobi, før dei etter jul skal jobbe på universitet på mindre stadar i Nairobi gjennom ei traineeordning.

– NKSS lærer utruleg mykje av å drive med denne utvekslinga. Deltakarane kjem attende med auka kunnskap om korleis ein driv ei slik studentrørsle og dei får eit nytt syn på kva Afrika er og kva utveksling dreier seg om. Det same gjeld for deltakarane frå sør som får bu og arbeide i Noreg, seier Aasland.