Ho kunne reist til Mosambik. Men på si første offisielle reise som statsråd, var utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) tindrande klar på at ho ville vitje Norec i Førde.

– Dette er mi aller første jobbreise som utviklingsminister. Eg fekk tilbod om å reise til Mosambik, men eg sa at eg ville til Førde først. Og det er ikkje tilfeldig, seier Tvinnereim.

Ho presiserte at ho er oppteken av å bli kjend med måten Norsk senter for utviklingssamarbeid (Norec) jobbar på.
– Det er fordi de gjer ein svært viktig jobb på ansvarsområdet mitt, og eg har ansvar for det de driv med, seier Tvinnereim.
Ho var spesielt interessert i å høyre korleis organisasjonen har utvikla seg etter at Norec flytta frå Oslo til Førde i 2018.

– Det er spennande å høyre korleis det har gått med både å etablere seg i Førde, drifte verksemda gjennom ein pandemi og alt de har stått i organisatorisk. Eg veit det har vore tøffe tak, men eg veit også at det har gått veldig fint, seier Tvinnereim.

Ei suksesshistorie ho vil fortelje om ofte
Sidan 2018 har Norec rekruttert 41 personar og søkjartala til ledige stillingar er jamt høge, om lag som dei var då Norec heldt til i Oslo.

– Det har vore lett å få kompetente folk og god internasjonal kompetanse til Førde. Det har vore mykje lettare enn det nokon trudde før vi flytta hit, seier Norec-direktør Jan Olav Baarøy.

At statsråden valde Norec og Førde som si første offisielle reise, tykkjer han er kjekt.

– Vi tek det som eit sterkt signal på at ho er oppteken av Norec og at ho er oppteken av at Norec kan fungere godt og til det beste frå Førde. Vi tek det som ein stor inspirasjon for eit godt samarbeid i åra framover, seier Baarøy.

– Eg blir veldig begeistra over å sjå kva de har fått til. Det er så flott at utflyttinga har gått så bra, at de rekrutterer så mykje kompetente folk og at det har gitt kompetansearbeidsplassar til Vestlandet. Det er viktig for ein senterpartist å syne at det går an å lage slike kunnskapsorganisasjonar også utanfor ring 3. Den suksesshistoria har eg tenkt å fortelje om så ofte eg har sjansen, seier Tvinnereim.

Vil jobbe for at utvikling får større merksemd
Då statsrådpostane skulle fordelast i den nye regjeringa, var Tvinnereim raskt ute og kjempa litt ekstra for å bli utnemnt som akkurat utviklingsminister.

– Det var ikkje ei sjølvfølgje for det er ein totalkabal som skal gå opp. Men det var veldig viktig for meg både personleg og politisk. Dette feltet treng meir merksemd, og det håpar eg at eg kan bidra til, seier Tvinnereim.

Statsråden har ein variert og brei bakgrunn. Ho har jobba i både Utanriksdepartementet og Norad, har jobba fire år ved den norske ambassaden i Mosambik, studert i Costa Rica og budd fleire stadar både i Sør-Amerika og Afrika.

– Eg har eit stort hjarta for dette feltet, og spesielt for den oppgåva Norec har; nemleg å sørgje for at folk møtest på tvers og lærer av kvarandre og skapar ei betre verd, seier Tvinnereim.

Skal vere ein føreseieleg partnar
Tvinnereim har knapt to veker bak seg som statsråd, men er allereie tydeleg på kva som vert viktig i norsk utviklingspolitikk dei neste fire åra.

– Eg er oppteken av at utviklingspolitikk ikkje skal vere eit felt for raske innfall, for då når garantert ikkje berekraftsmåla. I norsk politikk er vi stort sett samde om dei store prosjekta og kva retning vi skal gå i, og det gjeld absolutt i utviklingspolitikken. Vi skal vere ein føreseieleg partnar, og de kjem ikkje til å oppleve revolusjonerande nye signal i utviklingspolitikken, seier Tvinnereim.

Statsråden peika på at den nye regjeringa har nokre overordna strategiske prioriteringar som vil bli vektlagde endå tyngre i norsk utviklingspolitikk framover.

Desse seks punkta er:

  • Integrere utviklingspolitikk og klima endå tettare
  • Ta eit krafttak for matsikkerheit og mot svolt
  • Bekjempe ulikskap
  • Vere pådrivar for rettane til kvinner og jenter, seksuell og reproduktiv helse
  • Vidareføre eit sterkt humanitært engasjement
  • Vidareføre leiarrolla vår i global helse

Ei viktig brikke 
Tvinnereim nytta også høvet til å løfte fram kor viktig brikke Norec er i norsk utviklingsarbeid.

– Den jobben de gjer er kjempeviktig. Å sørgje for gode, profesjonelle rammer rundt utveksling er kjempeviktig. Og så har de fått nokre nye arbeidsoppgåver knytte til rekruttering som eg trur de vil skjøtte framifrå. Det er eit politisk ønskje at vi skal styrke norsk rekruttering til internasjonale og multilaterale organisasjonar, seier Tvinnereim.

Då pandemien råka i 2020 vart alle fysiske utvekslingar sette på vent. Men Norec snudde seg raskt rundt og bidrog til digitale møteforum for å sikre at partnarar kunne halde fram samarbeidet og utveksling av kunnskap.

– Eg ønskjer å takke dykk for jobben de gjer. At de har stått gjennom ei tid med krevjande arbeidstilhøve grunna pandemien, at de har evna å tenkje heilt annleis for å oppnå resultat. De gjekk frå den stormen og turbulensen det er å lage noko heilt nytt på ein ny stad, til pandemien. De har ikkje hatt noko normalår endå, men det håpar vi kjem ganske snart, seier Tvinnereim.