– I flyktningleiren var eg omgitt av sterke kvinner. Eg stussa då eg aldri fann att desse kvinnene i leiarstillingar då eg kom til Norge.

Det fortel bergens-kongolesiske Irene Kinunda Afriyie. Førre veke deltok ho på Norecs webinar Mangfald i arbeidslivet – kvifor og korleis?

– Både forsking og media har ei problemfokusert tilnærming til menneske med fleirkulturell bakgrunn i Norge. Dei spør alltid: Kva manglar vi, kva treng vi?

Det gjer Afriyie oppgitt.

Frå flyktningleiren var ho van med å ha sterke kvinner rundt seg. Men då ho kom til Norge verken såg eller høyrde ho om personar frå same stad som henne som lukkast karrieremessig.

– Eg tenkte at fleirkulturelle kvinner i leiande stillingar enten måtte vere fråverande eller usynlege.

Afriyie bestemte seg for å gå på jakt etter førebilete. Ho gjekk detaljert til verks for å kartlegge framgangsrike kvinner med fleirkulturell bakgrunn og finne ut korleis desse kvinnene framstiller seg.

– Det desse kvinnene flaggar høgast er ikkje sin fleirkulturelle bakgrunn. Dei er meir opptatt av eigen kompetanse. Nokre av kvinnene vart meir oppteken av sin fleirkulturelle bakgrunn når dei vart eldre, men dei fleste brukte ikkje sin annleisheit som ein ressurs i det heile tatt, fortel Afriyie.

– Er du godt nok integrert når du et fredagstaco?
Ho meiner at det er naturleg at mange ikkje ønsker å fremme sin utanlandske bakgrunn.

– Du får beskjed omtrent i det du landar på flyplassen at du må integrere deg i det norske samfunnet. Men kva vil det seie å vere godt integrert? Er du godt nok integrert når du et fredagstaco? Eller når du går på fjellet utan mål og meining? Er det arbeidsgivar som skal bestemme kven som er godt integrert, eller norsklæraren kanskje?

Afriyie peiker på at det er stor skilnad på å anerkjenne mangfald og å ta vare på det.

– I Norge er det mange som anerkjenner at mangfald er bra, men det er ein stor mangel i korleis vi jobbar med det. Når forskjellar møtest skjer det ein friksjon. Vi må lære oss å handtere den friksjonen.

– Det er ikkje nok å telle mangfaldet
Afriyie diskuterte korleis norske verksemder kan bli betre til å utnytte potensialet som ligg i mangfaldige arbeidsplassar saman med mangfaldsekspert Loveleen Rihel Brenna, Synne Marie Oppheim frå Brødrene Aa og Jon Wigum Dahl frå Haukeland universitetssjukehus.

Brenna har jobba med mangfaldsleiing sidan 1993. Ho meiner det er mykje snakk og lite handling når det kjem til mangfald på arbeidsplassen.

– Styringsdokumenta er fulle av fine ord om at mangfald er viktig og bra, men det er sjeldan ein snakkar om korleis ein skal utløyse potensialet i mangfaldet, fortel Brenna.

– Mange leiarar snakkar høgt om kor viktig mangfald er, at det skapar verdi, innovasjon og gir auka kreativitet. Men i same andedrag seier dei at dei ikkje gjer forskjell og ikkje tenker på at dei tilsette har ulik bakgrunn.

Brenna viser til at mange kallar seg fargeblinde eller kjønnsblinde.

– Men kva er hensikta med å talfeste mangfaldet dersom du ikkje ser mangfaldet?

Ho meiner vi må forstå skilnaden på mangfaldsbakgrunn og mangfaldskompetanse.

– Dersom leiaren min tilsett meg berre for å tikke av boksar som kvinne og indisk bakgrunn, men ikkje veit korleis etterlyse min kunnskap og perspektiv som indisk og kvinne, då har vi ein utrygg leiar som også gjer meg utrygg.

Ofte snakkar leiinga om mangfald og inkludering, men forventar eigentleg at dei tilsette skal tilpasse seg og bli mest mogleg like det eksisterande miljøet. Brenna kallar dette ein assimilerande kultur.

– Det er viktig å heller skape ein inkluderande kultur. Det kan ein gjere gjennom å fokusere på kunnskapen og kompetansen eg har som konsekvens av å vere ein minoritet. Det handlar til dømes om å utvikle fleksibilitet, evna til å ta ein annan sitt perspektiv og forstå kva det vil seie å vere minoritet i eit miljø. Denne kompetansen kan ein bruke til å navigere og sjå verda med eit anna blikk.

Gode erfaringar med mangfaldige arbeidsplassar
To verksemder med stort mangfald blant sine tilsette var også representert på webinaret. Brødrene Aa har tilsette frå 12 ulike land. Synne Marie Oppheim er HR-ansvarleg i verftet. Ho seier dei er medvitne på bakgrunnen til dei tilsette når dei rekrutterer nye.

– For oss betyr integrering og mangfald rekruttering. Vi brukar mykje tid på å finne dei ressursane vi treng. Vi forstår at våre tilsette er i ulike situasjonar, og vi er opptatt av å tilrettelegge, vere fleksible og forsøke å sjå dei ulike medarbeidarane våre.

Haukeland universitetssjukehus har sendt ut over 100 Norec-deltakarar og tatt imot like mange frå land i sør over fleire år. Sjukehuset har også fast tilsette frå ei rekke ulike land.

– Det er ein særleg styrke for oss at vi har mange ulike nasjonar samla, ikkje berre store grupper frå nokre få land representert, fortel Jon Wigum Dahl, direktør for avdeling ved internasjonalt samarbeid.

– Det er viktig å hugse på at det ikkje berre er lett, vi har hatt nokre utfordringar med kulturforskjellar. Til dømes har vi opplevd at nokre menn har hatt problem med kvinnelege leiarar. Då er viktig for oss at leiinga er tydeleg på at vi ikkje tolerer det. Alt i alt er det svært berikande for oss med mange ulike nasjonar på arbeidsplassen og vi ønsker eit stort mangfald, avsluttar Dahl.

Du kan sjå heile webinaret i opptak her.