Eit par symaskiner og litt tøy var det som skulle til for at unge jenter i Malawi kan vere på skulen og få undervisning – også når dei har mensen.

– I Malawi held jenter seg unna skulen den veka dei har mensen, rett og slett fordi dei ikkje har råd til å kjøpe bind eller tampongar. Dette ville eg gjere noko med, seier Madalo Nyirongo.

Difor klekka ho ut ideen om å lære vekk kunsten å sy eigne menstruasjonsbind. Prosjektet hennar var eitt av fem prosjekt som før jul i fjor fekk tilskot frå ordninga EtterUtveksling i Norec.

– Nokre jenter får infeksjonar i underlivet då dei brukar det dei kan finne, heller enn reine og nye menstruasjonsprodukt. Ved å lære dei å sy sine eigne bind, får dei eit produkt som kan vaskast, tørkast og strykast, og det kan brukast om att uendeleg mange gonger, fortel Nyirongo.

Får gjort mykje med små midlar

EtterUtveksling er ei ordning der tidlegare deltakarar i Norec-prosjekt kan søkje om midlar til setje idear dei har fått under utvekslinga ut i live.

Nyirongo fekk 4000 dollar i stønad frå Norec til prosjektet sitt. Ho gjekk straks i gang med å kjøpe inn symaskiner og passande tøy til å lage bind. Deretter reiste ho rundt i nærmiljøet og heldt kurs for unge jenter.

Stor interesse for prosjektet

– Prosjektet er berre ein start. Ved at eg fekk lært opp jentene å sy bind, kan dei gi kunnskapen vidare til andre jenter. Slik spreier vi kunnskapen og gjer kvardagen betre for fleire på sikt, seier Nyirongo.

Ho legg til at å sy eigne bind eigentleg er ganske lett, berre ein har fått lært seg teknikken og veit korleis ein skal gjere det.

Nyirongo besøkte seks skuler gjennom prosjektet.

– Gjennom prosjektet mitt har mange unge jenter lært seg å sy, og det tykkjer eg er flott, seier Nyirongo.

Ho legg til at etterspurnaden etter kunnskapen er stor.

– Eg kunne hjelpt mange fleire, for det er mange som har spurt meg om eg kan lære dei å lage desse produkta, seier Nyirongo.

Fem prosjekt fekk tilskot i 2024

I tillegg til prosjektet i Malawi, fekk fire andre idear tilskot til gjennomføring.

I Kenya fekk lokale bønder opplæring i berekraftig jordbruk, birøkt og dyrking av urter. Dette gir bøndene fleire inntektskjelder, og avlingane deira toler tørke og sjukdommar betre.

I Tanzania fekk helse- og sosialarbeidarar og foreldre verktøy for å tidleg oppdage born med nedsett funksjonsevne og gi desse borna ein betre start på livet.

I Tanzania vart det òg bygd eit idrettssenter for fotball og andre idrettar. Senteret skal gi born og unge trygge rammer for sport, livsmeistring og sosialt samvær. Samtidig skal det fremme talentutvikling og inkludering, spesielt for jenter og born med spesielle behov.

I Uganda vart unge mødrer skulerte i berekraftig jordbruk, helseinformasjon, yrkesopplæring og auka samfunnsengasjement. Målet er at dette skal gjere dei meir sjølvstendige og i stand til å kunne starte eigne verksemder.

EtterUtveksling er ei årleg tilskotsordning der deltakarar frå arbeidsutveksling støtta av Norec kan søke om støtte til idear dei har fått i løpet av utveksling. Alle som har deltatt på arbeidsutveksling støtta av Norec kan òg melde seg inn i alumninettverket Norec Network. Neste utlysningsperiode vert hausten 2026.