Då utvekslingsdeltakarane til Norec måtte reise heim på grunn av koronapandemien, møtte Norec på ei ny utfordring: Det var umogleg å gjennomføre dei obligatoriske, avsluttande kursa med fysisk oppmøte.

Av: Norec
Sist oppdatert: 22.04.2020

 

– Kursseksjonen tok oppgåva på strak arm og var raskt ute med ein digitaliseringsplanDenne veka får dei første 52 utvekslingsdeltakarane ei fulldigitalisert kurspakke. Eg er imponert over det dei har fått tilseier seksjonsleiar for kurs Øystein Garfors og legg til: 

 

– Norec skal vere leiande på dette slik at det vi organiserer digitalt skal ha same høge kvalitet som vi leverer på fysiske kurs 

 

Nye arbeidsmetodar  

 

Alle som gjennomfører ei Norec-utveksling må delta på obligatorisk heimkomstseminar når dei er ferdig med utveksling. Det er ein kurspakke som skal førebu dei på å komme attende til eigne kulturar, og ikkje minst hjelpe dei å ta med seg kunnskapen og kompetansen dei har opparbeida seg heim. 

 

Før dei vanlege kursa brukar Norec sine tilsette tid på å lage planar, bestille hotell, legge til rette for flytransport og tilpasse diett. For dei digitale kursa er dette bytta til digital tilpassing med utarbeiding av digitale modular og oppgåver, introduksjonsvideoar, IT-teknisk guiding og innføring i Microsoft Teams.  

 

– Mange av deltakarane våre kjem frå land i sør, med varierande internetthastigheit. Vi har også deltakarar som ikkje er vant til å bruke e-læring og videoopplæring. Vi har difor hatt fokus på at det skal vere enkelt, og vi sørger for å ta kontakt med kvar deltakar før første videomøte slik at vi veit at ting vil fungere, seier Garfors 

 

 Alle skal bli høyrt 

 

Refleksjon er særleg viktig på heimkomstseminaret. På dei digitale kursa er dette løyst ved at deltakarane går gjennom ei rekke modular sjølv som dei tek med seg vidare i eitt webinar med kurshaldar.  

 

– Vi har organisert opplæringa i små grupper, med maks seks deltakarar slik at vi kan sikre ein god dialog, samt at alle vert sett og høyrt i løpet av kurset, seier Garfors og held fram: 

 

– Kursa er allereie i gang, og samtidig ser vi framover. Sidan vi jobbar med samarbeid er vi framleis nøydd til å møtes, men e-læring vert eit supplement som gjer at vi då møtast betre budd enn før. Vi har allereie delar av kursa våre som e-læringsmodular, men eg trur det vert meir fokus på digital opplæring det nærmaste året