I 1963 sende Norec (dåverande Fredskorpset) sine første 17 deltakarar på utveksling til Uganda. Sidan har 12 000 unge deltarar reist ut i verda for å bidra i prosjekta våre.

– Vi feirar 60 år med utveksling og deling av kunnskap. I 2023 ser vi tilbake til 1963 og vil heidre historia vår, samstundes som vi ser framover, seier direktør Jan Olav Baarøy i Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec).

I 60 år har vi jobba med deling av kunnskap og erfaring. På vegen har vi støtta utviklinga av organisasjonar, institusjonar og bedrifter ved å bruke den aller viktigaste ressursen som finst – nemleg menneske.

Dette arbeidet dannar grunnlaget for framtida til Norec, og korleis vi vil jobbe med internasjonal utvikling gjennom utvekslingsprosjekta våre, seier Baarøy. 

Les meir: Om Norec

Delt kunnskap – berekraftig endring

Mykje har skjedd på 60 år. Talet på deltakarar og partnarar har auka år for år. Det same har talet på tilsette. I 2018 endra Fredskorpset namn til Norec og vart flytta til Førde. Nye oppgåver har også komme til.

I 2023 støttar vi 200 partnarar i 28 land, og vi trur på at delt kunnskap er vegen å gå for å få til berekraftig endring.  

Norec er Noregs kompetansesenter for internasjonal utveksling, og vi koordinerer også rekrutteringa av unge nordmenn til FN og Verdsbanken.  

Les meir: – Å vere juniorekspert er en skikkelig døråpner

Nye oppgåver i 2023

I 2023 har vi også fått Norec Network opp å gå. Dette er eit globalt netttverk for dei 12 000 tidlegare deltakarane våre. Frå 2024 tek vi også over administrasjonen av tilskotet for fremjing av demokrati gjennom politiske parti, ei oppgåve Norad har hatt fram til no. 

– Vi er stolte av kva Norec har fått til på desse 60 åra, og det er kjekt å sjå korleis vi utviklar oss – nesten dag for dag. Det er all grunn til å feire, seier Baarøy. 

Milepælar 1963 til 2023

  • 1960-talet: 12. desember 1963 set dei første 17 frivillige seg på eit fly til Uganda. Dei reiser med Forsvaret sitt transportfly, og reiser i tre dagar før dei kjem fram. Fokuset er på praktisk utviklingshjelp gjennom frivilligheit. Vi tilbyr omfattande opplæring for deltakarane.
  • 1980-talet: I 1985 reiser deltakar nummer 1000 på utveksling. I 1987 blir dei første frivillige sende til Latin-Amerika under borgarkrigen i Nicaragua. Solidaritetsrørsla er på frammarsj i Europa, og fleire nordmenn enn nokon gong melder seg på.
  • 1990-talet: Det norske Stortinget avviklar Fredskorpset. 1 500 nordmenn har vore i teneste mellom 1963 og 1999. Ei ny retning tek form.
  • 2000-talet: Det «nye» Fredskorpset Norge blir etablert. Unge menneske er i fokus. Utveksling og samarbeid basert på solidaritet, likestilling og gjensidigheit blir dei nye retningslinjene. Vi startar støtte til utvekslingsprosjekt mellom sør-nord og sør-sør, og triangulære samarbeid. Fredskorpset Norge utvidar opplæringsprogramma sine til å inkludere deltakarane før heimreise, og partnarkoordinatorane.
  • 2020-talet: 12 000 deltakarar har vore på utveksling. Norec Network, eit nettverk for tidligare utvekslingsdeltakarar, vert etablert. Norec rekrutterer juniorekspertar til FN og Verdsbanken, og sørgjer for at unge menneske får erfaring og kunnskap om berekraftig utvikling.