Det norske selskapet Techbrigde Invest fekk ein pangstart i Kenya. Tilskotet frå Norec gjorde starten lettare. No rår dei andre til å sjå moglegheitene som ligg i eit Norec-samarbeid.  

– Gjennom ordninga til Norec fekk vi tilgang til kompetanse som styrka oss i Kenya. Tilskotet frå Norec, i kombinasjon med støtte frå Norad, minska risikoen og gjorde naudsynte investeringar mogleg, seier Nermina Ljevakovic.

Ho er tidlegare Norec-deltakar i Techbridge Invest, og har lang erfaring frå finansbransjen.

Techbridge Invest jobbar med oppstartsbedrifter i Kenya. Ved hjelp av Norec-midlane har mellom anna ei bedrift som jobbar med elektrifisering på landsbygda i Kenya sett dagens lys. Små midlar frå Norec, i lag med andre støtteordningar og næringslivet sjølv, har skapt heilt konkrete endringar til nytte for både folk flest, tilsette og bedriftene.

– Næringslivet er i ein unik posisjon til å løfte menneske ut av fattigdom og skape arbeidsplassar, seier Ljevakovic.

Nysgjerrig på ordninga? Klikk her for å lære meir om tilskotet og korleis det kan hjelpe bedrifta di

Bistand + næringsliv = samarbeid som lønner seg

Ljevakovic er overtydd om at bistand og næringsliv går hand i hand, etter å ha sett med sjølvsyn kva eit Norec-tilskot har betydd for utvikling i Techbridge Invest.

– Med bistandsmidlar får bedriftene handlingsrom til å utforske nye marknadar der risikoen ofte er større, seier Ljevakovic.

Ho peikar på at desse landa ofte har ei ung og veksande befolkning, noko som gir stort vekstpotensial og mange moglegheiter – berre ein får ned risikoen.

I kombinasjon med ulike tilskotsordningar, bidreg Norec sitt tilskot til å redusere risiko og fremje berekraftig utvikling i sør.

– Bistandsapparatet kan bidra til at fleire næringslivsaktørar torer å satse, og slik bidra til berekraftige arbeidsplassar i sør. Men vi treng fleire norske selskap som nyttar desse moglegheitene og samarbeider tettare med bistandssektoren, seier Ljevakovic.

Ho legg til at land i utvikling har eit stort behov for kompetansen det norske næringslivet har.

– Utvekslingsprosjekt med næringslivet styrkar økonomisk vekst, utvikling og innovasjon i sør, seier Ljevakovic.

RESULTAT: SUNami Solar i Kenya er ei av oppstartsbedriftene som har komme ut av samarbeidet Ljevakovic var ein del av. SUNami Solar jobbar med å elektrifisere landsbygda i Kenya.

Norec bidreg til berekraftsmåla

Berekraftsmåla, eller 2030-agendaen, er ein verdsomspennande arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motverke ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. For å nå desse måla, trengst det nye former for partnarskap mellom offentlege og private aktørar. Her kan Norec vere ei viktig brikke.

– Norec finansierer eit utvekslingsprogram for unge arbeidstakarar. Slik støttar vi bedrifter, organisasjonar og institusjonar som ønskjer å jobbe aktivt med berekraftsmåla og styrke dei globale partnarskapa sine, fortel seksjonsleiar for næringsliv i Norec, Tehetena Woldemariam.

Gjennom utveksling i Norec får bedrifter moglegheit til å sende tilsette til partnarinstitusjonar i andre land for ein periode på seks til 12 månadar.

– Slik får dei tilsette verdifull internasjonal erfaring og nye perspektiv. Når dei returnerer etter utvekslingsopphaldet, har dei med seg ny kunnskap og nye ferdigheiter som kjem heile organisasjonen til nytte, seier Woldemariam.

Tehetena Woldemariam, er seksjonsleiar for privat sektor i Norec. Ho peikar på at samarbeid mellom private aktørar og bistandsaktørar som Norec er avgjerande for å nå måla i 2030-agendaen.
POSITIV: Tehetena Woldemariam, seksjonsleiar for privat sektor i Norec. Ho peikar på at samarbeid mellom private aktørar og bistandsaktørar som Norec er avgjerande for å nå måla i 2030-agendaen.

Kan støtte på fleire måtar

Erfaring frå utveksling kan leie til betre arbeidsprosessar, innovasjon og ein sterkare kultur for læring og utvikling. Ved å investere i menneska får ein ofte ei avkastning som ikkje kan målast i kroner og øre.

Eit utvekslingsprosjekt støtta av Norec kan vere eit enkeltståande prosjekt, eller ein kombinasjon med andre prosjekt der utveksling av arbeidskraft og kunnskap er eit nyttig bidrag til ein større heilskap.

Woldemariam peikar på at samarbeid mellom private aktørar og bistandsaktørar som Norec er avgjerande for å nå måla i 2030-agendaen.

– Målet med å støtte utveksling i næringslivet er at dei lærer av andre aktørar, og blir betre i stand til å utvikle løysingar for å møte dei globale utfordringane. Næringslivet har både evner og ansvar til å bidra til ei berekraftig framtid, seier Woldemariam.

 

Bilde av fire menn som samarbeidar ved ein laptop. Dei er ein del av prosjektet til Techbridge Invest, som er eit døme på korleis næringslivet bidrar til utvikling og berekraftsmåla.
TECHBRIDGE: Unge entreprenørar i Mombasa, Kenya, deltek i opplæring ved inkubatoren for unge bedrifter. Utvekslingsprosjektet viser korleis næringslivet bidreg til utvikling og berekraftsmåla.
Meir informasjon om tilskotsordninga
Send oss ein e-post
Søk om stønad her