Meir fagleg ekspertise, krysskulturell forståing, økt kreativitet og innovativ kraft. Dette er nokre av resultata av utveksling i offentleg sektor.

– Norske statlege etatar og institusjonar bør sende og ta i mot fleire tilsette på utveksling. Det vil framme FNs mål om berekraftig utvikling, meiner avdelingsdirektør i Norec, Marit Bakken.

Sidan år 2000 har Norec lagt tilsette for utveksling av rundt 10 000 personar i meir enn 60 land. Rundt 25 prosent av desse er frå offentlege institusjonar som sjukehus, universitet eller andre etatar. Dei resterande er frå sivilsamfunnsorganisasjonar og privat sektor.

Konsulentselskapet KPMG har på oppdrag av Norec laga ein rapport om kva skal lærdom som kan trekkast ut av erfaringane hittil med utveksling innan offentleg sektor. Målet er å lære meir om korleis ein oppnår langsiktige og berekraftige forbetringar – både på individ- og organisasjonsnivå.


Hovudfunn:

  • Tilsette som har vore med i det profesjonelle utvekslingsprogrammet har fått meir fagleg ekspertise, krysskulturell forståing, meir kreativitet og innovativ kraft og eit styrka sjølvbilete.
  • For at kunnskapsoverføringa frå individ til institusjon skal bli vellukka, må det vere ein klar samanheng mellom utvekslingsprogrammet og strategien til institusjonane.
  • Programmet må vere forankra hos mellom- og toppleiing, for å sikre at innhaldet er utvikla i tråd med strategien.
  • Gjensidigheit og langsiktigheit i partnarskapet er viktige suksessfaktorar, då det skapar tillit og gjensidig forståing om korleis utveksling tilfører begge samarbeidspartar kunnskap og kompetanse.


Ulik for nord og sør

Det er ikkje nytt at norske statlege institusjonar bidrar til å framme utvikling i andre land. Fleire norske helseføretak; OsloMet, Skatteetaten, Kartverket er blant dei som allereie er i gang. Noko av dette skjer gjennom program som Skatt for utvikling, Fisk for Utvikling og Olje for Utvikling, som ligg under Kunnskapsbanken i Norad.

Det som skil Norec frå andre aktørar som driv med utveksling, er gjensidigheitsprinsippet. Alle både sender og tek i mot tilsette. Rapporten stadfestar at dette prinsippet er ein nøkkelfaktor i kor vellukka prosjekta blir, men at det er ulikt kva organisasjonar i sør og nord får ut av samarbeidet.


Partnarorganisasjonar i sør melder om:

  • Betre integrasjon av nye arbeidsmetodar
  • Betre rutinar, struktur og system
  • Meir effektive og pålitelege institusjonar
  • Betre tenester grunna nytt utstyr/ny kunnskap om utstyret.

 

Partnarorganisasjonar i nord melder om:

  • Økt institusjonell kultursensitivitet
  • Betre arbeidsmetodikkar
  • Styrka arbeid med internasjonalisering og strategiar
  • Økt ekspertise og spesialisering


Tilrår fjerning av aldersgrense

KPMG understrekar at Norec sitt utvekslingsprogram er eit effektivt verktøy for offentlege institusjonar for å auke fagleg ekspertise, betre dei tilsette sin kulturelle forståing og for å styrke det internasjonale arbeidet i institusjonen. Dei har samstundes fleire tilrådingar for å få styrke dagens program.

– Majoriteten av partnarorganisasjonane manglar i dag klare strategiar og planar for å overføre kunnskapen deltakarane tileignar seg gjennom utvekslinga tilbake til organisasjonen. Det er eit behov for å utvikle systematiske tilnærmingar for kunnskapsdeling. Dersom dette kjem på plass, vil ein få større utbytte av utvekslingane, seier Elisabeth Fosseli Olsen, leiar for innovasjon i KPMG.

– Partnarane må også gje større rom for innovasjon. Kreativitet og innovasjon er viktige lærdommar hos den som er på utveksling. I dag manglar ein rammeverk for å kunne gjere endringar i heimorganisasjonen etter avslutta utveksling, seier Olsen.

KPMG rår også Norec til å gjere fleire justeringar. I dag kan ikkje deltakarar i Norec-prosjekt vere over 35 år. KPMG meiner at denne aldersgrensa bør fjernast.

– Det største hinderet for auka læring er Norecs aldersgrense på 35 år, sidan det hindrar relevante, erfarne og dyktige tilsette i offentlege institusjonar frå å delta i utveksling. Norec bør også etterstrebe mindre byråkrati, og meir dynamisk og fleksibel sakshandsaming, seier Olsen .


Ny strategi

Marit Bakken meiner rapporten gir eit godt grunnlag for å betre legge til rette for aktørar i offentleg sektor og deira internasjonale partnarskap.

– Norec tek med seg tilrådingane i det vidare arbeidet med implementeringa av vår nye strategi. Eitt av punkta i strategien er å tilby ei meir fleksibel og brukarretta ordning, slik at fleire har mogelegheit til å skape eigne erfaringar med gjensidig utveksling, seier Marit Bakken, avdelingsdirektør i Norec.