DataDrivenFinance fekk ein pangstart på satsinga i Kenya, takka vere Norec-tilskot.

– Utan Norec hadde vi aldri vore der vi er i dag. Norec-tilskotet tillet oss å rekruttere kvalifisert personell kjapt, og utvikle teknologien vår mykje raskare enn vi elles kunne gjort, seier Hunderi.

Dette førte til at DataDrivenFinance avanserte frå pilotfase til operasjonell skaleringsfase på rekordtid.

Hunderi er dagleg leiar i DataDrivenFinance AS (DDFinance), som for nokre år sidan satsa i Kenya. I dag har selskapet tre fast tilsette i Kenya. Alle med høg utdanning og god kompetanse innan forskjellige felt.

Nysgjerrig på ordninga? Klikk her for å lære meir om tilskotet og korleis det kan hjelpe bedrifta di

Rekrutterte nøkkelpersonell gjennom Norec-programmet

Då Hunderi vart kjend med tilskotet til Norec, var DDFinance heilt i pilotfasen. Dei visste kva dei ønskte å utvikle, og korleis dei ville utvikle det. Men dei måtte finne dei rette tilsette – og pengane til å betale dei løn medan selskapet kom seg opp og stå.

Å finne kompetent arbeidskraft kan vere krevjande når ein startar opp eit nytt selskap, særleg i utlandet.

– Då vi forstod kva ressursar som var tilgjengeleg gjennom Norec, tilpassa vi arbeidet vårt til kva vi kunne gjere i lag med dei. Vi fasa rett og slett Norec inn i arbeidet vårt, fortel Hunderi.

Arbeidsutveksling for unge under 35 år

Eit tilskot frå Norec vert brukt til å finansiere utveksling av unge arbeidstakarar.

– Vi støttar bedrifter, organisasjonar og institusjonar som ønskjer å jobbe aktivt med berekraftsmåla, fortel seksjonsleiar for næringsliv i Norec, Tehetena Woldemariam.

Arbeidsutvekslinga går mellom Noreg og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Bedrifter får moglegheit til å sende tilsette til samarbeidspartnarar i andre land for ein periode på seks til 12 månadar.

DDFinance brukte tilskotet til å rekruttere tre unge menneske frå Noreg, til kontoret i Nairobi. Samstundes rekrutterte dei tre unge menneske frå Kenya til kontoret i Bergen.

Alt i alt har dei administrert 17 Norec-deltakarar på arbeidsutveksling mellom Kenya og Noreg.

Tehetena Woldemariam, er seksjonsleiar for privat sektor i Norec. Ho peikar på at samarbeid mellom private aktørar og bistandsaktørar som Norec er avgjerande for å nå måla i 2030-agendaen.
POSITIV: Tehetena Woldemariam, seksjonsleiar for privat sektor i Norec. Ho peikar på at samarbeid mellom private aktørar og bistandsaktørar som Norec er avgjerande for å nå måla i 2030-agendaen.

Vart ein rekrutteringsfordel

Gjennom samarbeidet med Norec fekk dei tilført viktige folk til bedrifta, særleg innan teknologiutvikling/IT, analyse og kommunikasjon. Moglegheita til å jobbe i utlandet vart ein rekrutteringsfordel i jakta på dei beste folka.

– Vi oppdaga at mange unge, utdanna og gode kandidatar hadde eit ønske om å reise på utveksling. Norec-samarbeidet førte til at vi klarte å trekke til oss fantastiske talent, fortel Hunderi.

Gir betre arbeidsplassar

Norec har over 60 års erfaring med å legge til rette for at folk skal lukkast med å jobbe i utlandet. Norec har dokumentert at erfaring frå utveksling kan leie til betre arbeidsprosessar, innovasjon og ein sterkare kultur for læring og utvikling.

– Dei tilsette får verdifull internasjonal erfaring og nye perspektiv. Når dei returnerer etter utvekslingsopphaldet, har dei med seg ny kunnskap og nye ferdigheiter som kjem heile organisasjonen til nytte, seier Tehetena Woldemariam i Norec.

Bildene viser kundar som nyttar DDFinances mikroforsikring. Selskapet tilbyr rimeleg livsforsikring til menneske som elles ikkje ville hatt råd.
Bildet er tatt i Nairobi, Kenya. Ein mann instruerer kvinner i korleis dei kjøper seg rimeleg mikroforsikring.
Det norske selskapet DDFinance gjorde suksess då dei etablerte selskap i Norge og Kenya. Takka vere tilskot frå Norec tiltrakk dei seg riktig kompetanse. Selskapet tilbyr billig mikroforsikring til marginaliserte grupper i Kenya og Burundi.
Bildene viser kundar som nyttar DDFinances mikroforsikring. Selskapet tilbyr rimeleg livsforsikring til menneske som elles ikkje ville hatt råd.

Norec kan hjelpe næringslivet

Berekraftsmåla, eller 2030-agendaen, er ein verdsomspennande arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motverke ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. For å nå desse måla, trengst det nye former for partnarskap mellom offentlege og private aktørar.

Her kan Norec vere ei viktig brikke.

– Målet med å støtte utveksling i næringslivet er at dei lærer av andre aktørar, og blir betre i stand til å utvikle løysingar for å møte dei globale utfordringane. Næringslivet har både evner og ansvar til å bidra til ei berekraftig framtid, seier Woldemariam.

Eit utvekslingsprosjekt støtta av Norec kan gjerast på fleire måtar. Dette får ein moglegheit til å utforske saman med ein rådgivar i Norec i ei forundersøking.

Norec spelte ei avgjerande rolle

For DDFinance blei Norec ein viktig del av utviklinga. Selskapet har lukkast med mikrofinansbankar i Kenya og Burundi, og jobbar med å overføre denne suksessen til fleire mikrofinansbankar i Afrika.

– Vi segler i medvind for tida, og vi rettar ein stor takk til Norec som var ein solid partnar då vi trengde det som mest i startfasen, seier Hunderi.

Meir informasjon om støtteordninga
Send oss ein e-post
Søk om stønad her

Møt Norec i Arendal

Norec skal ha to arrangement under Arendalsuka:

 

Måndag 12. august, Den lille andunge

13.00 – 14.00: Dommedag for den demokratiske verdensordenen?

  • Tormod Nuland, Debattleder, Norec
  • Nikolai Hegertun, seniorrådgivar, Norad
  • Lise Rakner, Professor i statsvitskap, Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen
  • Ylva Bang, Internasjonal ansvarleg, KrFU
  • Arvinn Gadgil, Direktør, UNDP Governace Center
  • Roger Sevrin Bruland, Kommunikasjonsleiar, Norec

 

Tysdag 13. august, Den lille andunge

16.00 – 16.45: Kunsten å kome heim: Korleis forvaltar vi best krysskulturell kompetanse?

  • Roger Sevrin Bruland, Debattleiar, Norec
  • Jan Olav Baarøy, Direktør, Norec
  • Benedicte Giæver, leiar, NORCAP
  • Tellef Thorleifsson, Direktør, Norfund

Sissel Kruse, Strategisk kommunikasjonsrådgjevar, Natos generalsekretær