I 2019 vart Synnøve og Susanne prøvekaninar då Norec for første gong tok imot traineear frå Framtidsfylket. Fem år seinare reflekterer dei rundt opphaldet i Førde og Norec.

– Vi følte at vi fekk vere med på å forme korleis Norec jobbar med traineear, og opplevde at alle var opne for tilbakemeldingar og innspel. Det var ein veldig trygg og god start på arbeidslivet, seier Susanne Hoggen Kippersund og Synnøve Eikefet.

Heile 99 unge nyutdanna søkte på stillinga som trainee i Norec i 2019. Søkarane var så gode at Norec bestemte seg for å tilsette to traineear, og valet falt på Kippersund og Eikefet.

Snart har det gått fem år sidan dei starta i Norec. Korleis har det gått med dei?

Synnøve: Frå Norec til Helse- og omsorgsdepartementet

Då pandemien kom, måtte Norec stogge all utveksling. Det førte til ei lita omdisponering av enkelte tilsette, mellom anna Eikefet. Ho vart sendt til Utanriksdepartementet for å jobbe med global helse. Etter opphaldet i UD fekk ho jobb i Helse- og omsorgsdepartementet.

– Her jobbar eg med internasjonalt samarbeid og beredskap. Jobben er både spanande og meiningsfull. Eg får bidra til å gjere samfunnet betre, og eg likar godt at det er eit internasjonalt fokus, seier Eikefet.

Ho er klar på at erfaringa frå traineeprogrammet var verdifull for at ho hamna der ho er i dag.

– Som trainee fekk eg mykje ansvar tidleg. Eg fekk variert erfaring som gav meg ei veldig god start på karrieren. Det sosiale miljøet og dei gode kollegaane i Norec var også veldig sentralt for at eg treivst så godt, seier ho.

Susanne: Forskingsformidling om internasjonale utfordringar

Kippersund var trainee i kommunikasjonsavdelinga i Norec, og gjekk vidare til ein jobb som kommunikasjonsrådgivar i Skatteetaten. Ho trekker fram erfaring innan klarspråk, InDesign, arrangement, sosiale medium, nettsidepublisering og intranett som særleg verdifull.

I dag er ho tilsett ved Universitetet i Bergen (UiB), der ho jobbar med forskingsformidling knytt til globale samfunnsutfordringar på arrangementsarenaen Bergen Global. Erfaringa frå Norec, både kommunikasjonsarbeidet og det å jobbe med internasjonale spørsmål, var avgjerande for å få den jobben, forklarer Susanne.

– Den viktigaste lærdommen eg tok med meg frå Norec er ein ryggmarksrefleks om gjensidigheit. Det er kanskje ikkje så lett å sette på ein CV, men det bidrar til at eg er medviten på representasjon og maktbalansar. Det kjem eg til å ta med meg uansett kva jobb eg har i framtida, seier ho.

Oppmodar alle om å søke

Begge er tydelege i si anbefaling til andre unge nyutdanna: Søk som trainee i Norec!

– Vi har berre god erfaring med traineear, seier seksjonsleiar Øystein Garfors.

Dei siste åra er det seksjonen hans – kunnskap og læring – som har hatt trainee gjennom Framtidsfylket. Han synest det er givande å få lov til å vere med å introdusere ein ung arbeidstakar til arbeidslivet. At Norec, ved å ha trainee, også bidrar til eit variert og breitt arbeidsliv i Sunnfjord trekker han også fram som eitt av goda ved å ha trainee.

– Ikkje minst er det ein kjærkomen ressurs for oss. Unge og nyutdanna har gjerne eit ferskt blikk på jobben, og hos oss er det alltid bra å tenke heilt nytt, avsluttar han