Takk for meg!
4. mars 2026
Jan Olav Baarøy har hatt sin siste dag i direktørstolen i Norec.
Fredag 28. februar var min siste dag som direktør for Norec. Etter åtte år startar eg 1. mars som direktør ved Høgskulen i Volda.
Takk til dykk alle som har gjort det mogleg for Norec å leggje til rette for at over 13 000 unge menneske har hatt arbeidsutveksling i eit anna land dei siste 25 åra. Dei har møtt nye kollegaer og reist heim med ny innsikt, som dei igjen har delt med medarbeidarar og partnarar.
Eit moderat estimat er at kvar enkelt deltakar har hatt innverknad på ti andre gjennom det dei har lært. Då ser vi konturane av 130 000 menneske som har fått kunnskap om berekraftig utvikling i regi av Norec.
Legg vi til dei om lag 1 500 bedriftene, institusjonane og organisasjonane – med deira kundar og brukarar – som har sendt ut og teke imot unge menneske på utveksling, ser vi eit mangfald av yrke og land som har delt kompetanse for å gjere verda til ein betre stad i morgon enn i går, i regi av Norec.
Trass i alt som skjer i verda i dag, fungerer denne modellen for arbeidsutveksling svært godt, og resultata er tydelege. Både dei som reiser på arbeidsutveksling, og dei som sender og tek imot dei, rapporterer om auka kompetanse i samarbeid, rettleiing og coaching, og i å arbeide agilt og fleksibelt for berekraftige løysingar. Dette er eigenskapar vi treng i tida vi står i.
Norec vil i tida framover utvikle metodar for å hente inn strategiske framsyn frå partnarane våre i mange land. Dei representerer eit breitt lag av folket og vil gi oss innsikt i kva andre tenkjer om framtida, og korleis framtidsutsiktene ser ut der dei lever. Dette vil gi verdifull innsikt i vidare utvikling av arbeidet vårt innan evaluering, arbeidsutveksling og rekruttering til multilaterale organisasjonar.
Som verdas største multilaterale organisasjon står FN overfor formidable utfordringar – både i å løyse oppdraga dei har fått frå sine 193 medlemsland og i å handtere dei økonomiske kostnadene dette medfører. FN sin andre generalsekretær, Dag Hammarskjöld, sa i 1954 at FN ikkje vart skapt for å ta menneskeheita til himmelen, men for å redde henne frå helvete. Det er ei mager trøyst, men ei vi bør hegne om i dag, med dei framtidsutsiktene vi ser. Norec er ein stolt rekrutterar av nordmenn til FN.
I februar 2026 er det nøyaktig åtte år sidan Norec starta flyttinga frå Oslo til Førde, då vi gjekk frå å vere Fredskorpset (FK Norway) til Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec). Vi har gått frå 42 tilsette til i dag 60, og frå eitt oppdrag (arbeidsutveksling) til tre: rekruttering til multilaterale organisasjonar, arbeidsutveksling og ei uavhengig avdeling for evaluering av norsk utviklingsbistand.
Denne auken i oppdrag og tilsette er resultat av eit godt samarbeid med Utanriksdepartementet, som har satsa på Norec i Førde. Det er også eit resultat av ein region som tiltrekkjer seg dyktige medarbeidarar – og av kollegaer som gir råd og støtte til kvarandre for å gjennomføre samfunnsoppdraget Norec er gitt.
Eg ønskjer å takke alle som har vore med på denne reisa dei siste åtte åra.
Tusen takk for meg!
Jan Olav