– Folk vert bevisst på avfallshandtering, og dette tek dei med seg tilbake til sine lokalsamfunn.

JANUAR 2020: Det er laurdag morgon i Hoi An, Vietnam. Ved elvebreidden til Thu Bon River har 40 personar samla seg, som dei gjer kvar laurdag, for å renske elva for avfall. Ved hjelp av kajakkar, hanskar og spadar ryddar dei elva – plastpose for plastpose.

– Gjennom miljøkampanjar, utdanning og ikkje minst den fysiske ryddinga, er folk blitt meir bevisste på kva avfallet gjer med elva. Elva har gitt oss næring i tusenvis av år. No er tida komen for å byggge opp igjen det vi har øydelagt, fortel Minh, koordinator for ACCD.

Action for City Development (ACCD) blei oppretta I 2006 i Hanoi. Målsettinga den gong var å jobbe for ein meir berekraftig livsstil i byane i Vietnam. Mathygiene, trafikale utfordringar og berekraftige leike- og møteplassar stod øverst på agendaen.

I 2018 starta dei utvekslingssamarbeid med Udaudo Nepal, og dei er no inne i si tredje utvekslingsrunde. Kvar av dei to organisasjonane utvekslar fire deltakarar, og alle åtte er først tre månader i Nepal, deretter tre månader i Vietnam.

Utvekslinga har gitt organisasjonan ressursar nok til å iverksette nye prosjekt – eitt innan elverydding og eitt innan organisk landbruk. Prosjekt som hadde vore vanskeleg å gjennomføre utan utvekslingsdeltakarane.

– Utvekslinga gjer at vi alltid har åtte dedikerte personar – som alle tilfører noko nytt til prosjekta, fortel Minh.

Organisk landbruk for klode og lommebok
Huy Ong var deltakar i andre runde i 2019. Målet var å lære meir om deira metodar for fundraising, men det endra seg då han kom til Nepal.

– Eg vart svært inspirert av korleis nepalesarane nyttar naturen i aktivisertbasert turisme. Trass i dårleg utbygd internett og låg teknisk kompetanse, brukar dei historiefortelling på ein måte som tiltrekk turistane. Denne kunnskapen tok eg med meg tilbake til Vietnam og tilpassa det til vårt behov, fortel Huy.

Midt i Hoi An ligg gardsbruka som eit lappeteppe av grøne kvadratiske felt. Staten har gitt kvar bonde eitt mål land, som dei kan dyrke gratis i 50 år. Ved riktig samansetning av grønsaker og frukt, klarar dei å utnytte arealet maksimalt og sikre fleire avlingar årleg.

ACCD samarbeider i dag med ti bønder i Hoi An om å gjere produksjonen organisk. Sprøytemiddel er erstatta med kvitløk og andre sterke lukter for å halde insekta borte.

– Tidlegare tente vi årleg rundt 800 USD. No tener vi same beløp i månaden. Å jobbe organisk krev meir arbeid av oss, men det er også meir tilfredstillande. Det er større etterspurnad, vi sit igjen med meir og det er bra for miljøet, seier Ms Nam.

Landbruk har dei siste mange åra hatt nedadgåande rekruttering, og det er vanskeleg å tiltrekke seg unge til ein karriereveg som bonde.

– Det har vore svært ugunstig økonomisk å drive landbruk i Vietnam. Dette prøver vi å endre på. I tillegg til å jobbe med organisk lanbruk, fokuserer vi på å gje bøndene alternative inntektskjelder, fortel Huy.

Saman med andre frivillige har han laga eit turisttilbod om å besøke gardane. Nye nettsider kombinert med digital marknadsføring har gjort tilbodet svært populært, og 80 prosent av inntektene går direkte til bøndene.

– Det er lettare å få dei unge tilbake, dersom dei ser at det er lønsamt å drive med landbruk. Denne inntektsmodellen har dei nepalesiske deltakarane tatt med seg tilbake til bøndene i Nepal, fortel Huy.

Viktig rekruttering
Ved elvebredden er dei 40 frivillige ferdige med dagens ryddeøkt. Store lastebilar leverer avfallet til dei store hotellkjedene, som ACCD samarbeider med. Resultatet av ryddinga viser dei fram på ei eiga nettside, for å få inn sponsorar og fleire frivillige.

– Førebels er vi ikkje på eit nivå der vi ser resultatet av arbeidet. Men ryddinga gjer at fleire vert bevisste på avfallshandtering, som dei igjen tek med seg tilbake til sine lokalsamfunn. Vi vert fleire og fleire som jobbar med dette, og eg trur at vi vil sjå betring på sikt. Endring startar nedanfrå, og når alle gjer litt, oppnår vi resultat, fortel Minh.

Dei åtte deltakarane har nettopp starta på sine tre månader i Vietnam. Minh understrekar viktigheita av god rekruttering for å få størst mogeleg nytte av utvekslinga.

– Deltakarane blir svært godt kjende med kvarandre. Dei bur og lever saman i seks månader i to land, og veks mykje på det halvåret. Dei reiser tilbake til sine heimland med større kulturforståing, færre fordommar og viktig internasjonal erfaring, fortel Minh.

– Vi bruker lang tid på å finne dei riktige deltakarane i prosjektet. Mange har lyst, men vi vel personar som oppriktig ønsker å lære og å bidra når dei kjem tilbake etter endt utveksling. Personar som ønsker å bidra til endring i sine lokalsamfunn, seier Minh.

SEPTEMBER 2020: Så endra koronapandemien alt. Dei åtte deltakarane fekk kunne vere i Vietnam i ein månad, før pandemien sende dei tilbake til Nepal. Utvekslingar er førebels utsett på ubestemt tid, men dei jobbar framleis med delar av prosjekta.

– Bøndene driv framleis med organisk landbruk, men det er ikkje mogeleg å gjennomføre turistbesøk på gardane. Elveryddinga hadde vi i gang fram til juli, men så sette kravet om sosial distansering ein stoppar for arrangementa. Men planen er å starte opp igjen når verda opnar opp, fortel Huy.