Planlagte og pågående evalueringer
Her får du en oversikt over planlagte og pågående evalueringer
Om evalueringane våre
Avdeling for evaluering vel ut kva aktivitetar som skal evaluerast blant alle som får pengar frå det norske bistandsbudsjettet. Vi vurderer dette ut frå kva som er viktig, unikt eller risikofylt.
Kva vi planlegg å evaluere dei neste åra, står i evalueringsprogrammet.
Vi oppdaterer programmet kvart år, men det kan òg bli endra undervegs – til dømes viss det kjem ny informasjon, nye bistandstiltak, endringar i ressursar eller nye prioriteringar. Det betyr at nokre planlagde evalueringar ikkje blir gjennomførte, og at nye kan bli lagt til.
Dialog med partar i bistanden
Når vi lagar det fleirårige evalueringsprogrammet, inviterer vi til samtalar med ulike partar i bistandsarbeidet.
Avdelinga er uavhengig, og har i oppdrag å evaluere norsk bistand. Vi skal gi truverdige vurderingar som kan støtte læring, gi oversikt og bidra til gode avgjerder.
Vi evaluerer ikkje enkeltprosjekt, men ser på program, tema, strategiar og arbeidsmåtar som har breiare betydning. I samtalane får du høve til å dele synspunkt om viktige tema, utfordringar og moglegheiter – der globale eller systemiske evalueringar kan gi læring og bidra til betre bistand.
Vi vil òg vise korleis du kan involvere internasjonale samarbeidspartnarar i arbeidet. Innspelet ditt vil hjelpe oss å lage eit program som tek utgangspunkt i det som faktisk skjer og det som trengst mest.
Samtalane skjer etter Chatham House-reglane, som betyr at alle står fritt til å snakke ope utan at det blir sitert kven som sa kva.
Anbudsvarsling
Alle ordinære evalueringer blir lagt ut på internasjonalt anbud. Anbudene lyses ut på:
- Doffin – Den norske databasen for offentlige innkjøp
- EU-supply
- Tender European Daily
For enkelte typer studier av mindre omfang velger vi begrenset utlysning for å spare ressurser.
Avdeling for evaluering sender ut anbudsvarsling til interesserte når en evaluering blir lagt ut på anbud. Ønsker du å motta en slik varling, send en e-post til avdeling for evaluering. Du kan også melde deg på avdelingens nyhetsbrev.
Fann du det du leita etter?
Takk for tilbakemeldinga!
Takk for tilbakemeldinga!