Hopp til hovudinnhald
Arbeidarar i gang med å utvinne material frå ee-avfall på ein av verkstadane til WEEE-senteret

Få støtte til det internasjonale prosjektet ditt

Klar for å gi bedrifta di eit løft gjennom internasjonal arbeidsutveksling?

Norec er ein statleg etat under Utanriksdepartementet. Vi gir tilskot til at bedrifter, organisasjonar og institusjonar kan sende og ta i mot tilsette på arbeidsutveksling mellom Noreg og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

Med eit tilskot frå Norec til arbeidsutveksling kan bedrifta di:

  • Lære meir: Utveksle kunnskap, ekspertise og bestepraksis med bedrifter i andre land
  • Bli meir mangfaldig: Få ny innsikt fra dei skarpeste hovuda frå andre land
  • Auke effektiviteten: Fleire tilsette gir større kapasitet i bedrifta
  • Utvide nedslagsfeltet: Få tilgang til heilt nye marknadar og nettverk

Les korleis andre har brukt tilskot frå Norec til å nå måla sine

Spørsmål og svar om arbeidsutveksling

  • Kven kan søke tilskot?

    Norec støttar internasjonale partnarskap i og mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Norge. Vi tar imot søknadar frå frivillige organisasjonar, offentleg sektor og privat sektor. Søkarane må halde til i Norge eller eitt eller fleire av Norec sine samarbeidsland. 

  • Kva dekkar tilskotet?

    Tilskotet dekker alle utgifter du har knytt til sjølve utvekslinga – reise, opphald, løn, forsikring. Ein får også utbetalt ein sum som skal dekke administrasjonskostnadar.

    Bedriftene får også tilskot til at både arbeidsgjevar og tilsette som skal på utveksling får reise på førebuingskurs før utvekslingsprosjektet startar. Vi held også kurs for tilsette etter at utvekslinga er ferdig.

  • Kva er ei arbeidsutveksling?

    I over 20 år har Norec gitt tilskot til at bedrifter og organisasjoner sender tilsette på arbeidsutveksling mellom seg. Utvekslinga føregår mellom Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

    Det er enklast å forklare med eit eksempel:

    Eit sjukehus i Norge har ei samarbeidsavtale med eit sjukehus i India. Dette kallar vi eit partnarskap. Ein ung indisk sjukepleiar og ein ung norsk sjukepleiar byter plass for eitt år. Dette kallar vi utveksling.

    Medan dei er på utveksling, opplever sjukepleiarane både utfordringar, meistring, oppturar og nedturar. Dei får nye ferdigheiter, lærer eit nytt språk og opplever ein annan kultur. Kort fortalt lærer dei mykje om både yrket sitt og seg sjølv.

    Vel heime brukar dei alt dei har lært til å gjere sjukehuset dei jobbar på betre til å levere helsetenester i lokalsamfunnet.

    Før, undervegs og etter utvekslinga tilbyr Norec kurs og rettleiing for både sjukepleiarane som reiser på utveksling og leiarane deira. Slik får alle partar maksimal læring ut av utvekslinga. 

  • Kven kan reise på utveksling?

    Tilskotet til Norec for utveksling er i hovudsak mynta på unge arbeidstakarar under 35 år.

    Dei som reiser på utveksling – utvekslingsdeltakarane – må anten vere tilsette i bedrifta, eller rekruttert inn for utvekslinga spesielt.

    Vi kan åpne for unntak fra aldersgrensen under visse forutsetninger.

    Norec har i utgangspunktet inga avgrensing på kor mange deltakarar du kan sende samtidig. Det vil vere ei individuell vurdering av prosjektet.

  • Kva land kvalifiserer til støtte?

    Tilskotet til Norec går til spesifikke land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Sjå fullstendig liste ved å følge linken nedanfor. 

    Dersom de er tre eller fleire bedrifter/organisasjonar eller institusjonar som samarbeider, kan vi gi unntak frå landlista dersom to av landa kvalifiserer.

  • Korleis finn eg ei bedrift/organisasjon å utveksle med?

    Dessverre har ikkje Norec kapasitet til å finne relevante samarbeidspartnarar for bedrifter og organisasjonar som ønsker utveksling.

    Vi jobber med å få på plass ein digital portal der du kan leggje igjen kontaktinformasjon, men denne er ikkje klar før tidlegast seinhaust 2024.

    Dersom du ikkje har ei bedrift eller ein organisasjon i nettverket ditt, anbefalar vi deg å sjølv undersøke kva som finst av bedrifter i utlandet som er gode på akkurat det du ønsker å lære, og ta kontakt med dei direkte.

  • Kva er Norec?

    Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er Norges einaste kompetansesenter for internasjonale utvekslingssamarbeid. Som ein etat under Utanriksdepartementet er vi ein del av Norges samla innsats for å nå FNs berekraftsmål.

    I hovudsak gir vi tilskot slik at arbeidsplassen din kan sende tilsette på utveksling til eit anna land, samtidig som arbeidsplassen din også tek imot ein tilsett.

    Verkemiddelet vårt er gjensidig utveksling. Det vil sei at vi arbeider med internasjonale partnarskap som ønsker å bruke utveksling til å lære av kvarandre og utvikle seg.

    Vi jobber også med:

    • Å få fleire nordmenn inn i FN og andre internasjonale organisasjonar som er strategisk viktige for Norge
    • Forvalte eit nettverk av tidlegare utvekslingsdeltakarar
    • Gir tilskot til at norske politiske parti og ungdomsparti kan jobbe med demokratiutvikling i utviklingsland.

Kvalifiserer du til dette tilskuddet?

Norec har fire absolutte krav som avgjør om du kvalifiserer til å motta tilskudd til arbeidstuveksling. Klikk deg gjennom testen nedenfor. Det hele tar bare et minutt.

Ta testen her

Komande søknadsfrister

10 fordelar med utveksling

  • 1. Få tilpasningsdyktige og motiverte tilsette

    Tilsette som har jobba i utlandet vert drilla i å tenke utanfor boksen. Dei er nytenkande som resultat av opphaldet. Vi veit ein endrar haldningar, får auka kulturell forståing og nye verdiar av å bu og jobbe i eit anna land.

  • 2. Sjå på organisasjonen med friskt blikk

    Ved å ha tilsette frå ei partnarbedrift på utveksling, får du nye idear og oppmuntrar resten av organisasjonen til å tenke utanfor boksen. Dette er ein fordel både for den tilsette og for bedrifta: nytenking skapar grobotn for meir innovasjon.

  • 3. Lær om nye marknader

    Ved å etablere deg I nye marknadar, kan du få konkurransefordelar. Om konkurrentar ikkje allereie jobbar i landet du har peika deg ut, har du fordelen av å vere først ute og etablere merkevara di. Gjennom partnarskapet får de eit breiare nettverk og verdfull innsikt om marknaden de satsar i.

  • 4. Få auka internasjonal eksponering

    Bli ein del av Norec sitt globale nettverk. Vi har over 200 partnarorganisasjonar vi samarbeider med, som sit på mengder av kunnskap og kontaktar. Norec arrangerer partnarmøter, kurs og alumninettverk, som alle våre partnarar får tilgang til.

  • 5. Gjer bedrifta di attraktiv for nye tilsette

    Utvekslingsmuligheiter kombinert med eit samfunnsansvarleg omdøme er gull verdt for rekruttering. Deltakarane får ny kunnskap, motivasjon, nye perspektiv og eit utvida nettverk. I tillegg kan det nyttast som ein utviklingspremie for særeigen innsats.

  • 6. Bli betre på kommunikasjon og internasjonal forståing

    Internasjonal kompetanse ligg på fleire nivå; frå kunnskap om andre land, kulturar, styreformer og forretningsmetodar, til evna til å sjå verda og faget sitt i ein global kontekst.

  • 7. Redusér risikoen for di internasjonale satsing

    Gjennom partnarskapet blir du kjend med landet du satsar i, og får inngåande kunnskap om landskap og risiko. Og når du kan å lese omgjevnadene, går risikoen ned.

  • 8. Bli ein del av løysinga, ikkje problemet.

    Dei beste hovuda tenker grønt og framtidsretta. Ved å vise at du tek samfunnsansvar og bryr deg om internasjonale forhold, er du ein meir attraktiv arbeidsgjevar.

  • 9. Sjå faget ditt med nye auge

    Kanskje finst løysinga på ditt problem på eit anna kontinent?

  • 10. Ver med på eit eventyr

    Det er utanfor komfortsona ein utviklar seg og får den største oppsida. Og for dei som framleis er i tvil – det største potensialet ligg i det globale sør.

Historier frå andre Norec-støtta prosjekt