– Publikasjonen er den første av fleire vi vil komme med som kompetansesenter for utvekslingssamarbeid, seier Helge Espe, seniorrådgjevar og ansvarleg for analyse og evalueringar i Norec.
Rapporten «Kva veit vi om utveksling for utvikling? Utveksling, læring og organisasjonskunnskap» er utført av britiske Cliff Allum på oppdrag frå Norec. Allum har gjennomgått alle evalueringar, undersøkingar og rapportar som er gjort av Fredskorpset sidan 2002.
– Det er mykje som må vere på plass for at ein skal lukkast med utveksling som metode for læring og utvikling. Funna i denne rapporten legg grunnlaget for noko av det vi skal jobbe med som kompetansesenter, seier direktør i Norec, Jan Olav Baarøy.
T.v.: Direktør Jan Olav Baarøy, programdirektør Marit Bakken og seniorrådgjevar Helge Espe i Norec. T.h.: Forsida på rapporten som vert lansert 7. februar.
Oppsummering av rapporten
Dei partnarorganisasjonane som best legg til rette for læring gjennom utveksling har visse fellestrekk:
Fire hovudpunkt
Partnarane som utvekslar deltakarar mellom land i sør lærer mest av kvarandre. Dei dreg nytte av eit meir balansert maktforhold, like verdiar, samt fokus på nettverk innanfor og utanfor organisasjonen.
Norske partnarar har ikkje alltid forstått læringspotensialet som ligg i utvekslingane. Graden av utbyte har i stor grad vore knytt til korleis deltakarane er tatt imot og integrert også utanfor arbeidsplassen.
Dei partnarane som heile tida forbetrar og tilpassar korleis dei rekrutterer deltakarar får mest ut av læringa.
Organisasjonar med internt rekrutterte deltakarar lærer mest når deltakaren kjem attende etter utvekslinga. Ein viktig faktor her er å sikre at den tilsette blir verande i organisasjonen.
Heilskap
Fredskorpset har samla mykje kunnskap gjennom studier, evaueringer og rapportar dei siste 17 åra. Dei har vore dyktige til å ta til seg informasjonen, og tilpasse seg den læringa desse har gitt.
Det har til tider vore fokusert mykje på det som kan verke som spenningar; om fokus bør vere på den enkelte deltakaren eller organisasjonane i nord eller sør.
Modellen til Norec forstår ein best dersom ein ser heile systemet, med deltakar, partnar, samarbeid og samfunnet dei er ein del av, samla.
Norec
Postboks 461, 6803 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 2, 6800 Førde
Telefon: 57 99 00 00
E-post: norec@norec.no
Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon
Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon