Ei internasjonal arbeidsutveksling finn stad mellom to eller fleire organisasjonar, bedrifter eller ein institusjonar som samarbeider i eit partnarskap. Utvekslinga kan føregå mellom Norge og utvalde land i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

Det forklarast enklast med eit døme:

  • Eit sjukehus i Norge har ei samarbeidsavtale med eit sjukehus i India. Dette kallar vi eit partnarskap.
  • Ein ung indisk sjukepleiar og ein ung norsk sjukepleiar byter plass for eitt år. Dette kallar vi arbeidsutveksling.

Medan dei er på utveksling, opplever sjukepleiarane både utfordringar, meistring, oppturar og nedturar. Dei får nye ferdigheiter, lærer eit nytt språk og opplever ein annan kultur. Kort fortalt: Dei lærer mykje om både yrket sitt og seg sjølv.

Vel heime brukar dei alt dei har lært til å gjere sjukehuset dei jobbar på betre til å levere helsetenester i lokalsamfunnet sitt.

Før, undervegs og etter utvekslinga tilbyr Norec kurs og rettleiing for både sjukepleiarane som reiser på utveksling, og arbeidsgivaren deira. Slik får alle partar maksimal læring ut av utvekslinga.