Hopp til hovudinnhald

Forundersøking

Om forundersøkinga

Første steg i alle utvekslingsprosjekt Norec støttar er ei forundersøking. Forundersøkinga må vere ferdig og godkjend før partnarane kan søke om ein samarbeidsavtale.

  • Søknadsfrist: 15. august 2024.

Gå til søknadsskjema

 

  • Dette skjer under forundersøkinga

    • Deltaking på eit digitalt introseminar som Norec arrangerer 
    • Eit partnarmøte for å identifisere potensialet for samarbeid mellom partnarane og utarbeide ein søknad om eit utvekslingsprosjekt i regi av Norec (digitalt, fysisk eller ein kombinasjon) 
    • Andre møte med Norec etter avtale 
    • Utvikling av rutinar for kommunikasjon og avgjerdstaking i partnarskapet 
    • Utarbeiding av aktivitetsrapport (A03) og økonomisk rapport (A04) for forundersøkinga 
    • Utarbeiding av søknad til Norec om samarbeidsavtale 
  • Etter forundersøkinga har partnarskapet

    • lært meir om Norec, aktuelle tilskot, Norec-modellen og -verdiar, og kva plikter eit utvekslingsprosjekt medfører 
    • utvikla samarbeidet mellom dei ulike partnarane, blitt betre kjende og fått innsikt i roller og ansvarsområde i eit slikt samarbeidsprosjekt 
    • identifisert potensielle gevinstar, moglegheiter og risikoar i eit eventuelt samarbeid om eit utvekslingsprosjekt 
    • utvikla prosjektideen og lært korleis ein lagar ei god prosjektbeskriving 
    • utarbeidd ein søknad om ein samarbeidsavtale 

Kven kan søke?

Norec støttar internasjonale partnarskap i og mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg. Søkarane må halde til i Noreg eller i eitt eller fleire av Norec sine samarbeidsland.

Vi tek i mot søknader frå:

  • Frivillige organisasjonar
  • Offentleg sektor
  • Privat sektor
  • Multilateriale og globale organisasjonar

Før du søker må du lese utlysninga for 2024/2025.

 

  • Krav til søkarane

    • Vere ei juridisk eining 
    • Ha ein samarbeidspartnar i eitt av Norecs sine samarbeidsland.
    • Ha nødvendig fagleg og administrativ kompetanse og kapasitet til å gjennomføre prosjektet 
    • Ha ein realistisk prosjektidé som kan utviklast vidare gjennom forundersøkinga 
  • Dette vurderer Norec om søkarane er i stand til

    • Følge opp og støtte tilsette som er på utveksling 
    • Samarbeide godt i eit partnarskap 
    • Oppnå resultat 
    • Forvalte prosjektet økonomisk 

Søknadsskjema

Søknaden om forundersøking består av følgande dokument:
Dokumenta kan ikkje vere passordbeskytta.

I tillegg må følgande dokument leggast ved søknaden:

  • firmadokumentasjon 
  • signaturrettar 
  • vedtekter 
  • nyaste reviderte og konsoliderte årsrekneskap 
  • nyaste årsrapport 
  • eigenerklæring om organisatoriske forhold og praksisar (E19) 
  • gyldig firmadokument for revisjonsfirmaet som skal revidere Norec-midlane (berre aktuelt viss tilskotet utgjer over 100 000 kr) 

Send alle dokumenta til programrådgivaren dykkar i Norec. Dersom de ikkje har vore i kontakt med Norec før, kan de sende dokumenta til norec@norec.no. 

Rettleiing

Her finn du praktisk rettleiing om planlegging, gjennomføring og rapportert av eit utvekslingsprosjekt. Bruk denne når du fyller ut søknaden.

Rapportering

Når forundersøkinga er fullført, må partnarskapet rapportere resultata. De må sende inn to rapportar:

 Send rapportane direkte til programrådgivaren dykkar i Norec. Rapportane må godkjennast før Norec kan behandle ein søknad om samarbeidsavtale for eit utvekslingsprosjekt.