Forundersøking
Om forundersøkinga
Første steg i alle nye utviklingsprosjekt som Norec støttar, er ei forundersøking med potensielle partnarar. Under forundersøkinga møtest partnarane for å utarbeide ein søknad om eit utvekslingsprosjekt. Forundersøkinga må vere ferdig og godkjend før partnarane kan søke om ein samarbeidsavtale.
Forundersøkinga omfattar:
- deltaking på eit digitalt introseminar som Norec arrangerer
- eit partnarmøte for å identifisere potensialet for samarbeid mellom partnarane og utarbeide ein søknad om eit utvekslingsprosjekt i regi av Norec (digitalt, fysisk eller ein kombinasjon)
- andre møte med Norec etter avtale
- utvikling av rutinar for kommunikasjon og avgjerdstaking i partnarskapet
- utarbeiding av aktivitetsrapport (A03) og økonomisk rapport (A04) for forundersøkinga
- utarbeiding av søknad til Norec om samarbeidsavtale
Etter forundersøkinga, har partnarskapet:
- lært meir om Norec, aktuelle tilskot, Norec-modellen og -verdiar, og kva plikter eit utvekslingsprosjekt medfører
- utvikla samarbeidet mellom dei ulike partnarane, blitt betre kjende og fått innsikt i roller og ansvarsområde i eit slikt samarbeidsprosjekt
- identifisert potensielle gevinstar, moglegheiter og risikoar i eit eventuelt samarbeid om eit utvekslingsprosjekt
- utvikla prosjektideen og lært korleis ein lagar ei god prosjektbeskriving
- utarbeidd ein søknad om ein samarbeidsavtale
Søknadsfrist forundersøking: 1.mars og 15. august.
Kven kan søke?
Norec støttar internasjonale partnarskap i og mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg.
Vi tek i mot søknader frå:
- Frivillige organisasjonar
- Offentleg sektor
- Privat sektor
- Multilateriale og globale organisasjonar
Søkarane må halde til i Noreg eller i eitt eller fleire av Norec sine samarbeidsland.
Søkaren må:
- vere ei juridisk eining
- ha ein samarbeidspartnar i eitt av Norecs sine samarbeidsland.
- ha nødvendig fagleg og administrativ kompetanse og kapasitet til å gjennomføre prosjektet
- ha ein realistisk prosjektidé som kan utviklast vidare gjennom forundersøkinga
Norec vil vurdere om søkarane er i stand til å:
- følge opp og støtte tilsette som er på utveksling
- samarbeide godt i eit partnarskap
- oppnå resultat
- forvalte prosjektet økonomisk
Slik søker de:
Søknaden om forundersøking består av følgande dokument:
Dokumenta kan ikkje vere passordbeskytta.
Les gjennom retningslinjene (G01) før de sender inn søknaden.
I tillegg må følgande dokument leggast ved søknaden
- firmadokumentasjon
- signaturrettar
- vedtekter
- nyaste reviderte og konsoliderte årsrekneskap
- nyaste årsrapport
- eigenerklæring om organisatoriske forhold og praksisar (E19)
- gyldig firmadokument for revisjonsfirmaet som skal revidere Norec-midlane (berre aktuelt viss tilskotet utgjer over 100 000 kr)
Send alle dokumenta til programrådgivaren dykkar i Norec. Dersom de ikkje har vore i kontakt med Norec før, kan de sende dokumenta til norec@norec.no.
Rapportering
Når forundersøkinga er fullført, må partnarskapet rapportere resultata. De må sende inn to rapportar:
Send rapportane direkte til programrådgivaren dykkar i Norec. Rapportane må godkjennast før Norec kan behandle ein søknad om samarbeidsavtale for eit utvekslingsprosjekt.